Medlemsmøter hos LK Hjelle 26 mars 2025

Sykkylven Rotary Klubb, møte 26. mars 2025:  Bedriftsbesøk,
L. K. Hjelle Møbelfabrikk.

Bedriftsbesøket hos L. K. Hjelle Møbelfabrikk var frå starten av samling i møterom bak dei store og spennande glasflatene i arkitekturen som ein kunne sjå frå utsida. CEO dei siste fem åra, Jens Peter Brunstad, ønska velkommen til oss 23 frammøtte og presenterte møbelfabrikken på beste vis med god informasjon gjennom ord og bilde. Etterpå fekk vi ei runde i fabrikken, i etasjen under. 

Produksjonen består av Sofaer, Puffer, Lenestoler, Stoler og Bord. Pluss reservedelar. På nettsidene
www.lkhjelle.no finn vi bra bilde med oversikt over produkta. Målet med heile produksjonen er kvalitet og eksklusiv design for både dagen og framtida. Underleverandørar av ymse komponentar finn vi i nærmiljøet Sykkylven/ Stranda, eller i distriktet, hovudsakleg innanfor fylket.
Fabrikken har 25 tilsette, og ei omsetting på rundt 50,5 mill. kroner i 2024. 30 prosent av produksjonen går til eksport; hovudsakleg til USA og Europa. God ordreinngang primo 2025.

 Modellane går attende til 1960 mens soga til fabrikken går heilt attende til 1940-talet. Jens Peter viste bilde av «stiftingsbrevet», dagsett 1941. Etter ein kort periode kjøpte Lars Karl Hjelle ut dei to andre stiftarane, og vart slik eine-eigar av bedrifta L.K.Hjelle. Eit barnebarn av Lars Karl, Dag Hjelle, arbeider i bedrifta i dag som produktutviklar. Eit bilde frå 1960 viser ein delegasjon frå L.K.Hjelle i ei SAS flytrapp. Dei er på veg til USA. Her hadde dei kontakt med bl.a. HermanMiller, som i dag er USA sitt største konsern innan møblar, og hovud-mottakar av L.K. sin eksport til USA. Med andre ord: tidleg ute i den oversjøiske marknaden!
                                                                                                                                                                                                                                                                                               Bestseljarane i dag var i utgangspunktet ikkje L. K. Hjelle-produkt. Siesta-stolen i ymse variantar/ modellar var det Ingmar Relling som opphaveleg sto bak, år 1966. Til L.K. i 2014. Sigurd Resell designa Modell 711, «eit tidlaust ikon», og seinare Falcon i 1971. Begge desse modellane er innkjøpte av fabrikken i løpet av dei siste åra.  «Norway Says» kom på marknaden i 2002, med designarane Torbjørn Anderssen, Andreas Engesvik og Espen Voll. God utnytting av materialet, minst mogleg volum for transport, enkelheit i produktet er grunnleggande krav til produksjonen. I dag også berekraft og krav til resirkulering av dei einskilde komponentane. Dagens designarar er fleire, og ein viser til fabrikken si nettside.

  Omvisinga i produksjonslokala var interessant, men utan produksjon på kveldstida. Fabrikken set si ære i å bruke førsteklasses råstoff/ komponentar i alle ledd. Difor kan prislappen på ein Modell 711 stol bli etter måten høg (sjå bilde!) Med nøttetre armlene/ treverk og rygg/ pute av hud estimerte Jens Peter ein kostnad på 20-30.000 kr. pr. stol! På bildet: merk spesielt armlena: dei er kopi-dreia på ein spesiell dreiebenk som i Noreg finst i kun to eksemplar. «Den eine står i Hornindal og dreier våpenkolbar», i følgje Jens Peter.

  Etter ein dryg time gjekk ekskursjonen/ bedriftsbesøket mot slutten, og CEO Jens Peter fekk stor takk for god informasjon og omvising frå Rotary president Nils Arve Kjemphol Schwartz.

 

Skrivar Olav Pileberg.


Utvendig arkitektur av beste merke hos
L.K.Hjelle Møbelfabrikk

 





Ei lydhøyr forsamling som heller ikkje gjekk av vegen for å stille spørsmål undervegs.








 

CEO/ Chief executive officer (Dagleg leiar/ Administrerande direktør) Jens Peter Brunstad tok mot og informerte.

 

 

 

 

 

 



Kristin: verdig og velkledd, prøver ein av dei gode sofa kreasjonane.

 





 

Modell 711 stol, med eik treverk og ull puter.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 



Jens Peter deler detaljar om Modell 711 stol, i amerikansk nøttetre og hud.

 



 

 

 

Falcon, også ein kreasjon med mange års ansiennitet i marknaden.

 

 



 

 

 


President Nils Arve fann seg godt til rette i Falcon.

 

 

 

 

 

 

 



 


 

Klubbmedlemmene rundt «stansebordet» der hudene blir scanna og malane plasserte for optimal utnytting av det kostbare materialet.

 

 



 

Jens Peter med «største utfordringa» for omatt bruk/ recykling: puter laga av eit skum-produkt basert på olje. Dei andre komponentane kan brukast om att, men denne…??





The Grand Old Man i norsk møbeldesign, Ingmar Relling. (1920-2002) Mannen bak Siesta. 

 

 

 





 


“Norway Says” med dei tre dyktige designarane Torbjørn Anderssen, Andreas Engesvik og Espen Voll.

 

 

 

 

 

 

 

 


 
Bedriftsbesøk til Nyborg AS

27. juni 2016

Bedriftsbesøk til Nyborg AS

Sykkylven Rotary Klubb: Bedriftsbesøk 15. juni 2016 hos Nyborg AS, Sykkylven. http://nyborgfan.com/ Bedrifta produserer vifter og utstyr til ventilasjon i skip, oljeplattformer og alle leveransane blir "skreddarsydde" etter kunden sine behov.

Gardsbesøk

28. mai 2016

Gardsbesøk

Gardsbesøk 25. mai hosBastian

Dugnad i Kyrkjeparken

3. mai 2016

Dugnad i Kyrkjeparken

Kyrkjeparken i Sykkylven, ei perle i sentrum!
Service Above Self – Å gagne andre – kjem av og til ekstra godt til syne hos medlemmene i Sykkylven Rotary Klubb. Til dømes på den årvisse dugnaden i Kyrkjeparken.

Sykkylven Næringsutvikling

24. februar 2016

Sykkylven Næringsutvikling

I dag hadde vi besøk av Jarle Strømmegjerde som heldt et interessant foredrag om SNU og aktivitetane der. Sjekk gjerne denne heimesida: http://www.skaparglede.no

InterCitymøte  på Berlihuset

20. oktober 2015

InterCitymøte på Berlihuset

Onsdag 14,. oktober hadde vi besøk av guvernør Odd Jarle Hagen og ass. guvernør John Stenes

Helse Møre og Romsdal Hf som hovudtema i SRK

9. juli 2015

Helse Møre og Romsdal Hf som hovudtema i SRK

Det opne møtet i Sykkylven Rotary Klubb sist onsdag samla fram mot førti medlemmer og gjester. Alle ville dei høyre det som konstituert administrerande direktør i Helse Møre og Romsdal, Dag Hårstad, hadde å seie om sjukehusstruktur og spesialhelsetenesten

KK-Seminar/ Klubb Kompetanse Seminar, Ålesund

21. mars 2015

KK-Seminar/ Klubb Kompetanse Seminar, Ålesund

Distrikt 2305 inviterte tillitsvalde i klubben til seminar 21.mars 2015, på Quality Hotel Waterfront i Ålesund. Biletet viser samlinga i plenum før lunsj.

Sosiale medier

Møteinformasjon

Møtested: Bibliotekjelleren
Adresse: Pilgata 10, 6230 Sykkylven
Postnummer: 6230
Sted: Sykkylven
Land: NO
Møtedag: Onsdag
Møtetid: 19:00
Møtespråk: no

Place content here

Klubbens møter denne måneden

Møtefri - Påske

2025-04-16 19:00 - 20:00

Dugnad kirkeparken

2025-04-23 19:00 - 20:00

Møtefri pga dagen før raudedag

2025-04-30 19:00 - 20:00

Møtearkiv fra
før August 2022



rotary lenker

Nyheter fra
rotary INTERNATIONAL:

Loading RSS...

Nytt fra Rotary i Norge

District - Rotary RSS