Medlemsmøter med presentasjon fra. Trafsys

Bibliotekkjellaren 15.10.25

President Kristin ønska  velkomen til klubbmøte.

Dagens gjest er Stein Egil Blakstad, som vil fortelje om Trafsys.

Song: Du skal få ein dag i mårgå. Synne Vo https://www.youtube.com/watch?v=rxIlFUvSb6U

Synne er den einaste som har fått løyve frå Prøysen-familien  til å bruke denne teksten i ein eigen versjon.

Sekretær Steinar: oppmøte sist møte,  25 møtte, 3 perm

3.min

Odd Jostein stilte opp på 2 min varsel

Han orienterte om arbeidet som Kommunalsjef for samfunn, kultur og eigedom.

Kultur: Det vert arbeidd med å få på plass ein kulturminneplan. Kommunen samarbeider med Viti og skal ha møte rundt i dei ulike krinsane, for å kartlegge ulike kulturminne.

Nye vegnamn i Fjellseterområdet skal kome, alle skal få adresse, noko som vil auke sikkerheita.

Eigedom: Barnebolig på Vik er ferdistilt, Frivillighetsentralen  er i rute, forventningar til samspelet i Bibliotekbygget vert spennande.

I Helsehuset er ein i gang med å få inn inventar med mogleg opning i november.

Areal til 65 nye parkeringsplassar er frigitt av Riksantikvaren. Heimetenestene vil også vere stasjonert her.

Teknisk: ikkje så populært å stengje av sentrum, men vonar ny asfalt på plass i veke 45.

Her har kommunen fått innvilga Trafikktryggingsmidlar på 1,3 mill

Kaffi og prat.

Program: Trafsys  Stein Egil Blakstad

Trafsys , tunnelstyring fra A til Å

Trafsys utviklar og integrerer intelligente transportsystem med spesialkompetanse på tunnelar. Firmaet har hovedkontor i Bergen, kontor og laboratorium i Sykkylven, kontor i Askim og datterselskap i Sverige.

Trafsys har 36 tilsette og ei omsetning på ca130 MNOK i 2024. Kjernekompetanser er automasjon, programvareutvikling og systemintegrasjon.

Trafvisjon vert nytta for overvaking og styring av over 500 tunnelar, bruer og høgfjellsovergangar, dette er 50% av den totale tunnellengda i Noreg.

Over 70 000 hendingar vert registrert dagleg

Trafvision er ei systemløysing for kontinuerleg kontroll og overvaking av utstyr og prosessar i sanntid, utvikla av Trafsys. Løysninga vert i dag nytta for overvaking og styring av veganlegg (tunnelar, bruer, rasutsette strekningar etc.), men kan og enkelt settast opp og nyttast for overvaking og kontroll innanfor andre bruksområde, for eksempel industrielle prosessanlegg eller overvaking av offentlege og private bygningar. Løysninga er tilrettelagt for 24/7-tilgjengelighet for brukarane.

Trafsense-systemet overvaker posisjon, hastigheit og køyrefelt for kvart individuelt køyrety ved sanntidsanalyse av vibrasjonar skapt av køyretyet sine hjul. Trafsense tildeler kvart enkelt køyrety ein unik ID når det køyrer inn på den overvaka vegstrekninga. Alle køyrety vert overvaka deretter kontinuerleg, dette inkluderer også kva for eit køyrefelt det enkelte køyretyet til eikvar tid befinn seg i. Videre detekterer Trafsense alle feltskifte og muliggjer indirekte deteksjon av mista last.

DAB-radio i tunnel

Trafairwaves er eit radiosystem for kringkasting av DAB og informasjon til trafikantar i naud. Systemet er spissa mot DAB-dekning i vegtunnelar i Noreg, men kan tilpassast andre behov. Løysninga dekkjer sjølvsagt alle behov for DAB-anlegg i vegtunnelar, inkludert innsnakk og innbrytning av radiomeldingar. Dette omfattar alt fra enkle ettløpstunnelar til dei største og mest komplekse vegsystema, med fleire løp, flerie tunneler og differensiert innbrytning.


Trafview er ei fleksibel løysning for å gi brukarar tilgang til sanntids video og stillbilde frå kameraer i nettlesar, samt mulighet for opptak og avspelling av opptak.

 

https://trafsys.no/derfor-er-sykkylven-blitt-et-teknologiknutepunkt/

Referat Bjørg

 

 


 
Med Terje Aurdal gjennom tre land, frå Grense - Jakobselv til Lindesnes.

22. januar 2019

Med Terje Aurdal gjennom tre land, frå Grense - Jakobselv til Lindesnes.

Friluftsmannen Terje Aurdal besøkte Sykkylven Rotaryklubb og tok medlemmene med på ein forvitneleg tur på ski, på sykkel og i kano frå Grense - Jakobselv i Finnmark, gjennom Finland og Sverige til Sulitjelma og heilt til Lindesnes.

Presidenten sin time: Bastian fortel om besøk av 60 framtidige bønder.

10. februar 2018

Presidenten sin time: Bastian fortel om besøk av 60 framtidige bønder.

Les referat frå Presidenten sin time med Vinlotteri.

Rotarymøte 10 . januar 2018:

11. januar 2018

Rotarymøte 10 . januar 2018:

Les referat av ordfører Odd Jostein si orientering om stoda i Sykkylven Kommune.

Presidenten sin time med Vinlotteri

6. januar 2018

Presidenten sin time med Vinlotteri

Les Olav sitt flotte referat frå Presidenten sin time 3. januar.

Julemøte i Sykkylven Rotaryklubb.

6. januar 2018

Julemøte i Sykkylven Rotaryklubb.

Referat frå koselig julemøte 20. desember 2017

Rotarymøte 13.desember 2017

6. januar 2018

Rotarymøte 13.desember 2017

Les Olav sitt flotte referat med m.a. Lars Einar Riksheim sitt foredrag om Amtec.

Rotarymøte 6..desember 2017

6. januar 2018

Rotarymøte 6..desember 2017

Les Ragnar Kaland sitt foredrag om arbeidsplassen sin Laader Berg.

28. desember 2017

Presidenten sin time med Årsmøte

Les referat frå Årsmøtet

Utvekslingsstudent Benjamin Stuen via skype frå Stord:

28. oktober 2017

Utvekslingsstudent Benjamin Stuen via skype frå Stord:

Les kva vår utvekslingsstudent frå Brasil hadde å berette via skype.

Hjerte- lungeredning: Ved spesialsjukepleier Lisbeth Berit Gjerde:

21. oktober 2017

Hjerte- lungeredning: Ved spesialsjukepleier Lisbeth Berit Gjerde:

Spesialsjukepleier Lisbeth Berit Gjerde heldt ei bokstavelig livsviktig foredrag om hjerte og lungeredning ved Rotarymøte 18. oktober.