Guvernørbesøk og to nye medlemmer i SRK

Stranda Rotaryklubb inviterte til intercitymøte på Stranda Hotel, onsdag 19. oktober, i høve guvernørbesøk frå D 2305.

Sykkylven Rotary Klubb, Referat frå Intercitymøte på Stranda Hotel, 19. oktober 2016
Særleg gjest, Guvernør for Distrikt 2305, Gunnar Kvalsund. Gjester elles: Steinar Klokk, Sindre Stuen og utvekslingsstudent Daniel Pedrosa, Sykkylven RK.
Møtet med rundt 32 frammøtte opna presis kl 19, då Presidenten i Stranda Rotaryklubb, Anne Lise Karlsen, ønska alle velkommen. Ho presenterte Stranda kommune og Stranda Rotaryklubb med sine 31 medlemmer; av dette 5 kvinner. Ein aktiv klubb i ei aktiv kommune! Anne Lise gav deretter ordet til guvernøren for Distrikt 2305, Gunnar Kvalsund. Han opna med å presentere seg sjølv, og var sjølvsagt nøye med å fortelje at hans karriere i Rotary starta i Sykkylven Rotary Klubb, ca 1995! Oppveksten hadde han i Herøy … (med vårt gode medlem Geir B. som kamerat) og no er han dagleg leiar i Midsund Næringsforum. Han er busett på Vigra, saman med kona Kari, og han er medlem i Giske RK. Gunnar sit også i styret for NORFO. Særleg siste året har læringskurva i Rotary vore bratt!

RI-President John F. Germ frå Chattanooga, Tenessee, har som sitt motto Rotary Serving Humanity. Presidenten seier at vi må vere bevisste på at Rotary gjer ein fantastisk jobb rundt omkring i verda. Dette må vi som klubbar syte for å marknadsføre i lokalsamfunnet vårt. Vi har all grunn til å vere stolte av det arbeidet som Rotary utfører, både lokalt og globalt! Kvalsund formidla også dei seks hovud-fokusområda til Rotary: Fred og konflikt-forebygging /-løsning, Sykdomsforebygging og behandling, Vann og sanitær, Barne- og mødrehelse, Grunnutdanning og leseferdighet, Økonomi- og samfunnsutvikling. Sjå detaljar vidare i Håndboken, side 6, på linken http://rotary.no/file-manager/file/TRF/TRF%20Ha%CC%8Andbok%20feb%202016%20v%20100216.pdf?context=mosdoc
Kvalsund stilte så spørsmålet om kva det er som gjer ein klubb attraktiv å vere med i. I svaret på det spørsmålet nemnde han m.a. god fordeling på alder, kjønn, etnisk opphav. Engasjerte medlemmer frå andre nasjonar/ kulturar kan vere med å gjere klubben sitt miljø rikare. Vennskap og attraktivt program utgjer ofte kjernen i klubbdrifta. Men ein kjem heller ikkje utanom rekruttering av nye medlemmer. Her må kvar klubb gjennom sine kontaktflater syte for å kommunisere «den gode bodskapen» til mulige nye medlemmer. Utviklingspotensialet – særleg for ungdom – er stort. Ungdomsutveksling, camps, Ryla, stipend,… Klubben har bruk for kvar einskild! I Ulstein stod presidenten i døra og handhelste velkommen kvar einskild som kom til møtet. «Utruleg flott gjort», sa guvernør Kvalsund. 

Klubbane må også vise vilje til endring. Nye rutinar og andre måtar å gjere ting på i klubbane kan vere av verdi, som i samfunns- og næringslivet elles. Kvalsund la også inn eit godt ord for mange ulike Rotary «Fellowship» der folk med ulike interesser kan finne likesinna innan ulike interessefelt; det vere seg hobbyar, sport, musikk, etc. etc. Det finst eit «Fellowship» for det meste. Søk på nettet, og finn noko som høver for deg. Også «Action-group» kan vere noko å søkje etter. «Action-group for Peace» er ei av dei siste. Sameleis finst det diskusjonsgrupper. Alt er sjølvstendige grupper som arbeider på sida/ utanfor Rotary. www.rotary.org har informasjon om «alt». Convention for 2017 vil det bli i Atlanta, bl.a. med feiring av TRF, The Rotary Foundation 100 år. Til den som har høve: Reis til ein Convention. De vil aldri angre! Planlegginga av Conventet i Atlanta vert leia av ein nordmann, Mathéson.
Om PolioPlus,- Rotary International sitt program for utrydding av poliomyelitt, sa Gunnar Kvalsund m.a. at det framleis finst tilfelle i Nigeria, Afghanistan og Pakistan. Arbeidet for endeleg utrydding av sjukdomen er høgt prioritert, sjølv om reduksjonen alt er på 99,9 prosent. (Kommande søndag, 23. okt., skipar Sykkylven RK til Søndagstur med møteplass på Fagrefjellet, nettopp til inntekt for PolioPlus) Vaksineringa går sin gang, og snart treng ikkje folk nokon stad i verda vere redde for å få poliomyelitt! Så langt guvernør Gunnar Kvalsund, med si informerande og utfordrande tale til dei frammøtte på Intercitymøtet på Stranda Hotel.
President Anne Lise gav så ordet vidare til president Steven Blindheim, Sykkylven RK. Han introduserte utvekslings-student frå Brasil Daniel Pedrosa (16) og klubbansvarleg Ingjerd Asbjørnsen, som gav guten sin aller beste attest, også som gitarspelar! Dei utveksla nokre ord for open scene og hausta applaus for det.


Etter dette fekk president Steven igjen ordet, og han tok til orde for opptak av to nye medlemmer til Sykkylven Rotary Klubb. Leiar for vervekomiteen Hallstein Lillevik presenterte einingsleiar i Sykkylven kommune og PHF/ Paul Harris Fellow, Steinar Klokk, 48. Guvernøren, assistert av presidenten festa Rotarymerket. Så var det Sindre Stuen, f. 1977 sin tur. Steven hadde teke på seg å vere fadder for han, og presenterte han på beste vis. Etter maritim utdanning flytte Sindre attende til Sykkylven i 1999, og dagpendlar no til Ålesund, der han arbeider som QHSE Manager/ tryggings-sjef/ HMS hos Uksnøy & Co AS. Blomsterbukettar vart så overrekte til dei to nye medlemmene, som heretter kan rekne seg som fullverdige medlemmer i SRK, og dermed i den verdsvide kameratflokken Rotary International.
Foto: Hallstein Lillevik
Foto: Hallstein Lillevik

Frå venstre: President Steven Blindheim, Sindre Stuen, Steinar Klokk, Guvernør Distrikt 2305, Gunnar Kvalsund.



 
Dugnad i Kyrkjeparken

3. mai 2016

Dugnad i Kyrkjeparken

Kyrkjeparken i Sykkylven, ei perle i sentrum!
Service Above Self – Å gagne andre – kjem av og til ekstra godt til syne hos medlemmene i Sykkylven Rotary Klubb. Til dømes på den årvisse dugnaden i Kyrkjeparken.

Sykkylven Næringsutvikling

24. februar 2016

Sykkylven Næringsutvikling

I dag hadde vi besøk av Jarle Strømmegjerde som heldt et interessant foredrag om SNU og aktivitetane der. Sjekk gjerne denne heimesida: http://www.skaparglede.no

InterCitymøte  på Berlihuset

20. oktober 2015

InterCitymøte på Berlihuset

Onsdag 14,. oktober hadde vi besøk av guvernør Odd Jarle Hagen og ass. guvernør John Stenes

Helse Møre og Romsdal Hf som hovudtema i SRK

9. juli 2015

Helse Møre og Romsdal Hf som hovudtema i SRK

Det opne møtet i Sykkylven Rotary Klubb sist onsdag samla fram mot førti medlemmer og gjester. Alle ville dei høyre det som konstituert administrerande direktør i Helse Møre og Romsdal, Dag Hårstad, hadde å seie om sjukehusstruktur og spesialhelsetenesten

KK-Seminar/ Klubb Kompetanse Seminar, Ålesund

21. mars 2015

KK-Seminar/ Klubb Kompetanse Seminar, Ålesund

Distrikt 2305 inviterte tillitsvalde i klubben til seminar 21.mars 2015, på Quality Hotel Waterfront i Ålesund. Biletet viser samlinga i plenum før lunsj.

Sosiale medier

Møteinformasjon

Møtested: Bibliotekjelleren
Adresse: Pilgata 10, 6230 Sykkylven
Postnummer: 6230
Sted: Sykkylven
Land: NO
Møtedag: Onsdag
Møtetid: 19:00
Møtespråk: no

Place content here

Møtearkiv fra
før August 2022



rotary lenker

Nyheter fra
rotary INTERNATIONAL:

Loading RSS...

Nytt fra Rotary i Norge

District - Rotary RSS