Medlemsmøte 7 febr 2024 med Arild Solberg
Sykkylven Rotary Klubb, møte 07. februar 2024 i Banksalen.
Referat.
1. Past-President Knut Molnes opna møtet, som vikar for president Knut-Henning. Han ønska velkommen til klubbmedlemmene og gjest Arild Solberg. Knut tende eit lys for fred i verda, etter verdspresidenten sitt motto: «Create Hope In The World». Så introduserte han «klubbtrubadur» Olav P, som…
2. …leia allsongen, - spesielt utplukka i høve dronefotograf Arild Solberg sitt foredrag. «Kjenn ditt land-sangen» - Fra mitt trange, mitt stengende bur vil jeg ut i Guds frie natur. Jeg vil lære å kjenne mitt land, i fra Neset til Ishavets strand…» - ein song, nesten som skreddardikta til arbeidet som Arild driv med: å fotografere store deler av Noreg i drone-perspektiv; sett frå lufta.
3. Sekretær Steinar Klokk refererte statistikk frå forrige møte, den 24. januar. 63% frammøte. Tillyst møte 28. januar vart utsett, på grunn av «Ingunn» - uvêret som sette vårt distrikt i unntaks-modus for nokre hektiske og uvanlege timar.
4. 3-minutt var også ved Steinar K.: Omorganisering i kommunen, - frå 2005 med 3-nivå som skulle endrast til 2-nivå: Rådmannen, no Kommunal-direktøren saman med sine 3 avdelings/ kommunal-sjefar på det eine nivået. Andre nivået blei då alle einingane som sine eigne, sjølvstyrte eingar. Dette betydde stor skilnad; frå den minste barnehagen med 7 årsverk, til «dei store», med 50-100 årsverk. (BUAS, ungdomsskulen, o.fl.) Ny omorganisering i prosess frå desember 2022 til juni 2023. For barnehagane medførte dette frå august -23 ei samanslåing til ei eining, der Steinar K. fekk jobben som einingsleiar for 50 tilsette, og med ca. 30 mill. kroner på budsjettet. Felles raud tråd: at alle barnehagane jobbar etter dei same verdiane mot dei same måla.

5. Pause: mat og prat.
6. Dronefotograf Arild Solberg fortalde om arbeidet sitt: å fotografere eller videofilme, etter oppdrag eller på eige initiativ – året rundt. Med foto som passion/ lidenskap i 35 år! Begynte å ta bilete som 8-åring. «Oppi lufta» frå 2008. Fotograferer og programmerer sjølv. Først med helikopter- «plattform», etter som dronene på den tida (2011) ikkje var bra nok. Oppdragsgjevar Statens Vegvesen har dei siste ti åra sytt for at Arild har nok objekt å filme/ fotografere. Også kulturavdelingar på fylkes- og nasjonalt nivå har oppgåver for Arild. Kvart av bileta er på ca 3 GB (Giga-byte = 3 milliardar bytes) I Noreg er det 300 drone-pilotar i den tyngste/ beste klassen. Arild er ein av desse. Han har løyve til å føre droner til 7000 m høgde over bakken. Alt blir fotografert opp mot GPS, slik at nøyaktig biletposisjon blir lagra. Når han så linkar posisjonane opp mot eit kart eller bilete, får han opp supplerande bilete frå same staden. Dette er å programmere opptaka – noko som er betydeleg meir tidkrevjande enn sjølve fotograferinga. Resultatet er rett og slett forvitneleg,- og det kan nytast på www.360aircam.com, http://360norway.net eller på www.arildsolberg.com om ein vil ha kontakt. Det er berre å setje seg ned og «leike seg heime», i følgje Arild. Den same opplevinga får ein i alle deler av verda, berre ein har nettverk. På Arild sine nettsider er alt ope og gratis, anten du vil nyte naturen i Noreg eller nordlyset som flammar over himmelen. «Hadde eg fått velje yrke ein gong til, ville eg ha valt akkurat det same!»
7. Til slutt takka presidentvikar Knut for den særs interessante informasjonen som Arild ville dele med oss. Ei lita gåve frå klubben skifte eigar, og så var det takk for i kveld og vel heim.

Dr




Referent: Olav Pileberg
13. juni 2017
Kjell Løseth fortel om identitetstjuveri.
Les referat frå møte i SRK der Kjell fortel om identitetstjuveri og mester -identitetstjuv Viggo Johan Ørbak.
22. april 2017
Vårt nye medlem Sindre Stuen heldt sitt Egoforedrag 19. april.
Les Sindre sitt foredrag frå eit spennende liv både til lands og til vanns.
8. april 2017
Visepresidenten sin time 5. april.
Les kva visepresident Bastian hadde å fortelle frå Presidentkurset (PETS) på Dombås 1. og 2. april. Les også kva sokneprest Helge fortalte om sin situasjon etter oppseiinga av sin jobb som prest.
1. april 2017
Fredrik Støyva Emblem frå Ålesund Kunnskapspark (åkp)besøker Sykkylven Rotaryklubb
Les referat frå det interessante og framtidsretta foredraget som Fredrik heldt 29. mars i Sykkylven Rotaryklubb.
25. mars 2017
Marit Akslen besøker Sykkylven Rotaryklubb.
Les referat frå Tekstilkunstner Marit Akslen sitt besøk i Sykkylven Rotaryklubb der ho presenterer sin kunst
17. mars 2017
På besøk hos Torunn Kjemphol og hennar Galleri 2K
Les referat og sjå bilder frå vårt besøk hos Torunn Kjemphol og Galleri K2 i Tusvika.
10. mars 2017
Steinar Klokk held sitt ego/yrkesforedrag
Les referat frå Rotarymøte på Kvinnedagen 8. mars og spesielt vår nye medlem Steinar Klokk sitt flotte ego/yrkesforedrag.
23. februar 2017
Bedriftsbesøk hos Ove Straumsheim Glas og Fasader
Les om Sykkylven Rotaryklubb sitt flotte og interessante besøk hos Ove Glas og Fasader på "Tangholmen" i Straumgjerde.
18. februar 2017
Velferdsteknologi ved komunalsjef Eli Otterlei
Les referat frå kommunalsjef Eli Otterlei sitt flotte og grundig foredrag om velferdsteknologi