Medlemsmøte med Presidentskifte
Sykkylven Rotary Klubb; møte 17. juni 2026, i lokalet til Sykkylven Frivilligsentral. Vinlotteri. Presidentskifte.
referat v/ Olav Pileberg.
1. President Kristin ønska velkommen for gjester og klubbmedlemmer til Frivilligsentralen. Siste møte i Rotaryåret 2025-2026 og skifte av President. Kristin introduserte så
2. Allsong: Kristin hadde kopiert ark med dei to Rotary-songane dikta av Henrik Straumsheim og Kårstein Blindheim. Vart også vist på storskjerm. Først Straumsheim: Midt i alt som kan kløyve og skilje skal vårt Rotary knyte eit band…
3. Kunngjeringar: innkommande President Steinar Klokk informerte om ei rad med bursdagar i løpet av sommaren. Gratulerer med dagen til kvar og ein!
4. 3-minutt v/ Knut Martin Molnes: tema: PRIS PÅ STRAUM OG NETTLEIGE: det funksjonelle og det dysfunksjonelle straum-marknadssystemet. EUROPA er blitt skulda for å ha ein dysfunksjonell straum-marknad, der straumprisane har variert voldsomt og auka. Tyskland har fått skulda, trass i at dei heile tida har følgt sine kunngjorte planer om meir «grøn» straumproduksjon, på bekostning av fossil kraft og atomkraft. Prisane har auka mykje på grunn av auka gassprisar. Ufreden mellom Russland og Ukraina har ikkje gjort marknaden økonomisk enklare! Alt dette har forplanta seg til Sør-Noreg, der prisane har vore mykje høgare enn nord for Dovre og i Nord-Noreg; kanskje opp mot ei krone pr kWh i skilnad. Kraftverka i nord har fått dårleg betalt for det dei produserer. I tillegg er kapasiteten i nettet frå nord til sør beint fram elendig,- noko som hindrar utjamning av prisane i Noreg. Deler av den billege straumen i nord lyt gå gjennom det svenske el-nettet. Vårt eige nettsystem er dysfunksjonelt, seier politikarane. Å rette på dette vil koste mykje, både i tid og pengar. Vi som kundar lyt punge ut,- kanskje 25 % auke i nettleiga. Tida vil vise fasitsvaret, men noko nedgang i prisen på energi kan vi ikkje vente oss. Snarare tvert imot.
5. Kristin kommenterte. Ho er medlem i styret for Sykkylven Energi/ Straumen Nett AS, og la inn «eit godt ord» for sistnemnde, som hevdar seg høgt i positiv lei på lista over nettleverandørar i Noreg. Ho hadde også truleg kviskra Kjellaug Roald «eit godt ord» i øyret om møtet med presidentskifte, for kakebordet bugna av velsmakande freistingar som både incoming og past President gjerne ville smake på… og sjølvsagt vi andre også. Sjå bildet. Samstundes var det loddsal… der sekretær Steinar selde lodd, og …etter ei stund, President Steinar tok mot første gevinst!
6. Informasjon etter nyleg styremøte v/ Steinar: «hårete mål» for neste R-år: 6 nye medlemmar. Alle blir utfordra til å invitere med seg moglege kandidatar til SRK. Diverse muntert om fleire damer i klubben. 2) Torskemiddag i Stranda RK inspirerer til noko liknande i SRK i løpet av hausten -26. Fredag 30. oktober vil vi sette av tid til noko godt som begynner på HJORT: Hjortemiddag i Sykkylven. End Polio Now vil markerast i same veka. Merk av i kalenderen! 3) Positive erfaringar med sosiale flater. Facebook til no, men planer for profil på Instagram ligg føre. Her vil vi kanskje nå ei litt yngre målgruppe. 4) PAUL HARRIS FELLOW: medlemmene blir oppfordra til å komme med forslag til «verdige» kandidatar til dette heidersteiknet. Ein av dei siste hos oss var nettopp Steinar Klokk, men ein treng ikkje vere medlem i klubben for å få denne utmerkinga. 5) Det vert arbeidd med ein «referat-mal» som referentane kan halde seg til når dei refererer frå klubbmøta. Malen vil bli implementert i klubben når Styret har godkjent han. 6)September laurdag den 19.: Distriktskonferanse og årsmøte i Fosnavåg. Ved påmelding kan ein velje mellom frammøte fredag ettermiddag den 18. og overnatting, eller komme direkte laurdag, då DK blir gjennomført med gode krefter, så som Nobelpris-vinnarane May Britt og Edvard Moser. Info og påmelding blir sendt ut snart, med påmeldingsfrist 30. juni.
7. Presidentskifte. Interessant, kjekt, lærerikt, møte med kjekke folk… var uttrykk som Kristin nytta om sine erfaringar gjennom hennar presidentår 2025-2026. Ho gav ros til programkomitéen for vel utført arbeid. Vi er blitt meir tydelege i bygda, meinte Kristin. Møtet på Kulturhuset med Severin Roald vart spesielt framheva. Ho nemnde også opprykk til nytt lokale i Frivilligsentralen som positivt. Det same om Polioaksjonen og Dugnad i Kyrkjeparken. Toppturen med buss og båt til Stranda – Geiranger – Hjelle/ Stryn – Sykkylven i nydeleg sommarvêr vart både vakker og minneverdig. Ho avslutta med takkens ord til alle for god innsats i året, og håpa at klubben i sitt arbeid hadde lagt ei god plattform for innkommande President Steinar å bygge vidare på. Blomsterbukettar vart delte ut og applausen sat laust. Deretter reiste alle seg, då Kristin tok av seg presidentkjedet og la det rundt halsen på Steinar Klokk, som det synlege teiknet på hans nye verv i Sykkylven Rotary Klubb. Gratulerer, Steinar Klokk! Han kvitterte med å takke for tillita… «å hoppe etter Wirkola», som han kalte det. Den nye presidenten overrekte så blomster til Past President Kristin Grebstad, med takk for vel utført arbeid gjennom året. Applaus. Deretter Rotary-songen til Kårstein Blindheim: Vi kjem alle frå ulike yrke, og skal utveksle tankar og ord.Skrivar Olav P ved pianoet.
8. To glade vinnarer,- blant dei den nye presidenten, fekk dei utlodda flaskene til odel og eige, og dermed var det GOD SOMMAR TIL ALLE.
Knut Martin Molnes heldt 3-minutt om straum- og nettleige prisar.

Kristin Grebstad fortel og orienterer om året som President.

Ny President i Sykkylven Rotary Klubb, Steinar Klokk, har fått presidentkjedet. Han gir blomster og takk til Kristin for vel utført arbeid i året som gjekk.
.

Kakebordet, ein President verdig!
Foto og referat, Olav P
19. oktober 2024
Hjelp Rotary med å utrydde polio nå!
Fare for internasjonal spredning gjør fortsatt polio til en internasjonal folkehelsekrise, sier Verdens helseorganisasjon (WHO), som har som mål å utrydde polio innen 2027. Så lenge det fortsatt er i polio i verden, er det fare for spredning.
17. oktober 2024
Anita gir polio et ansikt
«Polio er en fryktelig sykdom», sier Anita. Det er smerter, lammelser, operasjoner, seinskader. Kort sagt mye «tapt liv». «Vi må gjøre alt vi kan for å utrydde Polio!», fortsetter hun.
18. mai 2019
Presidenten sin time
President Greta leia Presidenten sin time på beste vis, og fordelte orda mellom Geir Løseth, 3-minutt, og innkommande president Petter Velle, som orienterte om kommande Rotary-år 2019-2020
22. januar 2019
Med Terje Aurdal gjennom tre land, frå Grense - Jakobselv til Lindesnes.
Friluftsmannen Terje Aurdal besøkte Sykkylven Rotaryklubb og tok medlemmene med på ein forvitneleg tur på ski, på sykkel og i kano frå Grense - Jakobselv i Finnmark, gjennom Finland og Sverige til Sulitjelma og heilt til Lindesnes.
11. januar 2018
Rotarymøte 10 . januar 2018:
Les referat av ordfører Odd Jostein si orientering om stoda i Sykkylven Kommune.
6. januar 2018
Presidenten sin time med Vinlotteri
Les Olav sitt flotte referat frå Presidenten sin time 3. januar.
6. januar 2018
Rotarymøte 13.desember 2017
Les Olav sitt flotte referat med m.a. Lars Einar Riksheim sitt foredrag om Amtec.
6. januar 2018
Rotarymøte 6..desember 2017
Les Ragnar Kaland sitt foredrag om arbeidsplassen sin Laader Berg.