Gardsbesøk

Rotarybesøk hos Bastian i Karigarden:

Når ein kjem køyrande forbi Velle, legg ein merke til at det har kome ei flott ny driftsbygning i Karigarden. Nysgjerrige på korleis denne ser ut, var  Sykkylven Rotaryklubb heldige å få kome på besøk og «inspisere» den nye bygninga. Vi har nemleg eigaren, Bastian, som ein av medlemane våre.

Vi blei tekne vel  i mot. Etter å ha venta litt på at alle skulle innfinne seg, heldt Bastian innleiingsvis ei flott orientering om Karigarden og den nye driftsbygninga.


Som mange andre gardbrukarar stod han overfor følgande dilemma: Skal ein forsøke å vøle på og gjere den gamle driftsbygninga moderne, eller skal ein rett og slett bygge  ein ny. Bastian valgte det siste. Etter å ha vore nødt til å fore opp golvet i gamlebygninga, følte han at det blei altfor lavt under taket, med det resultat at han blei gåande som søskena i filmen: «Søskenpar i evigheten». Eit viktig poeng, synes Bastian, er at garden bør vere i ein slik stand at komande generasjonar skal kunne ta den over. Altså at kvar generasjon leverer frå seg garden i bedre forfatning enn då den blei tatt over. Derfor satsa han på at ny driftsbygning er beste løysinga i så måte.

Planen var å kome i gang med bygging i 2013, men NGU ville først kartlegge evt. rasfare, slik at det blei eit års utsetting på byggestart. Hausten 2015 stod den imponerande bygninga ferdig. Det blei eit såkalla kaldfjøs oppført i massivt tre. Storleiken er 1040 m2.

9. mars 2016 flytta kyrne inn og begynte å mjølke. Det er plass til 50 kyr med kviger, og det er 60 liggebåser. For øyeblikket er det 30 mjølkekyr. Det er installert mjølkerobot.

Golvet er såkalla spaltegulv der møkka renn i gjennom og ned i ein gjødselskjeller. Her er det ventilasjon slik at det ikkje skal samle seg farleg hydrogensulfidgass (H2S). Det danner seg nemleg slik gass når ein blander vatn i gjøsla før ein køyrer den ut og sprer den over markene.

Elles er det ikkje installert noko ventilasjonsanlegg i sjølve fjøsen, men det er montert 5 piper på taket. Då vil varmen frå dyra gjere at det blir ein naturleg utlufting. Om vinteren kan det likevel blir kuldegrader inne. I dette høvet er det sørga for god isolasjon av vassrør, slik at ein ikkje risikerer at vatnet frys.


Det er montert ein verstasjon som regulerer utvendige gardiner i vindauga mot sør. Så vidt referent forstår er desse gardinene med på å  regulere temperatur og luftig innvendig.

Sjøl om dyra er flytta inn i den nye driftsbygninga er likevel den gamle, flotte fjøsen i bruk. Her er det dei mindre dyra held til. Dette er meint å vere ei midlertidig løysing. Når nyfjøsen er heilt utbygd, blir dei flytta over hit

Bastian fekk mange spørsmål: Bl.a. om kor stor mjølkekvote han har. Til det svarte han 280 tonn, men dette er egentlig i minste laget. Prismessig kom den nye fjøsen på ca. 10 mill. kr. Så vidt referent forstår, har han ikkje meir tilgang på for enn han treng. Derfor er det sikkert velkoment alt han kan få hauste inn av gras hos nabogardane i Velledalen.

Etter ei grundig og kanskje meir langvarig orientering enn Bastian hadde tenkt seg, gjekk vi inn i sjølve fjøsen. Har var kalvane plassert i nokre små båser, nesten som nokre kasser. Når dei kjem i «konfirmasjonsalderen» blir dei flytta til nabobåser. Vidare blir kvigene flytta til hø. sida i bygning sett frå inngangen, medan mjølkekyrne tek mesteparten av plassen til ve. Referent blei imponert over kor rasjonelt og nesten industrielt det heile er organisert. Særleg er mjølkeroboten imponerande. Når kyrne føler at det er spreng i jura, går dei inn i automaten. Ved hjelp av lasersensorer blir mjølkeorgana plassert over spenane, og kua blir mjølka. Når juret er tomt, blir organet tatt bort, og kua blir losa ut av automaten. Datateknologi er teken i bruk. Ved hjelp av nokre chips på øyret til kua blir det i automaten registrert om ho har vore innom ut om sin tur. Ho blir då automatisk skyssa ut, og får kome tilbake når det er hennar tur. Ei viss opplæring av kyrne må til for at det heile skal fungere rasjonelt.

Dersom Bastian vil ta seg ein tur ut om garden, er det kopla til alarm som slår ut dersom eit eller anna skulle klikke. Som eksempel fortel han at han via mobilen fekk beskjed om at det ikkje hadde vore mjølking på 3 timer. Då var gode råd dyre, men så vidt referernt forstår, gjekk det heile greit med litt ekstraarbeid. Elles har Bastian ansatt ein mann på heiltid. Ein dyktig kar frå Ukraina som er utdanna veterinær.

Det blir sjølsagt mykje «avfall» av så mange dyr. For å halde det så reint som mulig, er det installert ein robot som med jevne mellomrom køyrer rundt i fjøsen og gjer reint. Sikkert ingen dum ide med ein slik i dei  tusen hjem, sjølv om ein automat der må ha litt mindre dimensjon enn denne i fjøsen.


Elles såg ei børste som roterte, til å vere populært blant kyrne. Rett som det var var dei bortom og fekk seg klødd og vaska(?).


Etter denne grundige orienteringa frå Bastian, der referent langt frå fekk med seg alt, var det i god Rotaryånd, tid for kaffi og kaker ut på tunet. Referent kan ikkje anna enn å vere storleg imponert over den nye fjøsen til Bastian, og takker tusen ganger for ei flott omvisning. Ynskjer han all mulig hell og lykke vidare i drifta. Og som vi pleide å avslutte stilane med på folkeskulen: «Alle var samde om at det hadde vore ein gild tur».


 

 

Referent Jarle Svindseth







 
Julemøte i Sykkylven Rotaryklubb.

6. januar 2018

Julemøte i Sykkylven Rotaryklubb.

Referat frå koselig julemøte 20. desember 2017

Rotarymøte 13.desember 2017

6. januar 2018

Rotarymøte 13.desember 2017

Les Olav sitt flotte referat med m.a. Lars Einar Riksheim sitt foredrag om Amtec.

Rotarymøte 6..desember 2017

6. januar 2018

Rotarymøte 6..desember 2017

Les Ragnar Kaland sitt foredrag om arbeidsplassen sin Laader Berg.

28. desember 2017

Presidenten sin time med Årsmøte

Les referat frå Årsmøtet

Utvekslingsstudent Benjamin Stuen via skype frå Stord:

28. oktober 2017

Utvekslingsstudent Benjamin Stuen via skype frå Stord:

Les kva vår utvekslingsstudent frå Brasil hadde å berette via skype.

Hjerte- lungeredning: Ved spesialsjukepleier Lisbeth Berit Gjerde:

21. oktober 2017

Hjerte- lungeredning: Ved spesialsjukepleier Lisbeth Berit Gjerde:

Spesialsjukepleier Lisbeth Berit Gjerde heldt ei bokstavelig livsviktig foredrag om hjerte og lungeredning ved Rotarymøte 18. oktober.

Guvenøren sitt årlige besøk hos Stranda og Sykkylven Rotaryklubb:

12. oktober 2017

Guvenøren sitt årlige besøk hos Stranda og Sykkylven Rotaryklubb:

Sykkylven og Stranda Rotaryklubber fekk besøk av guvenør for D2305: Wictor Sandvold

Presidenten sin time 4. oktober.

6. oktober 2017

Presidenten sin time 4. oktober.

Les referat frå Presidenten sin time 4. oktober.

Direktør ved Formfin Møbler, Vibeke Aanning Aarseth

29. september 2017

Direktør ved Formfin Møbler, Vibeke Aanning Aarseth

Les referat frå Vibeke sitt møte med Sykkylven Rotaryklubb

Spesialsjukepleier Mariann Urke frå Hjerterehabiliteringa ved Ålesund sjukehus

23. september 2017

Spesialsjukepleier Mariann Urke frå Hjerterehabiliteringa ved Ålesund sjukehus

"Fysiske og psykiske reaksjoner ved hjerteinfarkt"

Sosiale medier

Møteinformasjon

Møtested: Bibliotekjelleren
Adresse: Pilgata 10, 6230 Sykkylven
Postnummer: 6230
Sted: Sykkylven
Land: NO
Møtedag: Onsdag
Møtetid: 19:00
Møtespråk: no

Place content here

Møtearkiv fra
før August 2022



rotary lenker

Nyheter fra
rotary INTERNATIONAL:

Loading RSS...

Nytt fra Rotary i Norge

District - Rotary RSS