Medlemsmøte 2 april 2025

Referat frå møte i Sykkylven Rotaryklubb onsdag 02.april 2025

President Nils Arve Kjemphol ønska alle velkommen til møte.Spesielt ønska han Nikolai Karlsen velkommen.  Han opplyste at strand rydding er flytta frå onsdag 02.april 2025 til onsdag 07 mai 2025. Bakgrunnen for flyttinga er at ein i dag skal snakke om kva slags strategi ein skal bruke for medlemsverving i klubben. 

Presidenten minte om at deltakerne som skal delta på Naturmøteplass ved Bakkedammen, Rolf Hjellegjerde, Knut Molnes, Jan Fredriksen, Petter Velle og Geir Brekke  Presidenten  sa også  at det er viktig å bruke  Rotary sine vestar. Det er viktig at ein viser at klubben sine medlemmer deltek frå Rotary. 

Agenda:

  • Allsong.
  • 3 minutt ved Kristin Grebstad.
  • Rotarykaffi m/lotteri.

Dagens tema. Medlemsverving ved Nikolai Karlsen og Knut Henning Aursnes. 

Allsong: Vi tror,vi tror på Rotary. Melodi: Jeg tror på sommeren. 

Presidenten ga ordet til Kristin Grebstad og 3 minutt. 

President , Rotary venner og gjest. Eg vil no fortelje kva eg gjer på dagtid og litt på kveldstid. Eg er rektor ved Velledalen Montessorriskule som starta i 2012. Det er i skrivande stund 73 elevar, men den er godkjent for 75. Dei har for det meste vore opp i 78 elevar. 

I fjor hadde dei inntekter på 18 millioner. Fordelen som rektor når ho arbeider ved ein privat skule er at 18 millionar må brukast opp. Ho har ikkje lov til å bruke dei på anna enn på elevane. 

Kristin har rundt 25 tilsette som ho har personalansvar for. Dette er studentar, folk som er utplassert gjennom NAV og folk i vikariat og permisjoner. Skulen har høg kompetanse i kollegiet, mange med 5 - 6 års utdanning, og vi vel  folk med 3 årig utdanning inn i stillingar som kunne ha vore dekka av fagarbeidera.  Dei vil ha dei beste og tek dei med 3 årig utdanning. Vi har lærere, montessoripedagogar, barnehagelærarar, sosionomar, helsefagarbeider, fagarbeidarar i gjengen på skulen. Det har vore veldig stabilt personal, og eit godt arbeidsmiljø. Vi skal vere rause både mot kvarandre, inn mot elevar/foreldre, andre som er innom skulen og mot lokalmiljøet vi er ein del av. Det overordna målet er inkludering og sjølvstendigheit. 

Skulen skil seg sjølvsagt frå andre skular pedagogisk.Med oss jobber elevane i arbeidsblanda grupper i lengre økter. Dei jobber med materiell som dei har blitt presentert og dei jobber med ulike fag og på ulike nivå inne i klasseromma. Det dei arbeider med er tilpassa det kvar elev treng å jobbe med for å utvikle seg. 

Kristin  fortel at skulen også skil seg ut med andre aktivitetar: 

Symjing kvar veke frå 1 - 7 klasse,med muligheit til å gi ekstra opplæring om der er nokon som treng det i ein periode.Skulen har også  fokus på mat som er viktig for å halde ut i ein lang skuledag. Tilbod om gratis frokost, og frå mars 2024 tilsette vi ein eigen person til alt som har med mat å gjere. Felles lunsj på grendahuset med fokus på sunn mat, heimbaka brød ,lite sukker, yoghurt . Mjølk eller vatn til drikke. kr 525 pr måned pr elev. Omtrent 95 % som er med. Dei som ikkje har økonomi dekker FAU.

Korps 1 økt pr veke frå 3 -6 klasse no, skal bli t.o.m 7 klasse. Lære å spele eit instrument då det er mykje læring i å spele i lag. Pensjonistar og besteforeldre som er instruktører . I tillegg leiger dei hjelp frå Kulturskulen. Skal opptre 17 mai, so ligg i hardtrening no. Det er krevande å bygge opp eit korps, men ho har  tru for at dei skal klare det. 

Skulekvardagen er krevjande og vi møter mange utfordringar. Vi ser mange heimar som slit med ymse, og vi møter mange elevar som er vant med å vare i sentrum og som gjerne vil ha det meste tilpassa til seg.. Det kan by på utfordringar når du er i ei gruppe med 25 andre og må innrette deg etter det. 

Skulen har fleire gode samarbeidspartnere som feks Barne og undomspsykiatrien i Ålesund.  Her får  elever som treng det hjelp. Skulen har videre  samarbeid med barnevernet, PPT, helse sjukepleiar som har fast ein halv dag i veka på skulen. Skulen har også samarbeid med logoped, fysioterapeut  og ergoterapeut. Andre skuler i andre kommuner er misunnelig fordi vi har eit sånt godt samarbeid. 

Sykkylven kommune har også satsa på BTI, bedre tverrfaglig innsats der ulike etater arbeider på tvers. Ein ser at skulen, NAV og barnehager sitter på kunnskap som kan være til hjelp for elever som slit. Her kreves det samtykke frå verge for å gå inn med tiltak overfor eleven. 

Det Barna gler seg no mest skal  er Tindetur i Juni 25.  Dei flytter då til Brunstad Kristelig Ungdomssenter. 4 klasse og oppover overnatter då der. Det blir då ulike aktiviteter blant anna  natursti. Dette gjennomfører skulen kvart andre år. 

Ellers så har Kristin gledd seg alle desse åra til å gå på arbeid og det er ein god følelse.  

Medlemsutvikling

Knut Henning Aursnes er Past president. Han er då ansvarleg for medlemsverving i klubben. Dei har diskutert i styret korleis dei skal verve nye medlemmar i klubben. Tidlegare praksis har vore at ein inviterer nokon til møta i klubben. Det har tidlegare fungert, men fungerer ikkje lenger like godt. Ein har ikkje hatt den auka medlems -massa  som ein kunne tenke oss. 

Styret har bestemt at ein skal gå breit ut. Ein skal prøve at personer sjølv tek kontakt og spør om dei kan bli medlem. Vi kal vare rause med dei som spør. Klubben har derfor invitert Nikolai Karlsen  Han skal starte opp ei verksemd innafor sosial media. Klubben har engasjert han litt og og han skal no fortelje kva han kan bidra med. 

Nikolai Karlsen er til dagleg leiar i Sykkylven Idrettslag. Han har følgjande utdanning. Bachelor i media, IKT design frå Høgskulen i Volda. Prosjekt og leiar frå Emergence School of leaderskip. Photo documentery frå Høgskolen i Volda. 

Karlsen fortalte om sitt første betalte oppdrag som var åpninga av Ivar Aasentunet i 2008. 

Karlsen fortalte at han kan tilby klubben tjenester innanfor foto. Innhaldsproduksjon/marknadsføring på alle flater. Drift av plattformar. Tekst. Prosjekt og prosessleiing. Rådgiving.  Drifting og utvikling av strategiar. 

I ei medlemsverving kampanje er det viktig å få fram følgjande:

  • Kva er Rotary?
  • Korleis funker Rotary?
  • Kvifor vare medlem i Rotary?

Han var også innom tema som medlemsintervju, bruk av bilder frå arrangement og samfunnsprosjekt som klubben sine medlemmar deltek i. 

På møtet blei det også gjennomført ein kjapp Workshop.

Viktige poeng å ta med i kampanjen.

Kva dokke gjer for Sykkylven - lokal påverknad. Unikt nettverk. Sosialt og lærerikt. Gjev deg ein livslang fordel. 

Til slutt presenterte Karlsen 4 forslag til korleis ein kan drive medlemsverving. Sjå bilder under. 

President Nils Arve Kjemphol takka Nicolai Karlsen for foredraget, og opplyste at klubben skal arbeide videre med medlemsverving framover. 


Skrivar

Steven Blindheim


 
President i SRK 2016-2017. Klubben har passert 60 år.

7. juli 2016

President i SRK 2016-2017. Klubben har passert 60 år.

Ny president i Sykkylven Rotary Klubb 2016-2017 er Steven Blindheim. Presidentskiftet var 29. juni, og 6. juli leia Steven sitt første ordinære rotarymøte. Mellom anna orienterte han om klubben, som nettopp har passert sine 60 år. Charterdato er 5. juli.

Rico Bil AS: Blomstrande bedrift med bil i fokus!

4. juli 2016

Rico Bil AS: Blomstrande bedrift med bil i fokus!

Bedriftbesøk til Rico Bil AS i Ålesund sto på programmet 13. april 2016. Vi vart tekne særs godt i mot av dagleg leiar Jorunn Lundanes og noverande konsulent Fred J. Rishaug. Han grunnla bedrifta i 1988 og sto for leiinga til 2014 då Jorunn tok over.

Bedriftsbesøk til Nyborg AS

27. juni 2016

Bedriftsbesøk til Nyborg AS

Sykkylven Rotary Klubb: Bedriftsbesøk 15. juni 2016 hos Nyborg AS, Sykkylven. http://nyborgfan.com/ Bedrifta produserer vifter og utstyr til ventilasjon i skip, oljeplattformer og alle leveransane blir "skreddarsydde" etter kunden sine behov.

Gardsbesøk

28. mai 2016

Gardsbesøk

Gardsbesøk 25. mai hosBastian

Dugnad i Kyrkjeparken

3. mai 2016

Dugnad i Kyrkjeparken

Kyrkjeparken i Sykkylven, ei perle i sentrum!
Service Above Self – Å gagne andre – kjem av og til ekstra godt til syne hos medlemmene i Sykkylven Rotary Klubb. Til dømes på den årvisse dugnaden i Kyrkjeparken.

Sykkylven Næringsutvikling

24. februar 2016

Sykkylven Næringsutvikling

I dag hadde vi besøk av Jarle Strømmegjerde som heldt et interessant foredrag om SNU og aktivitetane der. Sjekk gjerne denne heimesida: http://www.skaparglede.no

InterCitymøte  på Berlihuset

20. oktober 2015

InterCitymøte på Berlihuset

Onsdag 14,. oktober hadde vi besøk av guvernør Odd Jarle Hagen og ass. guvernør John Stenes

KK-Seminar/ Klubb Kompetanse Seminar, Ålesund

21. mars 2015

KK-Seminar/ Klubb Kompetanse Seminar, Ålesund

Distrikt 2305 inviterte tillitsvalde i klubben til seminar 21.mars 2015, på Quality Hotel Waterfront i Ålesund. Biletet viser samlinga i plenum før lunsj.