Referat fra 21 mai 25. Besøk av Sykkylven Industri og næringslag

Referat frå møte i Sykkylven Rotaryklubb onsdag 21.mai.2025.

President Nils Arve Kjemphol ønska alle velkommen til møte. Han ønskte spesielt velkommen til foredragshaldar Solveig Gaundal som skal snakke om Sykkylven industri og Næringslag. 

Agenda for møte :

  • Allsong. Livets lyse sider av Finn Kalvik. 
  • Informasjon frå Sekretær Steinar Klokk.
  • Rotarykaffe.
  • 3 minutt ved Øyvind Østvik.
  • Foredrag om Sykkylven Industri og Næringslag ved Solveig Gaundal.

Sekretæren opplyste at på siste møte var det eit oppmøte på 22og 2 i permisjon. Dette ga ein oppmøte på 71 %. 

Bursdager: Jan Kåre Aurdal blir 70 år fredag 23.mai.25. Ingjerd Asbjørnsen blir 79 år tirsdag 27.mai 25 og Asbjørn Riksheim blir 74 år søndag 01.juni 25. 

3 minutt ved Øyvind Østvik 

President og Rotary venner og gjest. Eg har alltid likt å reise. Det har blitt mange turer etter første utenlands tur eg hadde saman med 2 kamerater gjennom Sverige og ned til København på motorsykkel som 18 og 19 åring. Det var ein bra tur den gongen, men det begynner og bli mange år sidan. 

Siste året har han hatt 4 utenlandsturer og besøkt 9 land, og det er nesten rekord på eit år. 

I dağ vil han snakke om noke som skjedde på reisa. Siste turen han var på til India.Han reiste via Helsingfors. Før dei borda flyet blei dei losa inn i eit ganske trangt lokale. Det var berre eit fåtall som fekk sitje . Mesteparten 2/3 deler var indere. Dei blei stående og vente ei stund. Ein inder spratt då opp og tilbydde han sitjeplass då han såg att Øyvind byrja  å bli ein gamal mann. Øyvind svarte «at han klarte å stå». Inderen insisterte og sa han måtte sette seg ned. Øyvind takka ja til tilbudet og det var fint. 

Flyturen tok ca 10 timer. Han hadde etterkvart eit behov for eit toalettbesøk etter middag. Han blei  då ståande i toalett kø. Det stod ca 6 - 7 personer foran han i køa. Det var då ein som stod heilt fremst i køa som vinka på han. «Please come here». Han blei då geleidet fremst og fekk gå inn på toalettet. Det var også ein inder. Øyvind begynte då å tenke.  Kva er det som skjer her ? I Norge har vi hatt ei fin utvikling. Vi er eit av dei rikaste landa i verda pga olje og gass. 

Etter han kom heim var han ein snartur til Ålesund. Han tok bussen. Då han kom ut på Moa blei bussen storma av ungdom slik dei måtte vente med å kome av bussen før alle ungdommane hadde kome inn og sikre seg sitjeplass på bussen. Då han skulle heim var det likeeins. Ein «horde» med ungdommar storma bussen for å sikre seg sitjeplassar. Han blei ståande og klarte godt og stå framleis. Det var ingen som tilbydde seg sitjeplass på den bussen. Ein kan då gjere sine refleksjonar. Har vi tapt noke på vegen fram til den rikdommen vi har i dag? Takk.

Etter pausen blei det gjennomført 1 - minutt stillheit for tidlegare Rotarymedlem Olav Utgård som døde 19.mai. 2025. 

Foredrag om Sykkylven Industri og Næringslag ved Solveig Gaundal.

Sykkylven Industri og Næringslag blei skipa 03.03.1948. Formålet den gong var eit ønske om å samle industrifolk i Sykkylven, og fremje saker av sams interesse til gagn for industrien i bygda og landet.I dag har vi 54 medlemsbedrifter, og trenger fortsatt fleire medarbeidere. 

Sykkylven Industri og Næringslag er medeigar i SNU. Det er viktig for både kommune og bedriftene med tettere samarbeid. Bedriftene bidrar mykje inn i næringslivet som også Sykkylven kommune har stor nytte av. Støtter opplæringskontoret. (bl.a. transport for at elever kan besøke lærebedriftene). Støtter rekrutteringsarbeidet for å sikre bedriftene i Sykkylven og Stranda nødvendig kompetanse. Er også med i Node samarbeid som er kompetansesenteret for robotteknologi. 

Ei veke i året arrangerer Industri og Næringslaget Teknologifestival. 

BHT  (bedriftshelsetjenesten) starta i 1976 etter initiativ frå Sykkylven industri og Næringslag. 

Solveig Gaundal fortalte at Stranda vil ikkje ha arbeidsløyse framover. Ho sa også at Sykkylven vil komme der om nokre år. Dei regionane som klarer å rekruttere fagarbeidere blir vinnere.

Næringslaget arbeider også med samferdsel. Dei meiner at Storfjordsambandet er viktig, og uansett er fast forbindelse mykje bedre enn ferge. Dei arbeider også for å få på plass tunnel gjennom Strandafjellet. Men inntil det er på plass, må fergetilbudet utvidast. 

Kommune må spele på lag og legge til rette for ny etableringar. 

Næringslaget har samarbeid med SUSK. Målet må vere at fleire av valgfaga må gjenspeile framtidige behov for Sykkylven. Dei har starta opp igjen utdanningsmesse ved Sykkylven Kulturhus. Der deltar fleire bedrifter, elevar, foreldre og fleire vidaregåande skular. 

Dei har også samarbeid med SVGS. Der har dei altid siste  og nyaste av roboter og samarbeid med Ekornes. Medlemsbedrifter støtter SVGS med topp moderne  utstyr innan automasjon og robotikk i tillegg bidreg bedrifter med midler og utstyr. Skulen må kanskje i framtida hente meir kompetanse frå bedriftene til å undervise i nye og revolusjonerende fagfelt.

Resultatet av samarbeidet er at SVSK er på landstoppen og i følge Gaundal er dei landets beste innan automasjon og robotikk. Dette pga det tette samarbeidet med industrien i Sykkylven. 

I februar 2020 fekk alle elevane ved Vg2 Industriteknologi og Vg3 automasjon ved Sykkylven vidaregåande skule garantert lærlingsplass som er svært positivt.  

12 - 13 % av alle roboter i Norge er i Sykkylven. Dette gir eit flott utgangspunkt for vidare utvikling. Derfor er Sykkylven ei teknologikommune. 

Det var eit interessant  foredrag som blei avslutta med at medlemmar fekk stille spørsmål. 

President Nils Arve Kjemphol takker foredragshaldar Solveig Gaundal for foredraget om Sykkylven Industri og Næringslag.

Presidenten opplyste at det blir strandrydding onsdag 04.juni 2025. Det skal ryddast på Aursneset og langs Fetvatnet. Det blir delt inn i to grupper. Meir informasjon kjem etter kvart. 

Dei neste dagane blir det køyrt ei vervekampanje for å få nye medlemmer i Rotaryklubben på Facebook .Kampanjen skal køyrast i 14 dager. Presidenten oppmoda alle medlemmane til å dele vervekampanjen på Facebook. 

Referent Steven Blindheim


 
President i SRK 2016-2017. Klubben har passert 60 år.

7. juli 2016

President i SRK 2016-2017. Klubben har passert 60 år.

Ny president i Sykkylven Rotary Klubb 2016-2017 er Steven Blindheim. Presidentskiftet var 29. juni, og 6. juli leia Steven sitt første ordinære rotarymøte. Mellom anna orienterte han om klubben, som nettopp har passert sine 60 år. Charterdato er 5. juli.

Rico Bil AS: Blomstrande bedrift med bil i fokus!

4. juli 2016

Rico Bil AS: Blomstrande bedrift med bil i fokus!

Bedriftbesøk til Rico Bil AS i Ålesund sto på programmet 13. april 2016. Vi vart tekne særs godt i mot av dagleg leiar Jorunn Lundanes og noverande konsulent Fred J. Rishaug. Han grunnla bedrifta i 1988 og sto for leiinga til 2014 då Jorunn tok over.

Bedriftsbesøk til Nyborg AS

27. juni 2016

Bedriftsbesøk til Nyborg AS

Sykkylven Rotary Klubb: Bedriftsbesøk 15. juni 2016 hos Nyborg AS, Sykkylven. http://nyborgfan.com/ Bedrifta produserer vifter og utstyr til ventilasjon i skip, oljeplattformer og alle leveransane blir "skreddarsydde" etter kunden sine behov.

Gardsbesøk

28. mai 2016

Gardsbesøk

Gardsbesøk 25. mai hosBastian

Dugnad i Kyrkjeparken

3. mai 2016

Dugnad i Kyrkjeparken

Kyrkjeparken i Sykkylven, ei perle i sentrum!
Service Above Self – Å gagne andre – kjem av og til ekstra godt til syne hos medlemmene i Sykkylven Rotary Klubb. Til dømes på den årvisse dugnaden i Kyrkjeparken.

Sykkylven Næringsutvikling

24. februar 2016

Sykkylven Næringsutvikling

I dag hadde vi besøk av Jarle Strømmegjerde som heldt et interessant foredrag om SNU og aktivitetane der. Sjekk gjerne denne heimesida: http://www.skaparglede.no

InterCitymøte  på Berlihuset

20. oktober 2015

InterCitymøte på Berlihuset

Onsdag 14,. oktober hadde vi besøk av guvernør Odd Jarle Hagen og ass. guvernør John Stenes

KK-Seminar/ Klubb Kompetanse Seminar, Ålesund

21. mars 2015

KK-Seminar/ Klubb Kompetanse Seminar, Ålesund

Distrikt 2305 inviterte tillitsvalde i klubben til seminar 21.mars 2015, på Quality Hotel Waterfront i Ålesund. Biletet viser samlinga i plenum før lunsj.