Bedriftsbesøk til Nyborg AS

Sykkylven Rotary Klubb: Bedriftsbesøk 15. juni 2016 hos Nyborg AS, Sykkylven. http://nyborgfan.com/ Bedrifta produserer vifter og utstyr til ventilasjon i m.a. skip og oljeplattformer. Alle leveransane blir "skreddarsydde" etter kunden sine behov.
Rotary-medlemmene stilte til avtalt tid kl 19, og vi vart tekne imot av Arvid Nordstrand og adm. dir. Magne Klokk, begge med lang fartstid i bedrifta. 
Arvid baud på kaffi og Magne førte ordet i ei fyldig orientering om Nyborg AS, som vart etablert av Alfred Nyborg i 1947, under namnet Alfred Nyborg Maskinfabrikk AS. Alfred hadde m.a. bakgrunn som konstruksjonssjef hos Liaaen i Ålesund. Etter enkle kår i oppstarten, flytte bedrifta til noverande lokasjon på 1960-talet. Produkta var til å begynne med innretta mot fabrikkane i nærområdet, men etter kvart auka horisonten til vifte-produksjon i skips-marknaden. Etter som Noreg på denne tida hadde fleire produktive skipsverft, fekk Nyborg leveringar til desse. Dette varte til 1973, då oljekrisa kom. På byrjinga av -70-talet hadde fabrikken ein topp med rundt 35 tilsette. Mot slutten av 1980-talet hadde marknaden svikta, og berre rundt 12 tilsette var att, med ei omsetting på ca 5 millionar kroner.  Dermed vart det gjort ein restart, med god hjelp frå bankane, som synte velvilje i situasjonen. (Oddbjørn Ramstad var banksjef i Sunnmørsbanken då!) Den første store hallen – ca 1200 m2 – vart  bygd i 1996. På denne tida fekk bedrifta betre plass både til administrasjon, produksjon og lager. No gjekk fabrikken inn i ein ekspansiv periode, med investeringar i bygningar og maskiner. Siste utvidinga, med kantine, kom i 2014. Samla areal er på ca 2500 m2. 
For å kunne møte ein større marknad internasjonalt, gjekk Nyborg AS til kjøp av ei bedrift, ein viftefabrikk, i Polen i 2002. Her fekk dei hand om 40 %  til å begynne med, men med opsjon på 20 % til, noko som vart innløyst i 2004. Nyborg Mawent S.A. heiter denne fabrikken, og han ligg 50 km sør for Gdansk. Her er det om lag 150 tilsette. I tillegg eig ein sidan 2010 ei engineering-bedrift i Gdynia:  NM Design Office, med 7-8 tilsette. 
Flatabø Eigedom AS, er namnet på selskapet som eig bygningane på Nyborg. Namnet er etter plassen der bygningane ligg no. 
Produkta er no som før luftvifter og tilbehør til skipsmarknaden og til dels oljerelaterte installasjonar til havs. Nyborg AS har opparbeidd seg betydeleg kompetanse i denne marknads-nisjen. Dei skreddarsyr produkta etter kunden sine behov. Ved sjølvsyn fekk vi på rundtur i fabrikken sjå produkt på ulike stadier i produksjonen. Storleiken varierte mykje frå dei små, nette produkta, til dei store og tunge konstruksjonane til bruk på oljeplattform. Alt i alt ei interessant omvising  og orientering i nok ei bedrift som Sykkylven har grunn til å vere stolt av! 
Takk frå president Hallstein og medlemmene til Magne og Arvid som delte av si innsikt og sin kunnskap med oss!
Skrivar: Olav p 

Link til heile dokumentet med bilder:  Nyborg juni 2016.


 
Verdenspresidenten i Rotary 2016/2017: John F. Germ

2. august 2016

Verdenspresidenten i Rotary 2016/2017: John F. Germ

Les meir om den nye Verdenspresidenten på Nyhendesida vår.

President i SRK 2016-2017. Klubben har passert 60 år.

7. juli 2016

President i SRK 2016-2017. Klubben har passert 60 år.

Ny president i Sykkylven Rotary Klubb 2016-2017 er Steven Blindheim. Presidentskiftet var 29. juni, og 6. juli leia Steven sitt første ordinære rotarymøte. Mellom anna orienterte han om klubben, som nettopp har passert sine 60 år. Charterdato er 5. juli.

Rico Bil AS: Blomstrande bedrift med bil i fokus!

4. juli 2016

Rico Bil AS: Blomstrande bedrift med bil i fokus!

Bedriftbesøk til Rico Bil AS i Ålesund sto på programmet 13. april 2016. Vi vart tekne særs godt i mot av dagleg leiar Jorunn Lundanes og noverande konsulent Fred J. Rishaug. Han grunnla bedrifta i 1988 og sto for leiinga til 2014 då Jorunn tok over.

Bedriftsbesøk til Nyborg AS

27. juni 2016

Bedriftsbesøk til Nyborg AS

Sykkylven Rotary Klubb: Bedriftsbesøk 15. juni 2016 hos Nyborg AS, Sykkylven. http://nyborgfan.com/ Bedrifta produserer vifter og utstyr til ventilasjon i skip, oljeplattformer og alle leveransane blir "skreddarsydde" etter kunden sine behov.

Gardsbesøk

28. mai 2016

Gardsbesøk

Gardsbesøk 25. mai hosBastian

Dugnad i Kyrkjeparken

3. mai 2016

Dugnad i Kyrkjeparken

Kyrkjeparken i Sykkylven, ei perle i sentrum!
Service Above Self – Å gagne andre – kjem av og til ekstra godt til syne hos medlemmene i Sykkylven Rotary Klubb. Til dømes på den årvisse dugnaden i Kyrkjeparken.

Sykkylven Næringsutvikling

24. februar 2016

Sykkylven Næringsutvikling

I dag hadde vi besøk av Jarle Strømmegjerde som heldt et interessant foredrag om SNU og aktivitetane der. Sjekk gjerne denne heimesida: http://www.skaparglede.no

InterCitymøte  på Berlihuset

20. oktober 2015

InterCitymøte på Berlihuset

Onsdag 14,. oktober hadde vi besøk av guvernør Odd Jarle Hagen og ass. guvernør John Stenes

Helse Møre og Romsdal Hf som hovudtema i SRK

9. juli 2015

Helse Møre og Romsdal Hf som hovudtema i SRK

Det opne møtet i Sykkylven Rotary Klubb sist onsdag samla fram mot førti medlemmer og gjester. Alle ville dei høyre det som konstituert administrerande direktør i Helse Møre og Romsdal, Dag Hårstad, hadde å seie om sjukehusstruktur og spesialhelsetenesten

KK-Seminar/ Klubb Kompetanse Seminar, Ålesund

21. mars 2015

KK-Seminar/ Klubb Kompetanse Seminar, Ålesund

Distrikt 2305 inviterte tillitsvalde i klubben til seminar 21.mars 2015, på Quality Hotel Waterfront i Ålesund. Biletet viser samlinga i plenum før lunsj.

Sosiale medier

Møteinformasjon

Møtested: Bibliotekjelleren
Adresse: Pilgata 10, 6230 Sykkylven
Postnummer: 6230
Sted: Sykkylven
Land: NO
Møtedag: Onsdag
Møtetid: 19:00
Møtespråk: no

Place content here

Møtearkiv fra
før August 2022



rotary lenker

Nyheter fra
rotary INTERNATIONAL:

Loading RSS...

Nytt fra Rotary i Norge

District - Rotary RSS