Medlemsmøte 5 juni 2024 med Presidentens time
Sykkylven Rotary Klubb, møte 05. juni 2024 i Banksalen: Presidentens time. Vikar for Steinar N.
Referat.
1. President Knut-Henning opna møtet, og ønska velkommen til klubbmedlemmene. Han tende så eit lys for fred i verda, etter verdspresidenten sitt motto: «Create Hope In The World». Så introduserte han «klubbtrubadur» Olav P, som introduserte
2. allsong, og mintest den alle tiders turen 26. mai på Nordøyvegen og til Ona på Nordvestlandet; med songen i Rotary-boka – nettopp – Nordvestlandet: Dei syng om skjæra… Etter songen fortalde OP om Bill & Melinda Gates Foundation som frå og med 7. juni -24 vil heite Gates Foundation, www.gatesfoundation.org etter som Melinda har slutta i styret, etter skilsmål frå Bill. Slik kan det gå! Som vi veit er det dette fondet som årvisst støttar Rotary International med store beløp i kampen mot poliomyelitt: End Polio Now.
3. Sekretær Steinar Klokk refererte statistikk frå forrige møte.
4. 3-minutt var ved Linda Aurdal Wales,- hennar første 3-minutt i SRK. Ho heldt fram frå der ho slutta i Ego-foredraget sitt på førre møte, og fortalde om hennar og mannen David Wales’ sitt engasjement som tiltakshavarar i Orchids of Life,- ein organisasjon som forskar på naturmedisiner som verkar mot bl.a. kreft. David styrer tilhøyrande fabrikk i California, som produserer naturprodukt for sal.
5. Pause: mat, prat og vinlotteri. Roald mat er god mat!
6. Presidenten tok ordet og «tenkte litt høgt» om korleis Sykkylven Rotary Klubb skal framstå/ eksponere seg i samfunnet/ bygda, med tanke på å halde ved like/ auke medlemstalet. Han hadde funne fram til to animasjons-videoar med engelsk tale på YouTube med tips i så måte. How to expose our Rotary Public Image in the very best way.
7. President Knut Henning minte så om invitasjon frå Ulstein Rotary Klubb til møte med skifte av Guvernør: Innkomande Distriktsguvernør for distrikt 2305, Lidun Hareide, og Innkomande President for Ulstein
Rotaryklubb, Thor Martin Eidem, Quality Ulstein Hotel i Ulsteinvik 24.juni kl. 18. Påmelding frå klubben vår.
8. Sykkylvsdagane med stand i telt for vårt Prosjekt Filippinane. Knut Jarle Vik orienterte om tidlegare engasjement i prosjektet og behov for 2 og 2 medlemmer på standen kommande laurdag 15. juni, på 2-timars vakter frå klokka … (10?) til kl. 18. Rigging av telt og nedrigging etterpå høyrer med til jobben. Dette blir avtalt nærare på neste møte, den 12. juni.
9. Til slutt takka president Knut-Henning for laget og vel heim. Referent: Olav Pileberg, som med sitt lodd nr. 50 «drog i land» den alkoholfrie lotteri-gevinsten



.
Vårt nye medlem i Rotary, Linda Aurdal Wales med gode naturprodukt og vakre merke på jakka. Orchids of Life (sjå Facebook) er både eit varemerke og namnet på den ideelle organisasjonen for support av naturmedisinen som ho og ektemannen David Wales i samarbeid med fleire forskar fram og produserer.
Alle foto og referat: Olav P
13. juni 2017
Kjell Løseth fortel om identitetstjuveri.
Les referat frå møte i SRK der Kjell fortel om identitetstjuveri og mester -identitetstjuv Viggo Johan Ørbak.
22. april 2017
Vårt nye medlem Sindre Stuen heldt sitt Egoforedrag 19. april.
Les Sindre sitt foredrag frå eit spennende liv både til lands og til vanns.
8. april 2017
Visepresidenten sin time 5. april.
Les kva visepresident Bastian hadde å fortelle frå Presidentkurset (PETS) på Dombås 1. og 2. april. Les også kva sokneprest Helge fortalte om sin situasjon etter oppseiinga av sin jobb som prest.
1. april 2017
Fredrik Støyva Emblem frå Ålesund Kunnskapspark (åkp)besøker Sykkylven Rotaryklubb
Les referat frå det interessante og framtidsretta foredraget som Fredrik heldt 29. mars i Sykkylven Rotaryklubb.
25. mars 2017
Marit Akslen besøker Sykkylven Rotaryklubb.
Les referat frå Tekstilkunstner Marit Akslen sitt besøk i Sykkylven Rotaryklubb der ho presenterer sin kunst
17. mars 2017
På besøk hos Torunn Kjemphol og hennar Galleri 2K
Les referat og sjå bilder frå vårt besøk hos Torunn Kjemphol og Galleri K2 i Tusvika.
10. mars 2017
Steinar Klokk held sitt ego/yrkesforedrag
Les referat frå Rotarymøte på Kvinnedagen 8. mars og spesielt vår nye medlem Steinar Klokk sitt flotte ego/yrkesforedrag.
23. februar 2017
Bedriftsbesøk hos Ove Straumsheim Glas og Fasader
Les om Sykkylven Rotaryklubb sitt flotte og interessante besøk hos Ove Glas og Fasader på "Tangholmen" i Straumgjerde.
18. februar 2017
Velferdsteknologi ved komunalsjef Eli Otterlei
Les referat frå kommunalsjef Eli Otterlei sitt flotte og grundig foredrag om velferdsteknologi