Presidenten sin time

Sykkylven Rotary Klubb; møte 1. oktober 2025. Presidentens Time, 

President Kristin Grebstad ønska velkommen til klubbmedlemmene. Ingen gjester. Kristin minte om i dag: Den internasjonale vegetardagen, Eldredagen, og -  frå salen: Kaffidagen og nasjonaldag i Kina. I tillegg: kraftig jordskjelv på Filippinane. Greta H. sa at i SMS melding frå Lone Christine Tynes Anderson, melde ho at ingen av deira på Bogo var skada. Dei slapp nokolunde «lett» frå skjelvet og etterskjelva. Vidare detaljar manglar. Oversyn for møtet:

·      Allsong v/ Olav P: Første tur/ Det er lauvfallstid og lognt i alle lundar (Henrik Straumsheim) Tradisjon med denne songen på denne tida av året.

·      Kunngjeringar frå sekretæren, Steinar Klokk.

·      3-minutt: Svein Erik Kampenes

·      Rotarykaffi m/ vinlotteri

·      Dagens program: Presidenten sin time

3-minutt ved Svein Erik  handla om «endringar og utfordringar som kjem framover, i møbelindustrien». Nytt EU-direktiv: ECO-design and Sustainable Product Regulations: ESPR. Kva går det ut på? Det handlar om å skape eit Berekraftig rammeverk rundt alle produkt, også møblar. Hovudmåla er å auke holdbarheita, med enklare høve til å reparere eit produkt, og betre høve til å resirkulere delane i eit produkt,- som ein sofa eller ein stol. Alt med det føremål å redusere miljø- og karbonavtrykk, og såleis fremje den sirkulære økonomien – som alt frå skapinga har vore grunnleggande for det lukka økosystemet som vi lever i. Frå 2030 skal det innførast eit såkalla EU Digital Product Passport,-

EU Digital Product Passport som gjer det mogeleg å spore alle komponentane i eit produkt. (Litt av ei utfordring; stakkars produsentar og oss kundar! Ref. merknad/ hjartesukk.)   

 

Mat og prat pluss lotteri sto så på programmet. Kristin oppmoda medlemmene om å ta turen til Volda tysdag 7. oktober, til møtet med DG, DistriktsGuvernør Lidun Hareide. Greta meinte at ferja frå Hundeidvik kl.17 ville passe best. Det teiknar til å bli «ein bra delegasjon frå Sykkylven», i følgje Presidenten.

President orientering: styremøte i dag, før medlemsmøtet. Ymse saker: 1)Kva høyrer til fokusfeltet for dei ulike komitéane i Rotary-klubben? «Instruks» for komitéleiarane vil bli utarbeidd. 2) Polio-aksjonen er 24. oktober. Som i fjor vil Rotary «lyse opp Noreg» og i tillegg «sone 17 og sone 18» og «10-12 andre land». Målet er å markere Rotary sitt fokus på utrydding av polio, verda over. I Sykkylven vil Berli-huset bli lyssett frå kl.07. Gjennom dagen vil det bli ein plass ved huset for «drop in» av forbipasserande. Vi vonar på godt og lagleg vêr. Kryss av datoen i kalenderen og møt fram. 3) Leiarverv i Rotary; utfordringar med å få medlemmer til å ta på seg. Vi utarbeider ei liste over medlemmer som ikkje har vore president. Desse blir utfordra,- særleg med tanke på innkommande president for 2026/27. OPPFORDRING: Når Rotary legg ut saker på Facebook, vil verknaden bli mangedobla dersom medlemmene deler saka på si eiga side. Gjerne (helst!) som offentleg ,- slik at saka når alle, og ikkje berre vennane dine. Hugs også å klikke «liker». 4) Medlemsverving: - og korleis halde på nye medlemmer. På Hamar var det distriktskonferanse i september, og i følgje Kristin var dette ei av sakene. Medlemstalet går ikkje oppover,- snarare tvert i mot. Les programmet her: 

Program distriktskonferanse 2025

«Endringsvilje» var eit av stikkorda for auke av medlemstalet. Kontakta med Nicolai Karlsen vil bli halden ved like, m.o.t. å nå ut på sosiale flater.  5) Moglege nye møtelokale. Styret arbeider med dette. 6) Diskusjon 5 min rundt borda: Kva kan vi gjere for å tiltrekke oss nye medlemmer? «Å vere synleg» - noko av det aller viktigaste. (Skrivaren refererer ikkje frå innspela av utsegnene rundt borda.) «Tenk yrkes-sektor for sektor», meinte eit medlem. Eit anna medlem: meir energi til å invitere folk til «ekstra gode møte» med allmenn interesse. Enno eit anna medlem: Rotary har lang tradisjon med speidar-support/ kontakt. Denne må vi blankpusse og halde fast på. 7) Vere opne for Samarbeid  med andre grupper. 8) Jan F. minte om behovet for eit Rotary skilt utanfor møtelokalet. I dag manglar slikt skilt. 9) Bastian: I dag er Rotary ein enkel klubb å bli med i, utan særlege krav til kleskode o.a. «formalitetar». Vi kan godt seie at det er eit «lavterskel-tilbod.» som passar dei fleste, unge som eldre. 10) Sponsing av «Senior-treff» med 75 års jubileum. Rotary er ansvarleg for musikken… ikkje v/ Olav, men dyktige Lena Fet. 11) Distriktskonferansen på Hamar: Steinar K. og Kristin G. frå vår klubb. Motto: «Å gagne andre, i beredskap, i kultur og i krise.» Krise er nyss erfart i byen, med tanke på dei fire unge kvinnene som omkom i katastrofebrann. Matberedskap og digital beredskap: dagens nettverk er utsett for farer og sabotasje med stort potensiale for massive negative konsekvensar. Kongsberg-gruppen informerte om forsvars-beredskap. 12) Presentasjon av ymse prosjekt,- t.d. frå Nepal: auge-operasjonar på under fem minutt. 13) Kulturelle innslag og informasjon om Hamar-distriktet. Sagatun Folkehøgskule. Nytt kulturhus genererer interesse og arbeidsplassar.14) Rotary med nye regionar frå 2028. Spennande. 15) Årsmøtet gjekk radig og greitt. 16) Raufoss rotaryklubb hadde utvikla ei «beredskapskasse» med mat o.a. for ei veke til ein person. Til salgs gjennom klubben for kr. 1200,- som «Beredskapsvenn».

Så lang president Kristin Grebstad,- som elles minte om at neste veke er det Volda og DG-møte som gjeld. Ikkje møte i Sykkylven. Etter at to glade vinnarar hadde fått seg kvar si flaske etter lotteriet, var det takk for i kveld og vel heim.    
Olav Pileberg, skrivar


 
Arne Hanssen orienterer om den planlagte Designvegen.

3. februar 2017

Arne Hanssen orienterer om den planlagte Designvegen.

Les referat frå Rotarymøte 1. februar der m.a. Arne Hanssen fortalte om korleis han tenker seg den planlagte Designvegen.

Les referat frå Rotarymøte 25. januar:

3. februar 2017

Les referat frå Rotarymøte 25. januar:

Rotarymøte 25. januar der bl. a. Kjell Welle fortalte oss litt om teknikken bak dei forskjellige radiosignala.

Bedriftsbesøk ved Peterson Emballasje

26. januar 2017

Bedriftsbesøk ved Peterson Emballasje

Les Olav sitt referat frå Sykkylven Rotaryklubb sitt besøk ved Peterson Fabrikker her i Sykkylven

Politimester Ingar Bøen:

14. januar 2017

Politimester Ingar Bøen:

Les politimester Ingar Bøen sitt foredrag i Sykkylven Rotaryklubb der han orienterte om den nye Politireforma.

Julemøte i Sykkylven Rotaryklubb 21.des. 2016.

22. desember 2016

Julemøte i Sykkylven Rotaryklubb 21.des. 2016.

Les om det tradisjonelle Julemøtet i Sykkylven Rotaryklubb.

Lars P. Riksheim Treindustrier

1. november 2016

Lars P. Riksheim Treindustrier

Les og sjå bilde frå Sykkylven Rotaryklubb sitt bedriftsbesøk 26. oktober 2016

Verda sin poliodag 24. oktober

23. oktober 2016

Verda sin poliodag 24. oktober

Sjå og les korleis SRK valgte å markere denne dagen.

Guvernørbesøk og to nye medlemmer i SRK

22. oktober 2016

Guvernørbesøk og to nye medlemmer i SRK

Stranda Rotaryklubb inviterte til intercitymøte på Stranda Hotel, onsdag 19. oktober, i høve guvernørbesøk frå D 2305.

Utvekslingsstudent frå Brasil til Sykkylven

22. august 2016

Utvekslingsstudent frå Brasil til Sykkylven

Les om Daniel Pedroso som har kome den lange vegen frå Brasil til Sykkylven

Verdenspresidenten i Rotary 2016/2017: John F. Germ

2. august 2016

Verdenspresidenten i Rotary 2016/2017: John F. Germ

Les meir om den nye Verdenspresidenten på Nyhendesida vår.