Medlemsmøte 26 juni 2024 med ny president Nils Arve

Sykkylven Rotary Klubb, møte i Bibliotekkjellaren 26.06.2024

 

1.      Vår nye president Nils Arve Schwarts ønska velkommen til siste møte før ferien. Han presenterte programmet for kvelden ved hjelp av storskjerm på veggen, slik førre president Knut Henning Aursnes hadde teke til med, etter oppgraderinga av lokalet. 

2.      Allsong, ved Olav P.: Jag tror på sommaren ; med tekst og melodi av Stig Olin.

3.      Kunngjeringar frå sekretæren v/ presidenten, etter som Steinar Klokk hadde forfall. Det vart delt ut ny komitéliste med orientering om SRK.













4.      3-minutt skulle vere ved Ingrid v. d. Velde. Ho hadde sendt tekst og bilete frå Helsingfors, der ho var for å oppdatere seg på fotokunst med dobbelt-eksponering. Hennar fokusområde har til no vore dråpe-fotografering. Det har ho fortalt om tidlegare. Ved dobbelt-eksponering får det ferdige bildet ein «ny dimensjon» etter som det blir lagt eit nytt lag – eit nytt bilete – oppå det første bildet. (Sjå døme)












5.     
Mat og prat. Vår dyktige Kjellaug Roald stilte med sommar-bløtkaker: ein ytterst velsmakande inngang til sommarferien. Hallgeir Lade og Asbjørn Riksheim var høgst kvalifiserte kaffi-kokarar og servitørar.

6.      Presidenten tok så ordet og orienterte  om «The Magic of Rotary», mottoet til den nye verds-presidenten 2024-2025, Stephanie A. Urchick.
Sjå gjerne 
https://d2290.rotary.no/no/distriktshandboka-2024-2025 Mellom anna er polio nesten utrydda på jorda. Unntaka er Pakistan og Afghanistan, der det enno finst einskilde tilfelle i avsidesliggande strøk. Bak linken over her, finn vi også hennar presentasjon frå Rotary International Assembly, den 8. januar. Ta deg gjerne eit kvarter på PC-en og opplev ho, så godt som «live». Etter orienteringa fekk vi fem minutt til avsluttande prat, før president Nils Arve kunne avslutte sitt første ordinære (og vellykka) møte. Vel heim!






Skrivar (for Steinar N.), Olav Pileberg

 


 
Guvenøren sitt årlige besøk hos Stranda og Sykkylven Rotaryklubb:

12. oktober 2017

Guvenøren sitt årlige besøk hos Stranda og Sykkylven Rotaryklubb:

Sykkylven og Stranda Rotaryklubber fekk besøk av guvenør for D2305: Wictor Sandvold

Presidenten sin time 4. oktober.

6. oktober 2017

Presidenten sin time 4. oktober.

Les referat frå Presidenten sin time 4. oktober.

Direktør ved Formfin Møbler, Vibeke Aanning Aarseth

29. september 2017

Direktør ved Formfin Møbler, Vibeke Aanning Aarseth

Les referat frå Vibeke sitt møte med Sykkylven Rotaryklubb

Spesialsjukepleier Mariann Urke frå Hjerterehabiliteringa ved Ålesund sjukehus

23. september 2017

Spesialsjukepleier Mariann Urke frå Hjerterehabiliteringa ved Ålesund sjukehus

"Fysiske og psykiske reaksjoner ved hjerteinfarkt"

Ingrid van der Velde:

9. september 2017

Ingrid van der Velde:

Les referat frå Ingrid sitt flotte foredrag: "Frå Norge til Nederland: Sykkylven på godt og vondt".

Landsspeiderleiren i Bodø 2017:

5. september 2017

Landsspeiderleiren i Bodø 2017:

Les kva speidarane hadde å fortelle frå Landsspeiderleiren i Bodø 2017.

Besøk ved den nye Brannstasjonn

5. september 2017

Besøk ved den nye Brannstasjonn

Les referat frå Sykkylven Rotaryklubb sitt besøk ved den nye Brannstasjonen.

Presidentskifte.

29. juni 2017

Presidentskifte.

Les og sjå bilder frå presidentskifte i Sykkylven Rotaryklubb. Bastian tek over som president etter Steven.

May Britt og Prosjekt Filippinene:

26. juni 2017

May Britt og Prosjekt Filippinene:

Les siste Infobrev nr. 20 frå Prosjekt Filipinnene.

Utvekslingsstudent Daniel heldt foredrag på norsk om sitt opphald her i Sykkylven.

17. juni 2017

Utvekslingsstudent Daniel heldt foredrag på norsk om sitt opphald her i Sykkylven.

Les kva Daniel hadde å fortelle frå sitt opphald her i Sykkylven. Sjå også bilder frå "avskjedsfesten".