Medlemsmøte 26 juni 2024 med ny president Nils Arve
Sykkylven Rotary Klubb, møte i Bibliotekkjellaren 26.06.2024
1. Vår nye president Nils Arve Schwarts ønska velkommen til siste møte før ferien. Han presenterte programmet for kvelden ved hjelp av storskjerm på veggen, slik førre president Knut Henning Aursnes hadde teke til med, etter oppgraderinga av lokalet.


2. Allsong, ved Olav P.: Jag tror på sommaren ; med tekst og melodi av Stig Olin.
3. Kunngjeringar frå sekretæren v/ presidenten, etter som Steinar Klokk hadde forfall. Det vart delt ut ny komitéliste med orientering om SRK.

4. 3-minutt skulle vere ved Ingrid v. d. Velde. Ho hadde sendt tekst og bilete frå Helsingfors, der ho var for å oppdatere seg på fotokunst med dobbelt-eksponering. Hennar fokusområde har til no vore dråpe-fotografering. Det har ho fortalt om tidlegare. Ved dobbelt-eksponering får det ferdige bildet ein «ny dimensjon» etter som det blir lagt eit nytt lag – eit nytt bilete – oppå det første bildet. (Sjå døme)

5. Mat og prat. Vår dyktige Kjellaug Roald stilte med sommar-bløtkaker: ein ytterst velsmakande inngang til sommarferien. Hallgeir Lade og Asbjørn Riksheim var høgst kvalifiserte kaffi-kokarar og servitørar.
6. Presidenten tok så ordet og orienterte om «The Magic of Rotary», mottoet til den nye verds-presidenten 2024-2025, Stephanie A. Urchick.
Sjå gjerne https://d2290.rotary.no/no/distriktshandboka-2024-2025 Mellom anna er polio nesten utrydda på jorda. Unntaka er Pakistan og Afghanistan, der det enno finst einskilde tilfelle i avsidesliggande strøk. Bak linken over her, finn vi også hennar presentasjon frå Rotary International Assembly, den 8. januar. Ta deg gjerne eit kvarter på PC-en og opplev ho, så godt som «live». Etter orienteringa fekk vi fem minutt til avsluttande prat, før president Nils Arve kunne avslutte sitt første ordinære (og vellykka) møte. Vel heim!


Skrivar (for Steinar N.), Olav Pileberg
13. juni 2017
Kjell Løseth fortel om identitetstjuveri.
Les referat frå møte i SRK der Kjell fortel om identitetstjuveri og mester -identitetstjuv Viggo Johan Ørbak.
22. april 2017
Vårt nye medlem Sindre Stuen heldt sitt Egoforedrag 19. april.
Les Sindre sitt foredrag frå eit spennende liv både til lands og til vanns.
8. april 2017
Visepresidenten sin time 5. april.
Les kva visepresident Bastian hadde å fortelle frå Presidentkurset (PETS) på Dombås 1. og 2. april. Les også kva sokneprest Helge fortalte om sin situasjon etter oppseiinga av sin jobb som prest.
1. april 2017
Fredrik Støyva Emblem frå Ålesund Kunnskapspark (åkp)besøker Sykkylven Rotaryklubb
Les referat frå det interessante og framtidsretta foredraget som Fredrik heldt 29. mars i Sykkylven Rotaryklubb.
25. mars 2017
Marit Akslen besøker Sykkylven Rotaryklubb.
Les referat frå Tekstilkunstner Marit Akslen sitt besøk i Sykkylven Rotaryklubb der ho presenterer sin kunst
17. mars 2017
På besøk hos Torunn Kjemphol og hennar Galleri 2K
Les referat og sjå bilder frå vårt besøk hos Torunn Kjemphol og Galleri K2 i Tusvika.
10. mars 2017
Steinar Klokk held sitt ego/yrkesforedrag
Les referat frå Rotarymøte på Kvinnedagen 8. mars og spesielt vår nye medlem Steinar Klokk sitt flotte ego/yrkesforedrag.
23. februar 2017
Bedriftsbesøk hos Ove Straumsheim Glas og Fasader
Les om Sykkylven Rotaryklubb sitt flotte og interessante besøk hos Ove Glas og Fasader på "Tangholmen" i Straumgjerde.
18. februar 2017
Velferdsteknologi ved komunalsjef Eli Otterlei
Les referat frå kommunalsjef Eli Otterlei sitt flotte og grundig foredrag om velferdsteknologi