Medlemsmøte 7 febr 2024 med Arild Solberg

Sykkylven Rotary Klubb, møte 07. februar 2024 i Banksalen.

Referat.

1.    Past-President Knut Molnes opna møtet, som vikar for president Knut-Henning. Han ønska velkommen til klubbmedlemmene og gjest Arild Solberg. Knut tende eit lys for fred i verda, etter verdspresidenten sitt motto: «Create Hope In The World». Så introduserte han «klubbtrubadur» Olav P, som…

2.    …leia allsongen, - spesielt utplukka i høve dronefotograf Arild Solberg sitt foredrag. «Kjenn ditt land-sangen» - Fra mitt trange, mitt stengende bur vil jeg ut i Guds frie natur. Jeg vil lære å kjenne mitt land, i fra Neset til Ishavets strand…» - ein song, nesten som skreddardikta til arbeidet som Arild driv med: å fotografere store deler av Noreg i drone-perspektiv; sett frå lufta.

3.    Sekretær Steinar Klokk refererte statistikk frå forrige møte, den 24. januar. 63% frammøte. Tillyst møte 28. januar vart utsett, på grunn av «Ingunn» - uvêret som sette vårt distrikt i unntaks-modus for nokre hektiske og uvanlege timar.


4.    3-minutt var også ved Steinar K.: Omorganisering i kommunen, - frå 2005 med 3-nivå som skulle endrast til 2-nivå: Rådmannen, no Kommunal-direktøren saman med sine 3 avdelings/ kommunal-sjefar på det eine nivået. Andre nivået blei då alle einingane som sine eigne, sjølvstyrte eingar. Dette betydde stor skilnad; frå den minste barnehagen med 7 årsverk, til «dei store», med 50-100 årsverk. (BUAS, ungdomsskulen, o.fl.) Ny omorganisering i prosess frå desember 2022 til juni 2023. For barnehagane medførte dette frå august -23 ei samanslåing til ei eining, der Steinar K. fekk jobben som einingsleiar for 50 tilsette, og med ca. 30 mill. kroner på budsjettet. Felles raud tråd: at alle barnehagane jobbar etter dei same verdiane mot dei same måla.

5.    Pause: mat og prat.

6.    Dronefotograf Arild Solberg fortalde om arbeidet sitt: å fotografere eller videofilme, etter oppdrag eller på eige initiativ – året rundt. Med foto som passion/ lidenskap i 35 år! Begynte å ta bilete som 8-åring. «Oppi lufta» frå 2008. Fotograferer og programmerer sjølv. Først med helikopter- «plattform», etter som dronene på den tida (2011) ikkje var bra nok. Oppdragsgjevar Statens Vegvesen har dei siste ti åra sytt for at Arild har nok objekt å filme/ fotografere. Også kulturavdelingar på fylkes- og nasjonalt nivå har oppgåver for Arild. Kvart av bileta er på ca 3 GB (Giga-byte = 3 milliardar bytes) I Noreg er det 300 drone-pilotar i den tyngste/ beste klassen. Arild er ein av desse. Han har løyve til å føre droner til 7000 m høgde over bakken. Alt blir fotografert opp mot GPS, slik at nøyaktig biletposisjon blir lagra. Når han så linkar posisjonane opp mot eit kart eller bilete, får han opp supplerande bilete frå same staden. Dette er å programmere opptaka – noko som er betydeleg meir tidkrevjande enn sjølve fotograferinga. Resultatet er rett og slett forvitneleg,- og det kan nytast på www.360aircam.com, http://360norway.net eller på www.arildsolberg.com om ein vil ha kontakt. Det er berre å setje seg ned og «leike seg heime», i følgje Arild. Den same opplevinga får ein i alle deler av verda, berre ein har nettverk. På Arild sine nettsider er alt ope og gratis, anten du vil nyte naturen i Noreg eller nordlyset som flammar over himmelen. «Hadde eg fått velje yrke ein gong til, ville eg ha valt akkurat det same!»

7.    Til slutt takka presidentvikar Knut for den særs interessante informasjonen som Arild ville dele med oss. Ei lita gåve frå klubben skifte eigar, og så var det takk for i kveld og vel heim.









Dr




Referent: Olav Pileberg


 
President i SRK 2016-2017. Klubben har passert 60 år.

7. juli 2016

President i SRK 2016-2017. Klubben har passert 60 år.

Ny president i Sykkylven Rotary Klubb 2016-2017 er Steven Blindheim. Presidentskiftet var 29. juni, og 6. juli leia Steven sitt første ordinære rotarymøte. Mellom anna orienterte han om klubben, som nettopp har passert sine 60 år. Charterdato er 5. juli.

Rico Bil AS: Blomstrande bedrift med bil i fokus!

4. juli 2016

Rico Bil AS: Blomstrande bedrift med bil i fokus!

Bedriftbesøk til Rico Bil AS i Ålesund sto på programmet 13. april 2016. Vi vart tekne særs godt i mot av dagleg leiar Jorunn Lundanes og noverande konsulent Fred J. Rishaug. Han grunnla bedrifta i 1988 og sto for leiinga til 2014 då Jorunn tok over.

Bedriftsbesøk til Nyborg AS

27. juni 2016

Bedriftsbesøk til Nyborg AS

Sykkylven Rotary Klubb: Bedriftsbesøk 15. juni 2016 hos Nyborg AS, Sykkylven. http://nyborgfan.com/ Bedrifta produserer vifter og utstyr til ventilasjon i skip, oljeplattformer og alle leveransane blir "skreddarsydde" etter kunden sine behov.

Gardsbesøk

28. mai 2016

Gardsbesøk

Gardsbesøk 25. mai hosBastian

Dugnad i Kyrkjeparken

3. mai 2016

Dugnad i Kyrkjeparken

Kyrkjeparken i Sykkylven, ei perle i sentrum!
Service Above Self – Å gagne andre – kjem av og til ekstra godt til syne hos medlemmene i Sykkylven Rotary Klubb. Til dømes på den årvisse dugnaden i Kyrkjeparken.

Sykkylven Næringsutvikling

24. februar 2016

Sykkylven Næringsutvikling

I dag hadde vi besøk av Jarle Strømmegjerde som heldt et interessant foredrag om SNU og aktivitetane der. Sjekk gjerne denne heimesida: http://www.skaparglede.no

InterCitymøte  på Berlihuset

20. oktober 2015

InterCitymøte på Berlihuset

Onsdag 14,. oktober hadde vi besøk av guvernør Odd Jarle Hagen og ass. guvernør John Stenes

KK-Seminar/ Klubb Kompetanse Seminar, Ålesund

21. mars 2015

KK-Seminar/ Klubb Kompetanse Seminar, Ålesund

Distrikt 2305 inviterte tillitsvalde i klubben til seminar 21.mars 2015, på Quality Hotel Waterfront i Ålesund. Biletet viser samlinga i plenum før lunsj.