Medlemsmøte 27 nov 2024 med Sykkylven Frivillig Sentral
Sykkylven Rotary Klubb, møte 27. november 2024 i Biblioteksalen.
Referat.
1. Vikar-President Knut Henning Aursnes opna møtet, og ønska velkommen til klubbmedlemmene og gjest Tove Sperre frå Sykkylven Frivillig Sentral. Knut Henning orienterte om møteplanen, og overlet ordet og tonen til Olav P.
2. Han introduserte som allsong Julepresangen,- til og med med illustrasjon generert av ChatGPT; chat generative pre-trained transformer, må vite. 2024 har vore/ er framleis, året der vi bl.a. minnast at det er 100 år sidan Alf Prøysen vart fødd. Vi tòler difor godt ein song med litt nostalgi frå den tida då vi laga julepresangane sjølv,- slik som «Og det var vesle Jensemann, han strever dagen lang. Han snekrer på no’ spennende som snart skal bli presang…»
3. Sekretær Steinar Klokk refererte statistikk frå førre møte: frammøte 47% til konserten i kyrkja, der kantor Ola Eide m. fl. presenterte Suite nr.2 Opus 79, Utdrag av Job’s bok av Egil Hovland, som vi også har markert 100-års minne for i 2024. Bursdagsbarn Odd Holen kan feire 1. desember. Ei lita mistyding førde til betydeleg munterheit i møtelyden, men det heile roa seg, slik at 3-minutt kunne introduserast
4. 3-minutt var ved Knut Molnes. Han valde å informere om Artificial intelligence (AI) eller KI – Kunstig intelligens, på godt norsk. Han tok eit historisk tilbakeblikk gjennom ti minutt på litt av utviklinga dei siste 40-50 åra. Etter at OpenAI og ChatGPT kom https://en.wikipedia.org/wiki/OpenAI , har det heile «teke heilt av» slik at det no blir brukt – til og med av denne referenten til allsong illustrasjon på møta i Rotary!
5. Kaffi/ te, mat og prat.
6. Kveldens foredrag sto Tove Sperre for. Ho er leiar for Frivilligsentralen (FS) i Sykkylven kommune. Frå noverande lokasjon i Fønixhuset nær kommunehuset, er det meininga å flytte til huset der Biblioteket held til. FS er «ein uformell møteplass for alle, uavhengig av alder, kjønn eller posisjon.» Nye besøkande vert positivt overraska over kor kjekt og inkluderande det er å komme på besøk for ein halvtime eller meir, mellom klokka 10 og 16. Prisen for mat og drikke er svært rimeleg. Alle skal kunne ha råd til å «spandere på seg» eit kvart. Det heile er drifta av friviljuge, frå måndag til og med torsdag. Flyttinga til etasjen over biblioteket blir truleg i løpet av første halvår 2025. Alle er hjarteleg velkomne. Eit rådgjevande organ/ styre er med og påverkar drifta: 2 representantar frå Levekår, og 3 friviljuge; for tida Ole Ramstad, Susanne Olli Fauske (Speider), Gudrun Wangsmo (Stikk Ut). Frivilligsentralen tilbyd ei rekke aktivitetar, som i sum dekker heile spekteret frå førskule til pensjonist. Med andre ord tilbod med ei imponerande breidde! Informasjon kan ein finne på www.sykkylven.kommune.no Prøv stikkord: Frivilligsentral.
Så langt leiar for Frivillig-Sentralen, Tove Sperre frå Sykkylven kommune. Ho fekk både takk, gode ord og ei lita gåve frå vikarpresident Knut Henning, som deretter ønska oss alle vel heim.
Vikar-President Knut Henning Aursnes ønska medlemmer og gjest Tove Sperre velkomne til rotarymøte.
Knut Molnes heldt 3 minutt i ti minutt om Kunstig Intelligens.
Foto: Odd Holen
Leiar for Sykkylven Frivilligsentral, Tove Sperre, heldt foredrag om tilbod og innsats for drifting av sentralen.



Skrivar Olav Pileberg. Foto: OP
7. juli 2016
President i SRK 2016-2017. Klubben har passert 60 år.
Ny president i Sykkylven Rotary Klubb 2016-2017 er Steven Blindheim. Presidentskiftet var 29. juni, og 6. juli leia Steven sitt første ordinære rotarymøte. Mellom anna orienterte han om klubben, som nettopp har passert sine 60 år. Charterdato er 5. juli.
4. juli 2016
Rico Bil AS: Blomstrande bedrift med bil i fokus!
Bedriftbesøk til Rico Bil AS i Ålesund sto på programmet 13. april 2016. Vi vart tekne særs godt i mot av dagleg leiar Jorunn Lundanes og noverande konsulent Fred J. Rishaug. Han grunnla bedrifta i 1988 og sto for leiinga til 2014 då Jorunn tok over.
27. juni 2016
Bedriftsbesøk til Nyborg AS
Sykkylven Rotary Klubb: Bedriftsbesøk 15. juni 2016 hos Nyborg AS, Sykkylven. http://nyborgfan.com/ Bedrifta produserer vifter og utstyr til ventilasjon i skip, oljeplattformer og alle leveransane blir "skreddarsydde" etter kunden sine behov.
3. mai 2016
Dugnad i Kyrkjeparken
Kyrkjeparken i Sykkylven, ei perle i sentrum!
Service Above Self – Å gagne andre – kjem av og til ekstra godt til syne hos medlemmene i Sykkylven Rotary Klubb. Til dømes på den årvisse dugnaden i Kyrkjeparken.
24. februar 2016
Sykkylven Næringsutvikling
I dag hadde vi besøk av Jarle Strømmegjerde som heldt et interessant foredrag om SNU og aktivitetane der. Sjekk gjerne denne heimesida: http://www.skaparglede.no
20. oktober 2015
InterCitymøte på Berlihuset
Onsdag 14,. oktober hadde vi besøk av guvernør Odd Jarle Hagen og ass. guvernør John Stenes
21. mars 2015
KK-Seminar/ Klubb Kompetanse Seminar, Ålesund
Distrikt 2305 inviterte tillitsvalde i klubben til seminar 21.mars 2015, på Quality Hotel Waterfront i Ålesund. Biletet viser samlinga i plenum før lunsj.