Presidenten sin time 4 mars 26
Referat frå møte i Sykkylven Rotaryklubb onsdag 04.mars 2026
President Kristin Grebstad ynskte velkomen til møte.
Agenda for møte:
Presidenten sin time.
Allsong Din tanke er fri.
Asbjørn Riksheim 3 minutt
Rotarykaffi m/vinlotteri.
Presidenten sa at det hadde vore ei stund sidan siste møte då det har vore vinterferie. Siste møte var på NTNU som var eit samarbeid mellom fleire Rotary klubbar. Tema var straum der 4 personar heldt inleiande føredrag. Det var eit veldig bra opplegg.
Onsdag 29.april 2026 skal det vere eit liknande møte der tema er «Inkludering». Her er det fleire som skal halde føredrag. Sykkylven fekk inkluderingspris og skal vere ein av deltakarane.
Sekretær Steinar Klokk fortalte at følgjande klubbmedlemar har bursdag. Nils Arve blir 70 år 05.mars 26, Knut Henning blir 53 år 9 mars 26, og Sindre Stuen blir 49 år 9 mars.
3 minutt ved Asbjørn Riksheim
Fortalte at det har blitt langt mellom besøka i Rotary. Alderen min tilseier at eg skal roe ned, men då må eg finne ei løysing på eigarforhold i bedrifta og som er bere kraftig i framtida. Vi har difor valgt å dele opp verksemda i fleire selskap.
Eg er framleis leiar i Norwegian Wood i Litauen og L.P.Riksheim Treindustri i Sykkylven. Vi leiger no lokaler hjå H.J Brunstad for å auke produksjonen.
Møretrapp er det sonen Lars Petter Riksheim som har full kontroll på. Han har oppretta kontor i Ålesund, Oslo og Trondheim. Det er å håpe at han no går inn på eigarsida i Lars P Riksheim. Han har no erfaring i å leie verksemder. Han har formell utdanning med høgskule/ingeniør og BI innanfor økonomi. Asbjørn håper at han vil pendle til Sykkylven og vere dagleg leiar for L.P Riksheim. Ei av utfordringane er at eigarskap i norske verksemder blir beskatta. Utanlandske verksemder blir ikkje beskatta.
Asbjørn gler seg kvar dag til å gå på arbeid. Grunnen skuldast godt arbeidsmiljø. På Riksheim har vi 1 % sjukefråver. I alle år har dei teke inn lærlingar som har vore skuletrøytte. Nokon har etterkvart teke fagbrev, gått over i anna bransje eller teke videreutdanning.
Krigen i Ukraina har vore utfordrande blant anna i i å skaffe råstoff. Ukraina har vore ein stor leverandør av eik og ask. Russland har vore ein stor leverandør av bjørkefiner som blir brukt innvendig i møblar. Dette er land som har hatt stabile priser då dei har atomkraftverk. Alternative leverandører av råstoff er Slovenia, Tyskland og Kina. Krigen har gjort det svært krevande. Seinast i førrige veke blei ein full trailer returnert på grensa då det var mistanke om Russisk finer på grunn av dårleg merking.
Selskapa tilsaman har hatt ein omsetnad på 100 millionar kroner.
Kanskje Rotary vil invitere Lars Petter til Klubben for å høyre hans planer for bedrifta.
Asbjørn takka til slutt for merksemda.
Presidenten fortalte at februar er Rotary sin månad for fred og konfliktforebygging.



Ho snakka også om Rotary sine fire roller i å fremme fred.
Presidenten var snakka også om TRF
Neste Rotary møte er Tysdag 10.mars kl. 19:00 i Stranda Rotary sine lokaler i Kyrkjegata 23 i Stranda.
Onsdag 8 april 2026 blir det Rotary møte i Sykkylven Kulturhus.
Det blir føredrag med Severin Roald «Livet som toppleiar». Presidenten oppfordra medlemmane til å markedsføre møte. Det er også snakk om å trykke opp brosjyrer.
Skrivar 04.mars 2026
Steven Blindheim
4. juli 2016
Rico Bil AS: Blomstrande bedrift med bil i fokus!
Bedriftbesøk til Rico Bil AS i Ålesund sto på programmet 13. april 2016. Vi vart tekne særs godt i mot av dagleg leiar Jorunn Lundanes og noverande konsulent Fred J. Rishaug. Han grunnla bedrifta i 1988 og sto for leiinga til 2014 då Jorunn tok over.
27. juni 2016
Bedriftsbesøk til Nyborg AS
Sykkylven Rotary Klubb: Bedriftsbesøk 15. juni 2016 hos Nyborg AS, Sykkylven. http://nyborgfan.com/ Bedrifta produserer vifter og utstyr til ventilasjon i skip, oljeplattformer og alle leveransane blir "skreddarsydde" etter kunden sine behov.
3. mai 2016
Dugnad i Kyrkjeparken
Kyrkjeparken i Sykkylven, ei perle i sentrum!
Service Above Self – Å gagne andre – kjem av og til ekstra godt til syne hos medlemmene i Sykkylven Rotary Klubb. Til dømes på den årvisse dugnaden i Kyrkjeparken.
20. oktober 2015
InterCitymøte på Berlihuset
Onsdag 14,. oktober hadde vi besøk av guvernør Odd Jarle Hagen og ass. guvernør John Stenes