Medlemsmøter med besøk fra Høbben

Sykkylven Rotary Klubb; møte 15. april 2026, i lokalet til Sykkylven Frivilligsentral.  
referat v/ Olav Pileberg.

 

1.      President Kristin ønska velkommen til Frivilligsentralen for gjester og klubbmedlemmer. Kulturhuset var møtestad sist, med Severin Roald som gjest, og heile 115 tilhøyrarar i salen! I dag får vi høyre nytt frå HØBBEN i Ullavika, ved tilsette Hanna Støylen Ebbesvik og Hedda Aure Hofset. Dessutan dei to ungdommane frå niande klasse Sofie Fløttum Fauske og Kieu Steinslien.   Applaus! Kristin introduserte så

2.      Allsong: der Olav hadde bladd opp på side 11 i klubben sitt Songhefte: Du ska få en dag i mårå.  Tekst Alf Prøysen. Tone Otto Nielsen.

3.      Kunngjeringar: Steinar forfall, men informerer pr e-post om 1) 115 frammøtte på Kulturhuset, 2) Bursdag Arild Sporsheim den 21. april.

4.      3-minutt v/ Jan Fredriksen: Paul Harris for 120 år sidan starta Rotary for yrkesaktive folk. Han kunne slett ikkje vite noko om den demografien vi har i dag, der nesten halvparten av oss medlemmene er pensjonistar. Likevel «funkar» klubben bra! Som urbanist i ein mannsalder har Jan fått sansen for Heim på NRK TV. Her får vi sjå tradisjonell gammal byggeskikk,- også hyttebygging. I Sveits med sine ni millionar er dei klare på at skal ein bygge hytte, lyt ein bygge i ein «Dorf» - landsby,- i botnen av dalen. Ingen hytter ved turterrenget. På Fjellsetra, Strandafjellet, Trysil og andre tur/ skisentra i Noreg har det utvikla seg ein «alpin urbanisme» med betydelege hyttebyar. Å bremse denne «nedbygginga» av norsk natur vil bli vanskeleg, i følgje Jan. (ref. merknad: oppslag i media som «Nedbygging av norsk natur ute av kontroll» og «Hvem passer egentlig på den norske naturen?» speglar motstand mot urbanisering av naturen.)

5.      Kaffi/ te og ein matbit.

6.      Kåseri: om HØBBEN, opphaveleg etter ein idé frå Nicolai Karlsen. Hanna og Hedda presenterte seg som frivillige «aktivistar»; Hanna frå byrjinga i 2022 og Hedda noko seinare. Siste åra har dei vore tilsette i deltids-stilling. Målgruppa er all ungdom i bygda frå 8. klasse og oppover. Eit og anna besøk frå vidaregåande: veldig kjekt. Logoen, på sosiale flater og T-skjorter, er laga av «proffe teiknarar» og viser ein H, pluss nokre gaming-symbol. Kåseriet blei supplert av informative lysbilder som viste ein triveleg samlingsstad, drifta av SIL: Sykkylven Idrettslag.  Altså ikkje av kommunen, som vanleg er. Sykkylven bidreg med 200.000 kr på budsjettet. Høbben er i stor grad bygd opp frå grunnen av frivillige eldsjeler på dugnad. (Rotary var på innstig i dei uferdige lokala tidleg i 2022) Gåvemilde sponsorar gjorde det mulig å kjøpe inn  pc-ar og utstyr for e-sport, populært blant ungdommane. Fleire andre spel-aktivitetar og bordtennis også. Opningstidene er onsdag frå kl. 18-21 og laurdag frå 19-23,- då med «Kveldens tema». To gonger for veka er der ope med e-sport tilbod for barneskule-elevar. Gratis for alle ungdommane. Hanna og Hege fortalde med stor iver og innleving, og dei to unge signaliserte også trivelege tilhøve i HØBBEN. Drifta vert besørga av eit driftsstyre der Hanna og Hedda er med saman med nokre vaksne og to ungdommar. HØBBEN CREW har fine T-skjorter. Tretti vaksne og fjorten ungdommar byter på vaktene når Høbben er open. Til saman utgjer dette «mannskapet» som driftar ei høgst oppegåande skute på livets hav. All ære til dei som engasjerer seg i dette gode miljøet!

 Rotary er velkomne til nytt besøk! Etter det halvtimes lange kåseriet var det som vanleg høve til å stille spørsmål, og dei som gjorde det fekk greie og oppmuntrande svar,- bl.a. om utenforskap.

7.      Avslutning: President Kristin takka dei 2+2 idealistane så mykje, og dei fekk påskjøning som takk for innsatsen. Ho røpa også at ho følgde dei på sosiale media og var imponert over kva dei fekk til i namnet til fellesskapet. Neste møte vert på Møre Trafo kl.19. Onsdagen etterpå, den 29. april, vert det dugnad i Kyrkjeparken.  Frammøte kl.18. Svein Erik organiserer den innsatsen. Vel heim og TAKK FOR I DAG!


Kristin beundrar den flotte logoen som «nokon» har teikna.

 









 

Sofie til venstre og Kieu til høgre står framfor
dei to kombinert tilsette og dugnads-arbeidande Hanna S. Ebbesvik (til v. bak) og Hedda A. Hofset i tillegg til Sofie Fløttum Fauske og Kieu Steinslien ståande forran

 

 












 

 

På denne dagen i 2022 presenterte Nyss stor reportasje om nyhendet HØBBEN. Ja, til og med redaktøren var ute med rosande omtale av tiltaket!

 

























Foto og referat, Olav P




















 
Utvekslingsstudent frå Brasil til Sykkylven

22. august 2016

Utvekslingsstudent frå Brasil til Sykkylven

Les om Daniel Pedroso som har kome den lange vegen frå Brasil til Sykkylven

Verdenspresidenten i Rotary 2016/2017: John F. Germ

2. august 2016

Verdenspresidenten i Rotary 2016/2017: John F. Germ

Les meir om den nye Verdenspresidenten på Nyhendesida vår.

President i SRK 2016-2017. Klubben har passert 60 år.

7. juli 2016

President i SRK 2016-2017. Klubben har passert 60 år.

Ny president i Sykkylven Rotary Klubb 2016-2017 er Steven Blindheim. Presidentskiftet var 29. juni, og 6. juli leia Steven sitt første ordinære rotarymøte. Mellom anna orienterte han om klubben, som nettopp har passert sine 60 år. Charterdato er 5. juli.

Rico Bil AS: Blomstrande bedrift med bil i fokus!

4. juli 2016

Rico Bil AS: Blomstrande bedrift med bil i fokus!

Bedriftbesøk til Rico Bil AS i Ålesund sto på programmet 13. april 2016. Vi vart tekne særs godt i mot av dagleg leiar Jorunn Lundanes og noverande konsulent Fred J. Rishaug. Han grunnla bedrifta i 1988 og sto for leiinga til 2014 då Jorunn tok over.

Bedriftsbesøk til Nyborg AS

27. juni 2016

Bedriftsbesøk til Nyborg AS

Sykkylven Rotary Klubb: Bedriftsbesøk 15. juni 2016 hos Nyborg AS, Sykkylven. http://nyborgfan.com/ Bedrifta produserer vifter og utstyr til ventilasjon i skip, oljeplattformer og alle leveransane blir "skreddarsydde" etter kunden sine behov.

Gardsbesøk

28. mai 2016

Gardsbesøk

Gardsbesøk 25. mai hosBastian

Dugnad i Kyrkjeparken

3. mai 2016

Dugnad i Kyrkjeparken

Kyrkjeparken i Sykkylven, ei perle i sentrum!
Service Above Self – Å gagne andre – kjem av og til ekstra godt til syne hos medlemmene i Sykkylven Rotary Klubb. Til dømes på den årvisse dugnaden i Kyrkjeparken.

InterCitymøte  på Berlihuset

20. oktober 2015

InterCitymøte på Berlihuset

Onsdag 14,. oktober hadde vi besøk av guvernør Odd Jarle Hagen og ass. guvernør John Stenes