Medlemsmøte med Janne Strømmen fra Ekornes

Referat frå møte i Sykkylven Rotaryklubb onsdag 10.06.2026

 

Nils Arve Kjemphol ønska alle velkomen til møte. Spesielt velkomen til dagens føredragshaldar Janne Strømmen, som skulle orientere om Ekornes.

 

Agenda:

Allsong.

3 - minutt ved Audun Nerland

Ekornes ved Janne Strømmen

 

Allsong: Heimbygda.

 

Kjemphol sa han hadde motteke melding frå sekretær Steinar Klokk at det var 18 personar som møtte opp på siste møte. 2 medlemmar har permisjon som gjev eit oppmøte på 55%.

 

Knut Molnes fekk ordet. Rotary skal hjelpe til med rigging og ned av telt  til Lone Tynes  Anderson og Lola daycare Senter under «Sykkylvsdagane. Oppmøte er laurdag 13.juni 2026. Fyrste vakta er kl. 09:00, og det blir 2 timers vakter utover. (Liste gjekk rundt under møte der ein kunne skrive seg på).

 

3 minutt ved Audun Nerland

 

Fortalte at det er auke i netthandel. I fjor blei det omsett for 90 milliard kroner. Totalt utgjer netthandel ca 15%. Det utgjer  ca 45.000,- årsverk.

 

Lokale butikkar og kjøpesenter merker at omsetninga går ned. Bygda sine butikkar klarer ikkje å demme opp for netthandelen. Konkurransen er derfor tøff.

 

I 2020 var netthandelen på topp.  Vestland fylke toppar  netthandelen med 3,6 %.

 

I framtida må vi støtte opp om nærbutikken og handle lokalt. Det krever omstilling.

 

Kaffe og drøs.

 

Janne Strømmen, CMO hos Ekornes

Ekornes ved Janne Strømmen, markedssjef.  Ho har arbeidd 4 1/2 år i bedrifta. Ho har tidlegare arbeidd på sysalen til Ekornes. Ho kjenner difor produksjonen på golvet. Strømmen tok utdanning innanfor markedsføring. Ho  har arbeidd tidlegare hjå Devold og Stokke.

 

Ekornes har den siste tida gjort endringar  i leiinga og produksjonen. Ny adm. direktør er Fredrik Nilsen, som er ein samlande leiar.

 

«Stressless» er framleis viktigaste  merkevare til Ekornes.

 

Ekornes har idag 2250 ansatte verda rundt.

20 nasjonalitetar i arbeid.

Ca. 4000 butikkar ute i verda.

8 fabrikkar i 4 land.

19 salskontor i 13 land.

 

Nærheit til kundane er viktig for bedrifta.

 

Ekornes arbeider etter filosofien at ein må lykkast globalt for å lykkast lokalt.

 

Dei arbeider idag mykje med comfort i produkta sine, og med utrulling av eit nytt butikk konsept.

 

Strømmen opplyste at dei samarbeider med Arve Ekornes i forbindelse med utvikling  av nye produkt.

 

Det var eit nyttig foredrag om bedrifta Ekornes og status pr. I dag.

 

Til slutt fekk den som ville stille spørsmål til Janne.

 

10.06.2026

Skrivar Steven Blindheim



 
Utvekslingsstudent frå Brasil til Sykkylven

22. august 2016

Utvekslingsstudent frå Brasil til Sykkylven

Les om Daniel Pedroso som har kome den lange vegen frå Brasil til Sykkylven

Verdenspresidenten i Rotary 2016/2017: John F. Germ

2. august 2016

Verdenspresidenten i Rotary 2016/2017: John F. Germ

Les meir om den nye Verdenspresidenten på Nyhendesida vår.

President i SRK 2016-2017. Klubben har passert 60 år.

7. juli 2016

President i SRK 2016-2017. Klubben har passert 60 år.

Ny president i Sykkylven Rotary Klubb 2016-2017 er Steven Blindheim. Presidentskiftet var 29. juni, og 6. juli leia Steven sitt første ordinære rotarymøte. Mellom anna orienterte han om klubben, som nettopp har passert sine 60 år. Charterdato er 5. juli.

Rico Bil AS: Blomstrande bedrift med bil i fokus!

4. juli 2016

Rico Bil AS: Blomstrande bedrift med bil i fokus!

Bedriftbesøk til Rico Bil AS i Ålesund sto på programmet 13. april 2016. Vi vart tekne særs godt i mot av dagleg leiar Jorunn Lundanes og noverande konsulent Fred J. Rishaug. Han grunnla bedrifta i 1988 og sto for leiinga til 2014 då Jorunn tok over.

Bedriftsbesøk til Nyborg AS

27. juni 2016

Bedriftsbesøk til Nyborg AS

Sykkylven Rotary Klubb: Bedriftsbesøk 15. juni 2016 hos Nyborg AS, Sykkylven. http://nyborgfan.com/ Bedrifta produserer vifter og utstyr til ventilasjon i skip, oljeplattformer og alle leveransane blir "skreddarsydde" etter kunden sine behov.

Gardsbesøk

28. mai 2016

Gardsbesøk

Gardsbesøk 25. mai hosBastian

Dugnad i Kyrkjeparken

3. mai 2016

Dugnad i Kyrkjeparken

Kyrkjeparken i Sykkylven, ei perle i sentrum!
Service Above Self – Å gagne andre – kjem av og til ekstra godt til syne hos medlemmene i Sykkylven Rotary Klubb. Til dømes på den årvisse dugnaden i Kyrkjeparken.

InterCitymøte  på Berlihuset

20. oktober 2015

InterCitymøte på Berlihuset

Onsdag 14,. oktober hadde vi besøk av guvernør Odd Jarle Hagen og ass. guvernør John Stenes