Medlemsmøte 5 juni 2024 med Presidentens time

Sykkylven Rotary Klubb, møte 05. juni 2024 i Banksalen: Presidentens time. Vikar for Steinar N.

Referat.

1.    President Knut-Henning opna møtet, og ønska velkommen til klubbmedlemmene. Han tende så eit lys for fred i verda, etter verdspresidenten sitt motto: «Create Hope In The World». Så introduserte han «klubbtrubadur» Olav P,  som introduserte

2.    allsong, og mintest den alle tiders turen 26. mai på Nordøyvegen og til Ona på Nordvestlandet; med songen i Rotary-boka – nettopp – Nordvestlandet: Dei syng om skjæra… Etter songen fortalde OP om Bill & Melinda Gates Foundation som frå og med 7. juni -24 vil heite Gates Foundation, www.gatesfoundation.org etter som Melinda har slutta i styret, etter skilsmål frå Bill. Slik kan det gå! Som vi veit er det dette fondet som årvisst støttar Rotary International med store beløp i kampen mot poliomyelitt: End Polio Now.

3.    Sekretær Steinar Klokk refererte statistikk frå forrige møte.

4.    3-minutt var ved Linda Aurdal Wales,- hennar første 3-minutt i SRK. Ho heldt fram frå der ho slutta i Ego-foredraget sitt på førre møte, og fortalde om hennar og mannen David Wales’ sitt engasjement som tiltakshavarar i Orchids of Life,- ein organisasjon som forskar på naturmedisiner som verkar mot bl.a. kreft. David styrer tilhøyrande fabrikk i California, som produserer naturprodukt for sal.    

5.    Pause: mat, prat og vinlotteri. Roald mat er god mat!

6.    Presidenten tok ordet og «tenkte litt høgt» om korleis Sykkylven Rotary Klubb skal framstå/ eksponere seg i samfunnet/ bygda, med tanke på å halde ved like/ auke medlemstalet. Han hadde funne fram til to animasjons-videoar med engelsk tale på YouTube med tips i så måte. How to expose our Rotary Public Image in the very best way.

7.    President Knut Henning minte så om invitasjon frå Ulstein Rotary Klubb til møte med skifte av Guvernør: Innkomande Distriktsguvernør for distrikt 2305, Lidun Hareide, og Innkomande President for Ulstein

Rotaryklubb, Thor Martin Eidem, Quality Ulstein Hotel i Ulsteinvik 24.juni kl. 18. Påmelding frå klubben vår. 

8.    Sykkylvsdagane med stand i telt for vårt Prosjekt Filippinane. Knut Jarle Vik orienterte om tidlegare engasjement i prosjektet og behov for 2 og 2 medlemmer på standen kommande laurdag 15. juni, på 2-timars vakter frå klokka … (10?) til kl. 18. Rigging av telt og nedrigging etterpå høyrer med til jobben. Dette blir avtalt nærare på neste møte, den 12. juni.     

9.    Til slutt takka president Knut-Henning for laget og vel heim. Referent: Olav Pileberg, som med sitt lodd nr. 50 «drog i land» den alkoholfrie lotteri-gevinsten
















Vårt nye medlem i Rotary, Linda Aurdal Wales med gode naturprodukt og vakre merke på jakka. Orchids of Life (sjå Facebook) er både eit varemerke og namnet på den ideelle organisasjonen for support av naturmedisinen som ho og ektemannen David Wales i samarbeid med fleire forskar fram og produserer.

Alle foto og referat: Olav P


 
President i SRK 2016-2017. Klubben har passert 60 år.

7. juli 2016

President i SRK 2016-2017. Klubben har passert 60 år.

Ny president i Sykkylven Rotary Klubb 2016-2017 er Steven Blindheim. Presidentskiftet var 29. juni, og 6. juli leia Steven sitt første ordinære rotarymøte. Mellom anna orienterte han om klubben, som nettopp har passert sine 60 år. Charterdato er 5. juli.

Rico Bil AS: Blomstrande bedrift med bil i fokus!

4. juli 2016

Rico Bil AS: Blomstrande bedrift med bil i fokus!

Bedriftbesøk til Rico Bil AS i Ålesund sto på programmet 13. april 2016. Vi vart tekne særs godt i mot av dagleg leiar Jorunn Lundanes og noverande konsulent Fred J. Rishaug. Han grunnla bedrifta i 1988 og sto for leiinga til 2014 då Jorunn tok over.

Bedriftsbesøk til Nyborg AS

27. juni 2016

Bedriftsbesøk til Nyborg AS

Sykkylven Rotary Klubb: Bedriftsbesøk 15. juni 2016 hos Nyborg AS, Sykkylven. http://nyborgfan.com/ Bedrifta produserer vifter og utstyr til ventilasjon i skip, oljeplattformer og alle leveransane blir "skreddarsydde" etter kunden sine behov.

Gardsbesøk

28. mai 2016

Gardsbesøk

Gardsbesøk 25. mai hosBastian

Dugnad i Kyrkjeparken

3. mai 2016

Dugnad i Kyrkjeparken

Kyrkjeparken i Sykkylven, ei perle i sentrum!
Service Above Self – Å gagne andre – kjem av og til ekstra godt til syne hos medlemmene i Sykkylven Rotary Klubb. Til dømes på den årvisse dugnaden i Kyrkjeparken.

Sykkylven Næringsutvikling

24. februar 2016

Sykkylven Næringsutvikling

I dag hadde vi besøk av Jarle Strømmegjerde som heldt et interessant foredrag om SNU og aktivitetane der. Sjekk gjerne denne heimesida: http://www.skaparglede.no

InterCitymøte  på Berlihuset

20. oktober 2015

InterCitymøte på Berlihuset

Onsdag 14,. oktober hadde vi besøk av guvernør Odd Jarle Hagen og ass. guvernør John Stenes

KK-Seminar/ Klubb Kompetanse Seminar, Ålesund

21. mars 2015

KK-Seminar/ Klubb Kompetanse Seminar, Ålesund

Distrikt 2305 inviterte tillitsvalde i klubben til seminar 21.mars 2015, på Quality Hotel Waterfront i Ålesund. Biletet viser samlinga i plenum før lunsj.