Medlemsmøter hos Griff Aviation AS

Sykkylven Rotaryklubb var på bedriftsbesøk onsdag 23.10.24 kl. 1900  hjå 

Griff Aviation AS (tidligere Magic Innovation AS) er eit norsk selskap som designer og utviklar  droner for det profesjonelle marknaden. 

Griff Aviation blei starta i desember 2015 av Leif Johan Holand, og har base i Sykkylven i Møre og Romsdal. Ideen til selskapet kom då Holand arbeide i eit filmselskap som trengte ei drone med stor lastekapasitet, men det eksisterte ikkje slike firma. 

Teknisk sjef Svein Even  Blakstad orienterte om firmaet og om produkta.

Bruk av droner fører til at ein idag sparer mykje penger i forhold til bruk av helikopter. Blakstad sa at droner vil bevege seg på sikt i retning sivil luftfart.

Firmaet har i dag patentar  på ca 13 - 14 droner. Firma som Boeing og Rolls - Royce  freista å kjøpe opp firmaet, men selskapet sa nei. 

Droner blir idag brukt når ei skal bygge nye kraftlinjer som å drage høgspentkabler  og hente verktøy osv. 

Firmaet produserer i dag 4 motors fartøy og 8 motors fartøy. Ein kan flyge med droner med storm i kasta. Unntak er orkan då flyr ein ikkje. 

Blakstad sa at dei har produsert ei hybrid drone. Ein erstatter då batteri med bensintilførsel. Ein kan då fly ei rekkevidde på 400 km. 

Ei drone veg 30 eller 60 kg og med batteri kan ein flyge 1/2 time i  lufta. Prisen for å kjøpe ei drone er 2 million kroner. 

Det blir produsert ca 4 fartøy i månaden. Dei har kapasitet til å produsere 12. 

Ein av investorane i firmaet er Ronja Kapital.

Det var interessant og spanande for medlemmane i Sykkylven Rotaryklubb  og få eit innblikk i kva Griff Aviation a/s produserer. 




















Referent

Steven Blindheim







 
President i SRK 2016-2017. Klubben har passert 60 år.

7. juli 2016

President i SRK 2016-2017. Klubben har passert 60 år.

Ny president i Sykkylven Rotary Klubb 2016-2017 er Steven Blindheim. Presidentskiftet var 29. juni, og 6. juli leia Steven sitt første ordinære rotarymøte. Mellom anna orienterte han om klubben, som nettopp har passert sine 60 år. Charterdato er 5. juli.

Rico Bil AS: Blomstrande bedrift med bil i fokus!

4. juli 2016

Rico Bil AS: Blomstrande bedrift med bil i fokus!

Bedriftbesøk til Rico Bil AS i Ålesund sto på programmet 13. april 2016. Vi vart tekne særs godt i mot av dagleg leiar Jorunn Lundanes og noverande konsulent Fred J. Rishaug. Han grunnla bedrifta i 1988 og sto for leiinga til 2014 då Jorunn tok over.

Bedriftsbesøk til Nyborg AS

27. juni 2016

Bedriftsbesøk til Nyborg AS

Sykkylven Rotary Klubb: Bedriftsbesøk 15. juni 2016 hos Nyborg AS, Sykkylven. http://nyborgfan.com/ Bedrifta produserer vifter og utstyr til ventilasjon i skip, oljeplattformer og alle leveransane blir "skreddarsydde" etter kunden sine behov.

Gardsbesøk

28. mai 2016

Gardsbesøk

Gardsbesøk 25. mai hosBastian

Dugnad i Kyrkjeparken

3. mai 2016

Dugnad i Kyrkjeparken

Kyrkjeparken i Sykkylven, ei perle i sentrum!
Service Above Self – Å gagne andre – kjem av og til ekstra godt til syne hos medlemmene i Sykkylven Rotary Klubb. Til dømes på den årvisse dugnaden i Kyrkjeparken.

Sykkylven Næringsutvikling

24. februar 2016

Sykkylven Næringsutvikling

I dag hadde vi besøk av Jarle Strømmegjerde som heldt et interessant foredrag om SNU og aktivitetane der. Sjekk gjerne denne heimesida: http://www.skaparglede.no

InterCitymøte  på Berlihuset

20. oktober 2015

InterCitymøte på Berlihuset

Onsdag 14,. oktober hadde vi besøk av guvernør Odd Jarle Hagen og ass. guvernør John Stenes

KK-Seminar/ Klubb Kompetanse Seminar, Ålesund

21. mars 2015

KK-Seminar/ Klubb Kompetanse Seminar, Ålesund

Distrikt 2305 inviterte tillitsvalde i klubben til seminar 21.mars 2015, på Quality Hotel Waterfront i Ålesund. Biletet viser samlinga i plenum før lunsj.