Medlemsmøter med presentasjon fra. Trafsys
Bibliotekkjellaren 15.10.25
President Kristin ønska velkomen til klubbmøte.
Dagens gjest er Stein Egil Blakstad, som vil fortelje om Trafsys.
Song: Du skal få ein dag i mårgå. Synne Vo https://www.youtube.com/watch?v=rxIlFUvSb6U
Synne er den einaste som har fått løyve frå Prøysen-familien til å bruke denne teksten i ein eigen versjon.
Sekretær Steinar: oppmøte sist møte, 25 møtte, 3 perm
3.min
Odd Jostein stilte opp på 2 min varsel
Han orienterte om arbeidet som Kommunalsjef for samfunn, kultur og eigedom.
Kultur: Det vert arbeidd med å få på plass ein kulturminneplan. Kommunen samarbeider med Viti og skal ha møte rundt i dei ulike krinsane, for å kartlegge ulike kulturminne.
Nye vegnamn i Fjellseterområdet skal kome, alle skal få adresse, noko som vil auke sikkerheita.
Eigedom: Barnebolig på Vik er ferdistilt, Frivillighetsentralen er i rute, forventningar til samspelet i Bibliotekbygget vert spennande.
I Helsehuset er ein i gang med å få inn inventar med mogleg opning i november.
Areal til 65 nye parkeringsplassar er frigitt av Riksantikvaren. Heimetenestene vil også vere stasjonert her.
Teknisk: ikkje så populært å stengje av sentrum, men vonar ny asfalt på plass i veke 45.
Her har kommunen fått innvilga Trafikktryggingsmidlar på 1,3 mill
Kaffi og prat.
Program: Trafsys Stein Egil Blakstad
Trafsys , tunnelstyring fra A til Å

Trafsys utviklar og integrerer intelligente transportsystem med spesialkompetanse på tunnelar. Firmaet har hovedkontor i Bergen, kontor og laboratorium i Sykkylven, kontor i Askim og datterselskap i Sverige.
Trafsys har 36 tilsette og ei omsetning på ca130 MNOK i 2024. Kjernekompetanser er automasjon, programvareutvikling og systemintegrasjon.
Trafvisjon vert nytta for overvaking og styring av over 500 tunnelar, bruer og høgfjellsovergangar, dette er 50% av den totale tunnellengda i Noreg.
Over 70 000 hendingar vert registrert dagleg
Trafvision er ei systemløysing for kontinuerleg kontroll og overvaking av utstyr og prosessar i sanntid, utvikla av Trafsys. Løysninga vert i dag nytta for overvaking og styring av veganlegg (tunnelar, bruer, rasutsette strekningar etc.), men kan og enkelt settast opp og nyttast for overvaking og kontroll innanfor andre bruksområde, for eksempel industrielle prosessanlegg eller overvaking av offentlege og private bygningar. Løysninga er tilrettelagt for 24/7-tilgjengelighet for brukarane.
Trafsense-systemet overvaker posisjon, hastigheit og køyrefelt for kvart individuelt køyrety ved sanntidsanalyse av vibrasjonar skapt av køyretyet sine hjul. Trafsense tildeler kvart enkelt køyrety ein unik ID når det køyrer inn på den overvaka vegstrekninga. Alle køyrety vert overvaka deretter kontinuerleg, dette inkluderer også kva for eit køyrefelt det enkelte køyretyet til eikvar tid befinn seg i. Videre detekterer Trafsense alle feltskifte og muliggjer indirekte deteksjon av mista last.
DAB-radio i tunnel
Trafairwaves er eit radiosystem for kringkasting av DAB og informasjon til trafikantar i naud. Systemet er spissa mot DAB-dekning i vegtunnelar i Noreg, men kan tilpassast andre behov. Løysninga dekkjer sjølvsagt alle behov for DAB-anlegg i vegtunnelar, inkludert innsnakk og innbrytning av radiomeldingar. Dette omfattar alt fra enkle ettløpstunnelar til dei største og mest komplekse vegsystema, med fleire løp, flerie tunneler og differensiert innbrytning.
Trafview er ei fleksibel løysning for å gi brukarar tilgang til sanntids video og stillbilde frå kameraer i nettlesar, samt mulighet for opptak og avspelling av opptak.
https://trafsys.no/derfor-er-sykkylven-blitt-et-teknologiknutepunkt/
Referat Bjørg
12. oktober 2017
Guvenøren sitt årlige besøk hos Stranda og Sykkylven Rotaryklubb:
Sykkylven og Stranda Rotaryklubber fekk besøk av guvenør for D2305: Wictor Sandvold
29. september 2017
Direktør ved Formfin Møbler, Vibeke Aanning Aarseth
Les referat frå Vibeke sitt møte med Sykkylven Rotaryklubb
23. september 2017
Spesialsjukepleier Mariann Urke frå Hjerterehabiliteringa ved Ålesund sjukehus
"Fysiske og psykiske reaksjoner ved hjerteinfarkt"
9. september 2017
Ingrid van der Velde:
Les referat frå Ingrid sitt flotte foredrag: "Frå Norge til Nederland: Sykkylven på godt og vondt".
5. september 2017
Landsspeiderleiren i Bodø 2017:
Les kva speidarane hadde å fortelle frå Landsspeiderleiren i Bodø 2017.
5. september 2017
Besøk ved den nye Brannstasjonn
Les referat frå Sykkylven Rotaryklubb sitt besøk ved den nye Brannstasjonen.
29. juni 2017
Presidentskifte.
Les og sjå bilder frå presidentskifte i Sykkylven Rotaryklubb. Bastian tek over som president etter Steven.
26. juni 2017
May Britt og Prosjekt Filippinene:
Les siste Infobrev nr. 20 frå Prosjekt Filipinnene.
17. juni 2017
Utvekslingsstudent Daniel heldt foredrag på norsk om sitt opphald her i Sykkylven.
Les kva Daniel hadde å fortelle frå sitt opphald her i Sykkylven. Sjå også bilder frå "avskjedsfesten".