Medlemsmøte 12 juni 2024 med besøk av Rimfrost

Referat frå Rotarymøte 12.06.24

Tema: Olympic/ Rimfrost v/ Caroline Hjellegjerde

Presidenten opna møtet med å ønske velkommen til gjester og medlemmer og starta som alltid med å tenne eit lys for mottoet: «Create hope for the world» Allsang, ( i Olav P. sitt fråver) «Vår beste dag»

3 min går ut.

Kunngjering frå presidenten;

Distriktskonferanse 27-29. sept i Ulsteinvik. Påmedlingsfrist 15.06.

Knut Vik: Orientering om standen på laurdag for «Prosjekt Filippinene».

Greta Herje: Guvernørskifte i Ulsteinvik 24.juni.

Program: Caroline Hjellegjerde orienterte om Olympic konsernet, lokalisert i Fosnavåg.

  • Caroline er født og oppvokst i Sykkylven (Rolf H si dotter )jobber no som HR- direktør  i konsernet der Stig Remøy er konsernsjef.
  • Ho har tatt med seg noko av stoltheita og stayerevna frå heimbygda, noko som kjem godt med i ein krevjande jobb.
  • Olympicgruppen består ev 4 delar.
    • 1. Olympic Subsea. 
    • 2. Olympic Seefoo
    • 3. Olympic Offshore
    • 4. Rimfrost (Krillbåt – like stor som Havila kystrute.)

Stig Remøy starta i det små i 1978, - og i 1996 starta han Olympic og restrukturerte selskapet i 2017 ( frå 20 til 10 båtar). Har no 2 nye båtar under bygging.

Nokre nøkkeltal:

  • 40 tilsette i Fosnavåg
  • 20 tilsette i Ålesund
  • 6 stk. i prosjektstillingar i Rimfrost
  • Over 250 sjøfolk, både norske og frå Manilla.
  • Sjukefråver: adm. 1,4 %!! sjøfolka 5,5 %!
  • Kjønnsfordeling i adm. 27 kvinner og 33 menn
  • Snittalder: 46


HR-startegi: Tiltrekke- halde på – utvikle – avslutte. Det handlar om «tilsettesyklys»

Steg 1: kamp om talenta

Steg 2: Halde på gode tilsette

Steg 3: Leiarskap og leiarstrategi

Steg 4: Unngå utbrentheit

Steg 5: Design

Steg 6: God rettleiing og god kommunikasjon

Fokus på dei fysiske, psykologiske organisatoriske tilhøva.

Svært viktig med god intern kommunikasjon om kva som skjer i konsernet. Merkebygging gjennom alle tilsette.

Rimfrost:

Krillbåt som opererer i Antarktiske farvatn. Krillolje er eit omege-3 produkt. Olja som er produsert av selskapet inneheld 2-3 mer antioxidantar enn andre krilloljer. 

Ein av båtane til Olympic, - «Olympic Zevs» har kaptein frå Sykkylven, Geir Helge Stave.

Dette er eit multifarty som kan utføre fleire kompliserte operasjonar, m.a å feste plattformar og havvindmøller.

Kundane gir svært gode tilbakemeldingar til selskapet. Har og fått ein pris for eit nytt tryggleikssystem- Tracking- eit av skipa er no nominert til «Ship of the year»
















Referat og foto: Steinar Nordmo


 
President i SRK 2016-2017. Klubben har passert 60 år.

7. juli 2016

President i SRK 2016-2017. Klubben har passert 60 år.

Ny president i Sykkylven Rotary Klubb 2016-2017 er Steven Blindheim. Presidentskiftet var 29. juni, og 6. juli leia Steven sitt første ordinære rotarymøte. Mellom anna orienterte han om klubben, som nettopp har passert sine 60 år. Charterdato er 5. juli.

Rico Bil AS: Blomstrande bedrift med bil i fokus!

4. juli 2016

Rico Bil AS: Blomstrande bedrift med bil i fokus!

Bedriftbesøk til Rico Bil AS i Ålesund sto på programmet 13. april 2016. Vi vart tekne særs godt i mot av dagleg leiar Jorunn Lundanes og noverande konsulent Fred J. Rishaug. Han grunnla bedrifta i 1988 og sto for leiinga til 2014 då Jorunn tok over.

Bedriftsbesøk til Nyborg AS

27. juni 2016

Bedriftsbesøk til Nyborg AS

Sykkylven Rotary Klubb: Bedriftsbesøk 15. juni 2016 hos Nyborg AS, Sykkylven. http://nyborgfan.com/ Bedrifta produserer vifter og utstyr til ventilasjon i skip, oljeplattformer og alle leveransane blir "skreddarsydde" etter kunden sine behov.

Gardsbesøk

28. mai 2016

Gardsbesøk

Gardsbesøk 25. mai hosBastian

Dugnad i Kyrkjeparken

3. mai 2016

Dugnad i Kyrkjeparken

Kyrkjeparken i Sykkylven, ei perle i sentrum!
Service Above Self – Å gagne andre – kjem av og til ekstra godt til syne hos medlemmene i Sykkylven Rotary Klubb. Til dømes på den årvisse dugnaden i Kyrkjeparken.

Sykkylven Næringsutvikling

24. februar 2016

Sykkylven Næringsutvikling

I dag hadde vi besøk av Jarle Strømmegjerde som heldt et interessant foredrag om SNU og aktivitetane der. Sjekk gjerne denne heimesida: http://www.skaparglede.no

InterCitymøte  på Berlihuset

20. oktober 2015

InterCitymøte på Berlihuset

Onsdag 14,. oktober hadde vi besøk av guvernør Odd Jarle Hagen og ass. guvernør John Stenes

KK-Seminar/ Klubb Kompetanse Seminar, Ålesund

21. mars 2015

KK-Seminar/ Klubb Kompetanse Seminar, Ålesund

Distrikt 2305 inviterte tillitsvalde i klubben til seminar 21.mars 2015, på Quality Hotel Waterfront i Ålesund. Biletet viser samlinga i plenum før lunsj.