Medlemsmøter med besøk fra Høbben
Sykkylven Rotary Klubb; møte 15. april 2026, i lokalet til Sykkylven Frivilligsentral.
referat v/ Olav Pileberg.
1. President Kristin ønska velkommen til Frivilligsentralen for gjester og klubbmedlemmer. Kulturhuset var møtestad sist, med Severin Roald som gjest, og heile 115 tilhøyrarar i salen! I dag får vi høyre nytt frå HØBBEN i Ullavika, ved tilsette Hanna Støylen Ebbesvik og Hedda Aure Hofset. Dessutan dei to ungdommane frå niande klasse Sofie Fløttum Fauske og Kieu Steinslien. Applaus! Kristin introduserte så
2. Allsong: der Olav hadde bladd opp på side 11 i klubben sitt Songhefte: Du ska få en dag i mårå. Tekst Alf Prøysen. Tone Otto Nielsen.
3. Kunngjeringar: Steinar forfall, men informerer pr e-post om 1) 115 frammøtte på Kulturhuset, 2) Bursdag Arild Sporsheim den 21. april.
4. 3-minutt v/ Jan Fredriksen: Paul Harris for 120 år sidan starta Rotary for yrkesaktive folk. Han kunne slett ikkje vite noko om den demografien vi har i dag, der nesten halvparten av oss medlemmene er pensjonistar. Likevel «funkar» klubben bra! Som urbanist i ein mannsalder har Jan fått sansen for Heim på NRK TV. Her får vi sjå tradisjonell gammal byggeskikk,- også hyttebygging. I Sveits med sine ni millionar er dei klare på at skal ein bygge hytte, lyt ein bygge i ein «Dorf» - landsby,- i botnen av dalen. Ingen hytter ved turterrenget. På Fjellsetra, Strandafjellet, Trysil og andre tur/ skisentra i Noreg har det utvikla seg ein «alpin urbanisme» med betydelege hyttebyar. Å bremse denne «nedbygginga» av norsk natur vil bli vanskeleg, i følgje Jan. (ref. merknad: oppslag i media som «Nedbygging av norsk natur ute av kontroll» og «Hvem passer egentlig på den norske naturen?» speglar motstand mot urbanisering av naturen.)
5. Kaffi/ te og ein matbit.
6. Kåseri: om HØBBEN, opphaveleg etter ein idé frå Nicolai Karlsen. Hanna og Hedda presenterte seg som frivillige «aktivistar»; Hanna frå byrjinga i 2022 og Hedda noko seinare. Siste åra har dei vore tilsette i deltids-stilling. Målgruppa er all ungdom i bygda frå 8. klasse og oppover. Eit og anna besøk frå vidaregåande: veldig kjekt. Logoen, på sosiale flater og T-skjorter, er laga av «proffe teiknarar» og viser ein H, pluss nokre gaming-symbol. Kåseriet blei supplert av informative lysbilder som viste ein triveleg samlingsstad, drifta av SIL: Sykkylven Idrettslag. Altså ikkje av kommunen, som vanleg er. Sykkylven bidreg med 200.000 kr på budsjettet. Høbben er i stor grad bygd opp frå grunnen av frivillige eldsjeler på dugnad. (Rotary var på innstig i dei uferdige lokala tidleg i 2022) Gåvemilde sponsorar gjorde det mulig å kjøpe inn pc-ar og utstyr for e-sport, populært blant ungdommane. Fleire andre spel-aktivitetar og bordtennis også. Opningstidene er onsdag frå kl. 18-21 og laurdag frå 19-23,- då med «Kveldens tema». To gonger for veka er der ope med e-sport tilbod for barneskule-elevar. Gratis for alle ungdommane. Hanna og Hege fortalde med stor iver og innleving, og dei to unge signaliserte også trivelege tilhøve i HØBBEN. Drifta vert besørga av eit driftsstyre der Hanna og Hedda er med saman med nokre vaksne og to ungdommar. HØBBEN CREW har fine T-skjorter. Tretti vaksne og fjorten ungdommar byter på vaktene når Høbben er open. Til saman utgjer dette «mannskapet» som driftar ei høgst oppegåande skute på livets hav. All ære til dei som engasjerer seg i dette gode miljøet!
Rotary er velkomne til nytt besøk! Etter det halvtimes lange kåseriet var det som vanleg høve til å stille spørsmål, og dei som gjorde det fekk greie og oppmuntrande svar,- bl.a. om utenforskap.
7. Avslutning: President Kristin takka dei 2+2 idealistane så mykje, og dei fekk påskjøning som takk for innsatsen. Ho røpa også at ho følgde dei på sosiale media og var imponert over kva dei fekk til i namnet til fellesskapet. Neste møte vert på Møre Trafo kl.19. Onsdagen etterpå, den 29. april, vert det dugnad i Kyrkjeparken. Frammøte kl.18. Svein Erik organiserer den innsatsen. Vel heim og TAKK FOR I DAG!
Kristin beundrar den flotte logoen som «nokon» har teikna.
Sofie til venstre og Kieu til høgre står framfor
dei to kombinert tilsette og dugnads-arbeidande Hanna S. Ebbesvik (til v. bak) og Hedda A. Hofset i tillegg til Sofie Fløttum Fauske og Kieu Steinslien ståande forran
På denne dagen i 2022 presenterte Nyss stor reportasje om nyhendet HØBBEN. Ja, til og med redaktøren var ute med rosande omtale av tiltaket!
Foto og referat, Olav P
23. februar 2017
Bedriftsbesøk hos Ove Straumsheim Glas og Fasader
Les om Sykkylven Rotaryklubb sitt flotte og interessante besøk hos Ove Glas og Fasader på "Tangholmen" i Straumgjerde.
18. februar 2017
Velferdsteknologi ved komunalsjef Eli Otterlei
Les referat frå kommunalsjef Eli Otterlei sitt flotte og grundig foredrag om velferdsteknologi
3. februar 2017
Arne Hanssen orienterer om den planlagte Designvegen.
Les referat frå Rotarymøte 1. februar der m.a. Arne Hanssen fortalte om korleis han tenker seg den planlagte Designvegen.
3. februar 2017
Les referat frå Rotarymøte 25. januar:
Rotarymøte 25. januar der bl. a. Kjell Welle fortalte oss litt om teknikken bak dei forskjellige radiosignala.
26. januar 2017
Bedriftsbesøk ved Peterson Emballasje
Les Olav sitt referat frå Sykkylven Rotaryklubb sitt besøk ved Peterson Fabrikker her i Sykkylven
14. januar 2017
Politimester Ingar Bøen:
Les politimester Ingar Bøen sitt foredrag i Sykkylven Rotaryklubb der han orienterte om den nye Politireforma.
22. desember 2016
Julemøte i Sykkylven Rotaryklubb 21.des. 2016.
Les om det tradisjonelle Julemøtet i Sykkylven Rotaryklubb.
1. november 2016
Lars P. Riksheim Treindustrier
Les og sjå bilde frå Sykkylven Rotaryklubb sitt bedriftsbesøk 26. oktober 2016
23. oktober 2016
Verda sin poliodag 24. oktober
Sjå og les korleis SRK valgte å markere denne dagen.
22. oktober 2016
Guvernørbesøk og to nye medlemmer i SRK
Stranda Rotaryklubb inviterte til intercitymøte på Stranda Hotel, onsdag 19. oktober, i høve guvernørbesøk frå D 2305.