Medlemsmøte med Presidentskifte

Sykkylven Rotary Klubb; møte 17. juni 2026, i lokalet til Sykkylven Frivilligsentral. Vinlotteri. Presidentskifte.
referat v/ Olav Pileberg.

 

1.      President Kristin ønska velkommen for gjester og klubbmedlemmer til Frivilligsentralen. Siste møte i Rotaryåret 2025-2026 og skifte av President.   Kristin introduserte så

2.      Allsong: Kristin hadde kopiert ark med dei to Rotary-songane dikta av Henrik Straumsheim og Kårstein Blindheim. Vart også vist på storskjerm. Først Straumsheim: Midt i alt som kan kløyve og skilje skal vårt Rotary knyte eit band…

3.      Kunngjeringar: innkommande President Steinar Klokk informerte  om ei rad med bursdagar i løpet av sommaren. Gratulerer med dagen til kvar og ein!

4.      3-minutt v/ Knut Martin Molnes: tema: PRIS PÅ STRAUM OG NETTLEIGE: det funksjonelle og det dysfunksjonelle straum-marknadssystemet. EUROPA er blitt skulda for å ha ein dysfunksjonell straum-marknad, der straumprisane har variert voldsomt og auka. Tyskland har fått skulda, trass i at dei heile tida har følgt sine kunngjorte planer om meir «grøn» straumproduksjon, på bekostning av fossil kraft og atomkraft. Prisane har auka mykje på grunn av auka gassprisar. Ufreden mellom Russland og Ukraina har ikkje gjort marknaden økonomisk enklare! Alt dette har forplanta seg til Sør-Noreg, der prisane har vore mykje høgare enn nord for Dovre og i Nord-Noreg; kanskje opp mot ei krone pr kWh i skilnad. Kraftverka i nord har fått dårleg betalt for det dei produserer. I tillegg er kapasiteten i nettet frå nord til sør beint fram elendig,- noko som hindrar utjamning av prisane i Noreg. Deler av den billege straumen i nord lyt gå gjennom det svenske el-nettet. Vårt eige nettsystem er dysfunksjonelt, seier politikarane. Å rette på dette vil koste mykje, både i tid og pengar. Vi som kundar lyt punge ut,- kanskje 25 % auke i nettleiga. Tida vil vise fasitsvaret, men noko nedgang i prisen på energi kan vi ikkje vente oss. Snarare tvert imot.

5.      Kristin kommenterte. Ho er medlem i styret for Sykkylven Energi/ Straumen Nett AS, og la inn «eit godt ord» for sistnemnde, som hevdar seg høgt i positiv lei på lista over nettleverandørar i Noreg. Ho hadde også truleg kviskra Kjellaug Roald  «eit godt ord» i øyret om møtet med presidentskifte, for kakebordet bugna av velsmakande freistingar som både incoming og past President gjerne ville smake på… og sjølvsagt vi andre også. Sjå bildet. Samstundes var det loddsal… der sekretær Steinar selde lodd, og …etter ei stund, President Steinar  tok mot første gevinst!

6.      Informasjon etter nyleg styremøte v/ Steinar: «hårete mål» for neste R-år: 6 nye medlemmar. Alle blir utfordra til å invitere med seg moglege kandidatar til SRK. Diverse muntert om fleire damer i klubben. 2) Torskemiddag i Stranda RK inspirerer til noko liknande i SRK i løpet av hausten -26. Fredag 30. oktober vil vi sette av tid til noko godt som begynner på HJORT: Hjortemiddag i Sykkylven. End Polio Now vil markerast i same veka. Merk av i kalenderen! 3) Positive erfaringar med sosiale flater. Facebook til no, men planer for profil på Instagram ligg føre. Her vil vi kanskje nå ei litt yngre målgruppe. 4) PAUL HARRIS FELLOW: medlemmene blir oppfordra til å komme med forslag til «verdige» kandidatar til dette heidersteiknet. Ein av dei siste hos oss var nettopp Steinar Klokk, men ein treng ikkje vere medlem i klubben for å få denne utmerkinga. 5) Det vert arbeidd med ein «referat-mal» som referentane kan halde seg til når dei refererer frå klubbmøta. Malen vil bli implementert i klubben når Styret har godkjent han. 6)September laurdag den 19.: Distriktskonferanse og årsmøte i Fosnavåg. Ved påmelding kan ein velje mellom frammøte fredag ettermiddag den 18. og overnatting, eller komme direkte laurdag, då DK blir gjennomført  med gode krefter, så som Nobelpris-vinnarane May Britt og Edvard Moser. Info og påmelding blir sendt ut snart, med påmeldingsfrist 30. juni.

7.    Presidentskifte. Interessant, kjekt, lærerikt, møte med kjekke folk… var uttrykk som Kristin nytta om sine erfaringar  gjennom hennar presidentår 2025-2026. Ho gav ros til programkomitéen for vel utført arbeid. Vi er blitt meir tydelege i bygda, meinte Kristin. Møtet på Kulturhuset med Severin Roald vart spesielt framheva. Ho nemnde også opprykk til nytt lokale i Frivilligsentralen som positivt. Det same om Polioaksjonen og Dugnad i Kyrkjeparken. Toppturen med buss og båt til Stranda – Geiranger – Hjelle/ Stryn – Sykkylven i nydeleg sommarvêr vart både vakker og minneverdig. Ho avslutta med takkens ord til alle for god innsats i året, og håpa at klubben i sitt arbeid hadde lagt ei god plattform for innkommande President Steinar å bygge vidare på. Blomsterbukettar vart delte ut og applausen sat laust. Deretter reiste alle seg, då Kristin tok av seg presidentkjedet og la det rundt halsen på Steinar Klokk, som det synlege teiknet på hans nye verv i Sykkylven Rotary Klubb. Gratulerer, Steinar Klokk! Han kvitterte med å takke for tillita… «å hoppe etter Wirkola», som han kalte det. Den nye presidenten overrekte så blomster til Past President Kristin Grebstad, med takk for vel utført arbeid gjennom året. Applaus. Deretter Rotary-songen til Kårstein Blindheim: Vi kjem alle frå ulike yrke, og skal utveksle tankar og ord.Skrivar Olav P ved pianoet.

8.    To glade vinnarer,- blant dei den nye presidenten, fekk dei utlodda flaskene til odel og eige, og dermed var det GOD SOMMAR TIL ALLE.


 

Knut Martin Molnes heldt 3-minutt om straum- og nettleige prisar. 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 




 

Kristin Grebstad fortel og orienterer om året som President.











Ny President i Sykkylven Rotary Klubb, Steinar Klokk, har fått presidentkjedet. Han gir blomster og takk til Kristin for vel utført arbeid i året som gjekk.

.

 

 

 

 

 

 




 

Kakebordet, ein President verdig!







Foto og referat, Olav P



 
Rydding i kirkeparken

2. mai 2026

Rydding i kirkeparken

Dugnad i Kirkeparken

Presentasjon av Høbben

19. april 2026

Presentasjon av Høbben

Onsdag den 15. april fekk klubben besøk frå HØBBEN ungdomsklubb i Ullavika. Hanna, Hedda, Sofie og Kieu presenterte klubben på beste vis til eit lydhøyrt publikum.

9. april 2026

Sykkylven Rotaryklubb inviterte Severin Roald til foredrag. Tema: Kunsten å skape tillit.

Severin Roald som vaks opp i Sykkylven, men som no bur i Oslo.
Gjennom foredraget «Kunsten å skape tillit» ga han fleire nyttige råd til dei frammøtte.
Roald var blant anna innom 10 punkt for korleis ein kan skape tillit.

RYLA seminar Ålesund

30. april 2025

RYLA seminar Ålesund

Referat fra RYLA seminar i Ålesund

Kyrkjepark og Rotary-dugnad

26. april 2025

Kyrkjepark og Rotary-dugnad

Det nærmar seg både konfirmasjon og 17. mai, og tradisjonen tru stiller Sykkylven Rotary Klubb (SRK) opp med vårpuss i området ved kyrkja.

Medlemsmøter hos LK Hjelle 26 mars 2025

27. mars 2025

Medlemsmøter hos LK Hjelle 26 mars 2025

Bedriftsbesøket hos L. K. Hjelle Møbelfabrikk var frå starten av samling i møterom bak dei store og spennande glasflatene i arkitekturen som ein kunne sjå frå utsida. CEO dei siste fem åra, Jens Peter Brunstad, ønska velkommen til oss 23 frammøtte og pres

Besøk av Lene Trude Solheim frå NHO

13. desember 2024

Besøk av Lene Trude Solheim frå NHO

Lene besøkte oss med foredraget: Næringslivets perspektiv - for utvikling og vekst. Vi fekk eit godt innblikk i kva NHO driv med og om næringslivets utfordringar i Møre og Romsdal.

Sykkylven Røde Kors

15. november 2024

Sykkylven Røde Kors

Onsdag 13. november fekk vi besøk av Sykkylven Røde Kors ved Jon Erdal som fortalde om alt det flotte arbeidet dei gjer for bygda både innan omsorg og i hjelpekorpset. Vi fekk eit godt innsyn i det viktige arbeidet dei gjer.

Hjelp Rotary med å utrydde polio nå!

22. oktober 2024

Hjelp Rotary med å utrydde polio nå!

Rotary held fram kampen mot polio –
Rotary-klubber verden over held fram kampen mot polio, og no har innbyggjarane i Stranda og Sykkylven ei unik moglegheit til å bidra. Ved å gi til lokalt Vipps-nummer 134399 kan du bidra.

Høyr Bill Gates oppfordre oss til å bidra til Polioaksjonen

20. oktober 2024

Høyr Bill Gates oppfordre oss til å bidra til Polioaksjonen

Hvert bidrag teller i kampen mot polio! Visste du at når du gir penger til Polio plus, tredobles effekten av din gave? For hver krone du gir, matcher Bill og Melinda Gates med to kroner. Sammen kan vi stoppe polio én gang for alle! Vipps til 134399