Sykkylvsdagane 12 - 16 juni 2024 - Lola Day Care Center

Sykkylvsdagane 2024, 12.-16. juni

 






Sykkylven Rotary Klubb (SRK) har omtrent heilt frå starten av Prosjekt Filippinene i 2001, vore med og støtta det store velferdsprosjektet som May Britt og Oddbjørn Tynes starta saman med dottera Lone Tynes Anderson. Gjennom desse meir enn tjue åra har deira innsats, saman med mange gode støttespelarar både på Filippinane og i Noreg, gjort at Prosjekt Filippinene har vakse og utvikla seg frå eit reint vatn - vasspumpe-prosjekt til eit komplett hjelpeprosjekt i og rundt byen Bogo på øya Cebu. Atten vass-brønnar med pumpe, førskule, skule, bygningsmaterialar til tre hundre bustadar etter tyfon-katastrofen i 2013, velferdstiltak for dei innsette i fengsel,… berre for å ha nemnt noko. To frå SRK tok turen rundt halve jorda i februar 2020, og fekk sjå med eigne auge korleis dei forskjellige elementa i prosjektet fungerte. Lola (bestemor) May Britt, Lolo Oddbjørn og Ma’am Lone har i alle desse åra jamleg tilført materielle ressursar og pengar  til dette «mønsterbruket» i og rundt Bogo. Når dei kjem på besøk, er det «Stor Oppstandelse» i byen!

Sjå og les vedlagde informasjon, og besøk gjerne heimesida www.prosjektfilippinene.no eller på Facebook: Prosjekt Filippinene – LOLA DAY CARE CENTER.

 

Bilde: frå Standen under Sykkylvsdagane, 15. juni 2024. Frå venstre: «Ma’am» Lone Tynes Anderson med lykkehjulet, spesialprodusert av pappa Oddbjørn, Innkommande president i SRK, Nils Arve Kjemphol Schwartz, påtroppande vakt Arild Sporsheim, «Lola» May Britt Tynes, Helge Standal, påtroppande vakt Svein Erik Kampenes.




Tekst og foto, Olav P


 
President i SRK 2016-2017. Klubben har passert 60 år.

7. juli 2016

President i SRK 2016-2017. Klubben har passert 60 år.

Ny president i Sykkylven Rotary Klubb 2016-2017 er Steven Blindheim. Presidentskiftet var 29. juni, og 6. juli leia Steven sitt første ordinære rotarymøte. Mellom anna orienterte han om klubben, som nettopp har passert sine 60 år. Charterdato er 5. juli.

Rico Bil AS: Blomstrande bedrift med bil i fokus!

4. juli 2016

Rico Bil AS: Blomstrande bedrift med bil i fokus!

Bedriftbesøk til Rico Bil AS i Ålesund sto på programmet 13. april 2016. Vi vart tekne særs godt i mot av dagleg leiar Jorunn Lundanes og noverande konsulent Fred J. Rishaug. Han grunnla bedrifta i 1988 og sto for leiinga til 2014 då Jorunn tok over.

Bedriftsbesøk til Nyborg AS

27. juni 2016

Bedriftsbesøk til Nyborg AS

Sykkylven Rotary Klubb: Bedriftsbesøk 15. juni 2016 hos Nyborg AS, Sykkylven. http://nyborgfan.com/ Bedrifta produserer vifter og utstyr til ventilasjon i skip, oljeplattformer og alle leveransane blir "skreddarsydde" etter kunden sine behov.

Gardsbesøk

28. mai 2016

Gardsbesøk

Gardsbesøk 25. mai hosBastian

Dugnad i Kyrkjeparken

3. mai 2016

Dugnad i Kyrkjeparken

Kyrkjeparken i Sykkylven, ei perle i sentrum!
Service Above Self – Å gagne andre – kjem av og til ekstra godt til syne hos medlemmene i Sykkylven Rotary Klubb. Til dømes på den årvisse dugnaden i Kyrkjeparken.

Sykkylven Næringsutvikling

24. februar 2016

Sykkylven Næringsutvikling

I dag hadde vi besøk av Jarle Strømmegjerde som heldt et interessant foredrag om SNU og aktivitetane der. Sjekk gjerne denne heimesida: http://www.skaparglede.no

InterCitymøte  på Berlihuset

20. oktober 2015

InterCitymøte på Berlihuset

Onsdag 14,. oktober hadde vi besøk av guvernør Odd Jarle Hagen og ass. guvernør John Stenes

Helse Møre og Romsdal Hf som hovudtema i SRK

9. juli 2015

Helse Møre og Romsdal Hf som hovudtema i SRK

Det opne møtet i Sykkylven Rotary Klubb sist onsdag samla fram mot førti medlemmer og gjester. Alle ville dei høyre det som konstituert administrerande direktør i Helse Møre og Romsdal, Dag Hårstad, hadde å seie om sjukehusstruktur og spesialhelsetenesten

KK-Seminar/ Klubb Kompetanse Seminar, Ålesund

21. mars 2015

KK-Seminar/ Klubb Kompetanse Seminar, Ålesund

Distrikt 2305 inviterte tillitsvalde i klubben til seminar 21.mars 2015, på Quality Hotel Waterfront i Ålesund. Biletet viser samlinga i plenum før lunsj.

Sosiale medier

Møteinformasjon

Møtested: Bibliotekjelleren
Adresse: Pilgata 10, 6230 Sykkylven
Postnummer: 6230
Sted: Sykkylven
Land: NO
Møtedag: Onsdag
Møtetid: 19:00
Møtespråk: no

Place content here

Klubbens møter denne måneden

Presidentskifte

2025-06-18 19:00 - 20:00

Møtefri - skuleferie

2025-06-25 19:00 - 20:00

Møtearkiv fra
før August 2022



rotary lenker

Nyheter fra
rotary INTERNATIONAL:

Loading RSS...

Nytt fra Rotary i Norge

District - Rotary RSS