Presidenten sin time
Sykkylven Rotary Klubb; møte 1. oktober 2025. Presidentens Time,
President Kristin Grebstad ønska velkommen til klubbmedlemmene. Ingen gjester. Kristin minte om i dag: Den internasjonale vegetardagen, Eldredagen, og - frå salen: Kaffidagen og nasjonaldag i Kina. I tillegg: kraftig jordskjelv på Filippinane. Greta H. sa at i SMS melding frå Lone Christine Tynes Anderson, melde ho at ingen av deira på Bogo var skada. Dei slapp nokolunde «lett» frå skjelvet og etterskjelva. Vidare detaljar manglar. Oversyn for møtet:

· Allsong v/ Olav P: Første tur/ Det er lauvfallstid og lognt i alle lundar (Henrik Straumsheim) Tradisjon med denne songen på denne tida av året.
· Kunngjeringar frå sekretæren, Steinar Klokk.
· 3-minutt: Svein Erik Kampenes
· Rotarykaffi m/ vinlotteri
· Dagens program: Presidenten sin time
3-minutt ved Svein Erik handla om «endringar og utfordringar som kjem framover, i møbelindustrien». Nytt EU-direktiv: ECO-design and Sustainable Product Regulations: ESPR. Kva går det ut på? Det handlar om å skape eit Berekraftig rammeverk rundt alle produkt, også møblar. Hovudmåla er å auke holdbarheita, med enklare høve til å reparere eit produkt, og betre høve til å resirkulere delane i eit produkt,- som ein sofa eller ein stol. Alt med det føremål å redusere miljø- og karbonavtrykk, og såleis fremje den sirkulære økonomien – som alt frå skapinga har vore grunnleggande for det lukka økosystemet som vi lever i. Frå 2030 skal det innførast eit såkalla EU Digital Product Passport,-

Mat og prat pluss lotteri sto så på programmet. Kristin oppmoda medlemmene om å ta turen til Volda tysdag 7. oktober, til møtet med DG, DistriktsGuvernør Lidun Hareide. Greta meinte at ferja frå Hundeidvik kl.17 ville passe best. Det teiknar til å bli «ein bra delegasjon frå Sykkylven», i følgje Presidenten.
President orientering: styremøte i dag, før medlemsmøtet. Ymse saker: 1)Kva høyrer til fokusfeltet for dei ulike komitéane i Rotary-klubben? «Instruks» for komitéleiarane vil bli utarbeidd. 2) Polio-aksjonen er 24. oktober. Som i fjor vil Rotary «lyse opp Noreg» og i tillegg «sone 17 og sone 18» og «10-12 andre land». Målet er å markere Rotary sitt fokus på utrydding av polio, verda over. I Sykkylven vil Berli-huset bli lyssett frå kl.07. Gjennom dagen vil det bli ein plass ved huset for «drop in» av forbipasserande. Vi vonar på godt og lagleg vêr. Kryss av datoen i kalenderen og møt fram. 3) Leiarverv i Rotary; utfordringar med å få medlemmer til å ta på seg. Vi utarbeider ei liste over medlemmer som ikkje har vore president. Desse blir utfordra,- særleg med tanke på innkommande president for 2026/27. OPPFORDRING: Når Rotary legg ut saker på Facebook, vil verknaden bli mangedobla dersom medlemmene deler saka på si eiga side. Gjerne (helst!) som offentleg ,- slik at saka når alle, og ikkje berre vennane dine. Hugs også å klikke «liker». 4) Medlemsverving: - og korleis halde på nye medlemmer. På Hamar var det distriktskonferanse i september, og i følgje Kristin var dette ei av sakene. Medlemstalet går ikkje oppover,- snarare tvert i mot. Les programmet her:
Program distriktskonferanse 2025
«Endringsvilje» var eit av stikkorda for auke av medlemstalet. Kontakta med Nicolai Karlsen vil bli halden ved like, m.o.t. å nå ut på sosiale flater. 5) Moglege nye møtelokale. Styret arbeider med dette. 6) Diskusjon 5 min rundt borda: Kva kan vi gjere for å tiltrekke oss nye medlemmer? «Å vere synleg» - noko av det aller viktigaste. (Skrivaren refererer ikkje frå innspela av utsegnene rundt borda.) «Tenk yrkes-sektor for sektor», meinte eit medlem. Eit anna medlem: meir energi til å invitere folk til «ekstra gode møte» med allmenn interesse. Enno eit anna medlem: Rotary har lang tradisjon med speidar-support/ kontakt. Denne må vi blankpusse og halde fast på. 7) Vere opne for Samarbeid med andre grupper. 8) Jan F. minte om behovet for eit Rotary skilt utanfor møtelokalet. I dag manglar slikt skilt. 9) Bastian: I dag er Rotary ein enkel klubb å bli med i, utan særlege krav til kleskode o.a. «formalitetar». Vi kan godt seie at det er eit «lavterskel-tilbod.» som passar dei fleste, unge som eldre. 10) Sponsing av «Senior-treff» med 75 års jubileum. Rotary er ansvarleg for musikken… ikkje v/ Olav, men dyktige Lena Fet. 11) Distriktskonferansen på Hamar: Steinar K. og Kristin G. frå vår klubb. Motto: «Å gagne andre, i beredskap, i kultur og i krise.» Krise er nyss erfart i byen, med tanke på dei fire unge kvinnene som omkom i katastrofebrann. Matberedskap og digital beredskap: dagens nettverk er utsett for farer og sabotasje med stort potensiale for massive negative konsekvensar. Kongsberg-gruppen informerte om forsvars-beredskap. 12) Presentasjon av ymse prosjekt,- t.d. frå Nepal: auge-operasjonar på under fem minutt. 13) Kulturelle innslag og informasjon om Hamar-distriktet. Sagatun Folkehøgskule. Nytt kulturhus genererer interesse og arbeidsplassar.14) Rotary med nye regionar frå 2028. Spennande. 15) Årsmøtet gjekk radig og greitt. 16) Raufoss rotaryklubb hadde utvikla ei «beredskapskasse» med mat o.a. for ei veke til ein person. Til salgs gjennom klubben for kr. 1200,- som «Beredskapsvenn».
Så lang president Kristin Grebstad,- som elles minte om at neste veke er det Volda og DG-møte som gjeld. Ikkje møte i Sykkylven. Etter at to glade vinnarar hadde fått seg kvar si flaske etter lotteriet, var det takk for i kveld og vel heim.
Olav Pileberg, skrivar
13. juni 2017
Kjell Løseth fortel om identitetstjuveri.
Les referat frå møte i SRK der Kjell fortel om identitetstjuveri og mester -identitetstjuv Viggo Johan Ørbak.
22. april 2017
Vårt nye medlem Sindre Stuen heldt sitt Egoforedrag 19. april.
Les Sindre sitt foredrag frå eit spennende liv både til lands og til vanns.
8. april 2017
Visepresidenten sin time 5. april.
Les kva visepresident Bastian hadde å fortelle frå Presidentkurset (PETS) på Dombås 1. og 2. april. Les også kva sokneprest Helge fortalte om sin situasjon etter oppseiinga av sin jobb som prest.
1. april 2017
Fredrik Støyva Emblem frå Ålesund Kunnskapspark (åkp)besøker Sykkylven Rotaryklubb
Les referat frå det interessante og framtidsretta foredraget som Fredrik heldt 29. mars i Sykkylven Rotaryklubb.
25. mars 2017
Marit Akslen besøker Sykkylven Rotaryklubb.
Les referat frå Tekstilkunstner Marit Akslen sitt besøk i Sykkylven Rotaryklubb der ho presenterer sin kunst
17. mars 2017
På besøk hos Torunn Kjemphol og hennar Galleri 2K
Les referat og sjå bilder frå vårt besøk hos Torunn Kjemphol og Galleri K2 i Tusvika.
10. mars 2017
Steinar Klokk held sitt ego/yrkesforedrag
Les referat frå Rotarymøte på Kvinnedagen 8. mars og spesielt vår nye medlem Steinar Klokk sitt flotte ego/yrkesforedrag.
23. februar 2017
Bedriftsbesøk hos Ove Straumsheim Glas og Fasader
Les om Sykkylven Rotaryklubb sitt flotte og interessante besøk hos Ove Glas og Fasader på "Tangholmen" i Straumgjerde.
18. februar 2017
Velferdsteknologi ved komunalsjef Eli Otterlei
Les referat frå kommunalsjef Eli Otterlei sitt flotte og grundig foredrag om velferdsteknologi