Lars P. Riksheim Treindustrier

Les og sjå bilde frå Sykkylven Rotaryklubb sitt bedriftsbesøk 26. oktober 2016


Sykkylven Rotary Klubb, Bedriftsbesøk hos Lars P Riksheim Treindustri AS http://lpriksheim.no/

26. oktober 2016. Geografisk plassering på Riksheim i Sykkylven kommune.


Bedriftsbesøka for medlemmene i SRK held høg kvalitet, og besøket til Lars P Riksheim Treindustri AS var ikkje noko unntak i så måte. Dagleg leiar/ adm. dir. Asbjørn Riksheim og sonen Lars Petter Riksheim tok imot, og dei hadde budd seg godt for det celebre besøket: det vanka både nylaga kaffi og kake. Takk for det. Stikkord frå orienteringa i pauserommet til å begynne med:

·         

           Etablert av Lars P. Riksheim i 1939: 

·         Hovudfokus på dreiing, fram til midten av 1990-talet.

·         Gradvis utviding av produktspekteret frå midten av -90 talet.

·         Kjøp av fabrikk i Litauen i -94 og seinare sagbruk og limtrefabrikk i -99.

·         Kjøp av produktrettar og marknadsrettar til Valldaldøra i 2011. Overført til Sunnmørsinteriør AS same året. 

·         Kjøp av rettar til Gjerdaltrapp 2011, no omdøypt til Møretrapp.

No følgde omvising i produksjonslokalet der ulike del-produkt til møbelindustrien kunne lagast. Etter kvart har prosessane blitt utvida, slik at delane no blir sette saman til komplette produkt også. Sjå til dømes dei tre stolane på biletet over: Modell 711, Hjelle. Komponentane til denne stolen blir laga og sett saman i ein delvis automatisert prosess i maskina Rover C6. Her viser Asbjørn oss litt om dette:

Likevel: Asbjørn understreka at verksemda skal vere ei «automatisert handverks-bedrift» Med dette meiner han å poengtere at det ferdige produktet blir skapt i samklangen mellom gode råvarer, design, handverk og dei tilsette sin høge kompetanse innan sine felt. Så langt har dette konseptet vist seg å halde mål!

Kundane sine finn bedrifta no over eit breitt spekter innan både møblar og innreiing. Robotisering? Nei, ikkje så langt. Til det er dei produserte seriane for små.



Vi fekk også sjå og høyre om http://moretrapp.no/ Vi klipper frå heimesida: «Møretrapp er lokalisert I møbelhjertet Sykkylven i Møre og Romsdal, og eid av L.P Riksheim AS. Produktene markedsføres og selges av Sunnmøre Interiør AS, som er salgskanal i Sør-Norge.»

 

Lars Petter Riksheim (til h.) får  gode spørsmål frå to som kjenner møbelindustrien godt: Jan Fredriksen (til v.) og Kjell Heggdal. Dei to fekk nok også gode svar frå Lars Petter, som m.a. er dagleg leiar i Sunnmøre Interiør AS.

 

 Etter omvising i produksjonslokala, blei det ny runde med informasjon i pauserommet. Mellom anna fekk vi vite om ….

·         14 tilsette ved bedrifta på Riksheim

·         19 tilsette på sagbruk i Litauen

·         Omsetting ca NOK 21 mill. i 2016

·         Sterk vekst i 2016, med liknande utvikling i 2017

Råvarer, råvaretilgang, kompetanse og investeringar fekk vi også høyre om. Blant anna har denne bedrifta  tilsette med kompetanse heilt i toppen blant norske bedrifter. Høyr berre:

60 % av dei tilsette har fagbrev. 1 av dei tilsette har meisterbrev. 2 av dei tilsette er ingeniørar. Eit sterkt lag, må kunne seiast!

Etter nok ei runde med kaffi og kaker, og med informasjon så det heldt frå dei to særs kyndige bedriftsleiarane, vart møtet runda av ved at president Steven takka for at vi fekk komme på innstig, og overrekte ein liten forundringspakke til far og son Asbjørn og Lars Petter.  

Skrivar: Olav P 



 
Arne Hanssen orienterer om den planlagte Designvegen.

3. februar 2017

Arne Hanssen orienterer om den planlagte Designvegen.

Les referat frå Rotarymøte 1. februar der m.a. Arne Hanssen fortalte om korleis han tenker seg den planlagte Designvegen.

Les referat frå Rotarymøte 25. januar:

3. februar 2017

Les referat frå Rotarymøte 25. januar:

Rotarymøte 25. januar der bl. a. Kjell Welle fortalte oss litt om teknikken bak dei forskjellige radiosignala.

Bedriftsbesøk ved Peterson Emballasje

26. januar 2017

Bedriftsbesøk ved Peterson Emballasje

Les Olav sitt referat frå Sykkylven Rotaryklubb sitt besøk ved Peterson Fabrikker her i Sykkylven

Politimester Ingar Bøen:

14. januar 2017

Politimester Ingar Bøen:

Les politimester Ingar Bøen sitt foredrag i Sykkylven Rotaryklubb der han orienterte om den nye Politireforma.

Julemøte i Sykkylven Rotaryklubb 21.des. 2016.

22. desember 2016

Julemøte i Sykkylven Rotaryklubb 21.des. 2016.

Les om det tradisjonelle Julemøtet i Sykkylven Rotaryklubb.

Lars P. Riksheim Treindustrier

1. november 2016

Lars P. Riksheim Treindustrier

Les og sjå bilde frå Sykkylven Rotaryklubb sitt bedriftsbesøk 26. oktober 2016

Verda sin poliodag 24. oktober

23. oktober 2016

Verda sin poliodag 24. oktober

Sjå og les korleis SRK valgte å markere denne dagen.

Guvernørbesøk og to nye medlemmer i SRK

22. oktober 2016

Guvernørbesøk og to nye medlemmer i SRK

Stranda Rotaryklubb inviterte til intercitymøte på Stranda Hotel, onsdag 19. oktober, i høve guvernørbesøk frå D 2305.

Utvekslingsstudent frå Brasil til Sykkylven

22. august 2016

Utvekslingsstudent frå Brasil til Sykkylven

Les om Daniel Pedroso som har kome den lange vegen frå Brasil til Sykkylven

Verdenspresidenten i Rotary 2016/2017: John F. Germ

2. august 2016

Verdenspresidenten i Rotary 2016/2017: John F. Germ

Les meir om den nye Verdenspresidenten på Nyhendesida vår.

Sosiale medier

Møteinformasjon

Møtested: Bibliotekjelleren
Adresse: Pilgata 10, 6230 Sykkylven
Postnummer: 6230
Sted: Sykkylven
Land: NO
Møtedag: Onsdag
Møtetid: 19:00
Møtespråk: no

Place content here

Møtearkiv fra
før August 2022



rotary lenker

Nyheter fra
rotary INTERNATIONAL:

Loading RSS...

Nytt fra Rotary i Norge

District - Rotary RSS