Rotary-dugnad i Kyrkjeparken
«Kom mai, du skjønne, milde…» Mai er månaden som alle gleder seg til: konfirmantar, musikantar, unge, aldrande og eldre. Å leike, rusle rundt, eller berre sitje på ein benk og trekke inn lufta av vår. Kanskje nyte synet av det norske flagget i flaggstanga; «Det er Norge i rødt, hvitt og blått!»
I alle år sidan kyrkja vart innvigd i 1990 og parken var klar, har Rotary-klubben lagt si ære i at parken skulle vise seg frå si beste side frå mai av. Graving, klipping og raking, – vekk med ugras, kvister, plast, boksar og anna rusk og rask som skjer i augene. Konseptet er stort sett det same, frå år til år: Sykkylven kommune stiller traktor med romsleg tilhengar til rådvelde; så takk, Oterhals og Tekniske tenester! Dei fleste medlemmene i klubben har hage sjølve, og såleis bra greie på kva som skal til. Dei kan også å behandle ei motorsag, om detskulle vere nødvendig. Stemninga er vanleg munter, og særleg når kaffikoppen og eit fat med sveler kjem på bordet omtrent halvvegs i dugnaden, går drøset livleg. I fjor måtte dugnadskvelden utsetjast ei veke, grunna eit utriveleg vêr. Denne gongen var det snø og litt regn til over lunsj, men så klarna det opp, og resten av dagen var det solskin, fryd og gaman, og attpåtil fullmåne etterpå. Perfekt timing! Rotary-president Knut Henning Aursnes var i Oslo denne kvelden, men i hans stad fekk vi innkommande president Nils Arve Kjemphol Schwartz og dugnads-ansvarleg Knut Jarle Vik til å kommentere. Dei streka begge under kor viktig ei slik oppgåve er, ikkje berre for kyrkja og kommunen, men også for klubbmedlemmene. Felles innsats mot felles mål styrkjer samhaldet. Dessutan er arbeidet viktig for oss alle som bryr seg om bygda vår og området rundt Sykkylven kyrkje.

Utruleg gøy: Ingjerd og Greta demonstrerer dobbelt-disse på leikeplassen.
Innkommande president i Sykkylven Rotary Klubb, Nils Kjemphol Schwartz og dugnadssjef Knut Vik har god kontroll på arbeidet.


Med Nils ved rattet på den kommunale traktoren kjem rusket presis på plass.
Bilde til høgre.: Svein Erik, Sindre, Olaf, Roger, Knut Jarle: dei stilte velvillig opp for fotografen.

Først bilde, så mat. Bak, frå venstre: Knut Jarle, Ilyas, Sindre, Svein Erik, Steven, Audun, Helge, Knut, Ove,
Framme, frå venstre: Steinar, Roger, Nils, Ingjerd, Greta, Bastian, Odd, Jan, Olaf. Olav fotograf bak kamera.
Sykkylven Rotary Klubb, Olav Pileberg, tekst og foto, for Nyss, den 26. april, 2024.
19. oktober 2024
Hjelp Rotary med å utrydde polio nå!
Fare for internasjonal spredning gjør fortsatt polio til en internasjonal folkehelsekrise, sier Verdens helseorganisasjon (WHO), som har som mål å utrydde polio innen 2027. Så lenge det fortsatt er i polio i verden, er det fare for spredning.
17. oktober 2024
Anita gir polio et ansikt
«Polio er en fryktelig sykdom», sier Anita. Det er smerter, lammelser, operasjoner, seinskader. Kort sagt mye «tapt liv». «Vi må gjøre alt vi kan for å utrydde Polio!», fortsetter hun.
18. mai 2019
Presidenten sin time
President Greta leia Presidenten sin time på beste vis, og fordelte orda mellom Geir Løseth, 3-minutt, og innkommande president Petter Velle, som orienterte om kommande Rotary-år 2019-2020
22. januar 2019
Med Terje Aurdal gjennom tre land, frå Grense - Jakobselv til Lindesnes.
Friluftsmannen Terje Aurdal besøkte Sykkylven Rotaryklubb og tok medlemmene med på ein forvitneleg tur på ski, på sykkel og i kano frå Grense - Jakobselv i Finnmark, gjennom Finland og Sverige til Sulitjelma og heilt til Lindesnes.
11. januar 2018
Rotarymøte 10 . januar 2018:
Les referat av ordfører Odd Jostein si orientering om stoda i Sykkylven Kommune.
6. januar 2018
Presidenten sin time med Vinlotteri
Les Olav sitt flotte referat frå Presidenten sin time 3. januar.
6. januar 2018
Rotarymøte 13.desember 2017
Les Olav sitt flotte referat med m.a. Lars Einar Riksheim sitt foredrag om Amtec.
6. januar 2018
Rotarymøte 6..desember 2017
Les Ragnar Kaland sitt foredrag om arbeidsplassen sin Laader Berg.