Sykkylven Rotary
Klubb; Bedriftsbesøk til Rico Bil, Brusdalsvegen 207, 6011 Ålesund,
13. april 2016. Olav Pileberg.
Vi blei ønska velkomne av dagleg leiar sidan 2014 Jorunn Lundanes og
noverande konsulent Fred J. Rishaug. Begge to er busette i Sykkylven sidan
slutten av 1970-talet, og reknar seg difor som sykkylvingar. Bedrifta vart
etablert i 1988, 1. september, etter at Mazda-forhandlaren Eiksund Auto AS i
Ålesund gjekk konkurs. Her var Fred salgssjef, og hadde dei kontakter og den
dugleik som skulle til for å få i gang ei ny verksemd med åtte tilsette i
leigde lokale, eit lite stykke frå noverande plassering i Fremmerholen. Drifta
har svinga, men med eitt lite unntak har bunnlinja vist grøn farge fram til
dags dato. Staben har visst å setje tæring etter næring! Dagen i dag ser lys
ut, og det same gjer framtida. Med nybygg og populære modellar av merka Mazda
og Hundai, står Rico Bil AS fram som ei solid bedrift. Det er «sykkylvsbedrifta
i Ålesund».
Jorunn og Fred tok godt vare på oss besøkande, og serverte velsmakande både
kaffi og marsipankake. Etter orienteringa fekk vi vere med på ein runde som til
fulle viste ei velordna bedrift i lyse, vennlege og romslege lokale.
Underteikna referent kan skrive under på god kundebehandling med hyggelege
tilsette. Sykkylven Rotary Klubb ved president Hallstein overrekte gåve og
takka så mykje for at vi fekk komme og for fyldig og god orientering.
3. mai 2016
Kyrkjeparken i Sykkylven, ei perle i sentrum!
Service Above Self – Å gagne andre – kjem av og til ekstra godt til syne hos medlemmene i Sykkylven Rotary Klubb. Til dømes på den årvisse dugnaden i Kyrkjeparken.
24. februar 2016
I dag hadde vi besøk av Jarle Strømmegjerde som heldt et interessant foredrag om SNU og aktivitetane der. Sjekk gjerne denne heimesida: http://www.skaparglede.no
20. oktober 2015
Onsdag 14,. oktober hadde vi besøk av guvernør Odd Jarle Hagen og ass. guvernør John Stenes
9. juli 2015
Det opne møtet i Sykkylven Rotary Klubb sist onsdag samla fram mot førti medlemmer og gjester. Alle ville dei høyre det som konstituert administrerande direktør i Helse Møre og Romsdal, Dag Hårstad, hadde å seie om sjukehusstruktur og spesialhelsetenesten
21. mars 2015
Distrikt 2305 inviterte tillitsvalde i klubben til seminar 21.mars 2015, på Quality Hotel Waterfront i Ålesund. Biletet viser samlinga i plenum før lunsj.