Rotarybesøk hos Bastian i Karigarden:
Når ein kjem
køyrande forbi Velle, legg ein merke til at det har kome ei flott ny
driftsbygning i Karigarden. Nysgjerrige på korleis denne ser ut, var Sykkylven Rotaryklubb heldige å få kome på
besøk og «inspisere» den nye bygninga. Vi har nemleg eigaren, Bastian, som ein
av medlemane våre.
Vi blei
tekne vel i mot. Etter å ha venta litt
på at alle skulle innfinne seg, heldt Bastian innleiingsvis ei flott
orientering om Karigarden og den nye driftsbygninga.
Planen var å
kome i gang med bygging i 2013, men NGU ville først kartlegge evt. rasfare,
slik at det blei eit års utsetting på byggestart. Hausten 2015 stod den
imponerande bygninga ferdig. Det blei eit såkalla kaldfjøs oppført i massivt
tre. Storleiken er 1040 m2.
9. mars 2016
flytta kyrne inn og begynte å mjølke. Det er plass til 50 kyr med kviger, og
det er 60 liggebåser. For øyeblikket er det 30 mjølkekyr. Det er installert
mjølkerobot.
Golvet er
såkalla spaltegulv der møkka renn i gjennom og ned i ein gjødselskjeller. Her
er det ventilasjon slik at det ikkje skal samle seg farleg hydrogensulfidgass
(H2S). Det danner seg nemleg slik gass når ein blander vatn i gjøsla før ein
køyrer den ut og sprer den over markene.
Elles er det
ikkje installert noko ventilasjonsanlegg i sjølve fjøsen, men det er montert 5
piper på taket. Då vil varmen frå dyra gjere at det blir ein naturleg
utlufting. Om vinteren kan det likevel blir kuldegrader inne. I dette høvet er
det sørga for god isolasjon av vassrør, slik at ein ikkje risikerer at vatnet
frys.
Det er
montert ein verstasjon som regulerer utvendige gardiner i vindauga mot sør. Så
vidt referent forstår er desse gardinene med på å regulere temperatur og luftig innvendig.
Sjøl om dyra
er flytta inn i den nye driftsbygninga er likevel den gamle, flotte fjøsen i
bruk. Her er det dei mindre dyra held til. Dette er meint å vere ei midlertidig
løysing. Når nyfjøsen er heilt utbygd, blir dei flytta over hit
Bastian fekk
mange spørsmål: Bl.a. om kor stor mjølkekvote han har. Til det svarte han 280
tonn, men dette er egentlig i minste laget. Prismessig kom den nye fjøsen på
ca. 10 mill. kr. Så vidt referent forstår, har han ikkje meir tilgang på for
enn han treng. Derfor er det sikkert velkoment alt han kan få hauste inn av
gras hos nabogardane i Velledalen.
Dersom
Bastian vil ta seg ein tur ut om garden, er det kopla til alarm som slår ut
dersom eit eller anna skulle klikke. Som eksempel fortel han at han via mobilen
fekk beskjed om at det ikkje hadde vore mjølking på 3 timer. Då var gode råd
dyre, men så vidt referernt forstår, gjekk det heile greit med litt
ekstraarbeid. Elles har Bastian ansatt ein mann på heiltid. Ein dyktig kar frå
Ukraina som er utdanna veterinær.
Det blir
sjølsagt mykje «avfall» av så mange dyr. For å halde det så reint som mulig, er
det installert ein robot som med jevne mellomrom køyrer rundt i fjøsen og gjer
reint. Sikkert ingen dum ide med ein slik i dei
tusen hjem, sjølv om ein automat der må ha litt mindre dimensjon enn
denne i fjøsen.
Elles såg ei
børste som roterte, til å vere populært blant kyrne. Rett som det var var dei
bortom og fekk seg klødd og vaska(?).
Etter denne
grundige orienteringa frå Bastian, der referent langt frå fekk med seg alt, var
det i god Rotaryånd, tid for kaffi og kaker ut på tunet. Referent kan ikkje
anna enn å vere storleg imponert over den nye fjøsen til Bastian, og takker
tusen ganger for ei flott omvisning. Ynskjer han all mulig hell og lykke vidare
i drifta. Og som vi pleide å avslutte stilane med på folkeskulen: «Alle var
samde om at det hadde vore ein gild tur».
25. mars 2017
Les referat frå Tekstilkunstner Marit Akslen sitt besøk i Sykkylven Rotaryklubb der ho presenterer sin kunst
17. mars 2017
Les referat og sjå bilder frå vårt besøk hos Torunn Kjemphol og Galleri K2 i Tusvika.
10. mars 2017
Les referat frå Rotarymøte på Kvinnedagen 8. mars og spesielt vår nye medlem Steinar Klokk sitt flotte ego/yrkesforedrag.
23. februar 2017
Les om Sykkylven Rotaryklubb sitt flotte og interessante besøk hos Ove Glas og Fasader på "Tangholmen" i Straumgjerde.
18. februar 2017
Les referat frå kommunalsjef Eli Otterlei sitt flotte og grundig foredrag om velferdsteknologi
3. februar 2017
Les referat frå Rotarymøte 1. februar der m.a. Arne Hanssen fortalte om korleis han tenker seg den planlagte Designvegen.
3. februar 2017
Rotarymøte 25. januar der bl. a. Kjell Welle fortalte oss litt om teknikken bak dei forskjellige radiosignala.
26. januar 2017
Les Olav sitt referat frå Sykkylven Rotaryklubb sitt besøk ved Peterson Fabrikker her i Sykkylven
14. januar 2017
Les politimester Ingar Bøen sitt foredrag i Sykkylven Rotaryklubb der han orienterte om den nye Politireforma.