Rotarybesøk ved NTNU - Simulatorsenter 12.10.2016:
Sykkylven Rotaryklubb besøkte 12. oktober Simulatorsenteret
ved NTNU i Ålesund. Det var berre 14 i Klubben som møtte opp, men aldri så galt
at det ikkje er godt for noko: Då blei det bedre høve for oss frammøtte til å
prøve dei ulike simulatorene.
Bilde: Arnt Myrheim - Holm med studentar
Studie Program Manager Arnt Myrheim-Holm innleia med ei
orientering generelt om NTNU (Norsk Teknisk - Naturfaglige Universitet), og studiet i Nautikk spesielt. Han fortalte
at ved NTNU Ålesund er det 2300 studenter og 260 ansatte. Det er også mange
innleide undervisningskrefter. Det er tett kontakt med næringslivet.
Arnt underviser i Nautikk. Dette er eit fag der ein tek
sikte på å utdanne skipsførarar/styrmenn. Det er eit 3 årig studium som gir
bachelorgrad, men det er også høve til å ta mastergrad i maritim ledelse og
evt. doktergrad. Halvparten av studentene kjem frå 2- årig fagskule, og den
andre halvparten kjem frå Videregåande Skule.
Simulatorsenteret blei opna i 1999. Så vidt referent
forstår, er det 5 simulatorrom og dei har sunnmørsnamn: Ulstein, Giske, Haram,
Herøy og Sula. Alle typer skip kan simuleres.
Lærerkreftene er folk som har vore sjøkapteiner,
plattformsjefer og i det heile tatt folk frå praktiske yrker. Ikkje så mange
teoretikere som ved mange andre studium.
I følge Arnt, er dei skipsførerene som blir utdanna i
Nautikk ved NTNU mykje bedre kvalifisert til å vere styrmenn enn tidlegare. kulen. Dette pga. mykje praktisk trening med
simulatorene.
Søknadene til Nautikkstudiet har gått ned siste året pga.
oljekrisa. Likevel rekner ein med at studiet har livets rett komande år, sjøl
om kanskje det vil bli fleire autonome skip enn i dag.
Neste år rekner Senteret å flytte over til NMK (Norsk Maritimt Kompetansesenter) på
andre sida av Borgundvegen.
Så var det vår tur til å prøve dei ulike simulatorene. Som
nemnt er det 5 forskjellige rom- og skipssimulatorer å velge i mellom. Den som
referent var med på å styre, var ein
simulator som skulle etterlikne ein tysk korvett. Og her gjekk det unna. Full
fart var heile 54 knop, altså over 100 km/t. Det var mange som måtte sette
sjøbein pga. at det heile blei veldig livaktig. Ein virkelig følte virkelig at
ein var ute på «bøljan den blå». Dei fleste fikk prøve å styre korvetten.
Referent fikk ta ein tur forbi Alnes Fyr og i retning Runde. Det var spesielt
artig å svinge frå side til side. Eg blei ustø, men heldigvis ikkje sjøsjuk. Idet heile var
dette ei flott leike for store gutter. Det var eit lite antiklimaks då det
heile stoppa opp, angiveleg pga. at det gjekk ei sikring.
Pr
Bilde: President Steven prøver seg som styrmann, medan Olav synes det heile går svært så bra.
Bilde: Reknar at dette blir noko å fortelle klassekameratar når han kjem heim til Bela Horisonte og Brasil.
Ved sidan av denne korvetten, kunne ein også få prøve seg å styre supertankarer som det langsomaste og hurtigbåt som det raskaste.
Etter å ha testa desse simulatorene kan ein god forstå at dei som er utdanna her er bedre i stand til å føre båter enn styrmenn frå dei gamle sjømannskolene.
Dei som ikkje møtte opp på NTNU og simulatorsenteret kan
berre angre seg. Stor takk til Programkomiteen ved Gretha som ordna dette
besøket for oss.
Referent Jarle
Svindseth
3. mai 2016
Kyrkjeparken i Sykkylven, ei perle i sentrum!
Service Above Self – Å gagne andre – kjem av og til ekstra godt til syne hos medlemmene i Sykkylven Rotary Klubb. Til dømes på den årvisse dugnaden i Kyrkjeparken.
24. februar 2016
I dag hadde vi besøk av Jarle Strømmegjerde som heldt et interessant foredrag om SNU og aktivitetane der. Sjekk gjerne denne heimesida: http://www.skaparglede.no
20. oktober 2015
Onsdag 14,. oktober hadde vi besøk av guvernør Odd Jarle Hagen og ass. guvernør John Stenes
9. juli 2015
Det opne møtet i Sykkylven Rotary Klubb sist onsdag samla fram mot førti medlemmer og gjester. Alle ville dei høyre det som konstituert administrerande direktør i Helse Møre og Romsdal, Dag Hårstad, hadde å seie om sjukehusstruktur og spesialhelsetenesten
21. mars 2015
Distrikt 2305 inviterte tillitsvalde i klubben til seminar 21.mars 2015, på Quality Hotel Waterfront i Ålesund. Biletet viser samlinga i plenum før lunsj.