Sykkylven Rotary Klubb, Bedriftsbesøk hos Lars P Riksheim Treindustri
AS http://lpriksheim.no/
26. oktober 2016. Geografisk plassering på Riksheim i Sykkylven kommune.
Bedriftsbesøka for medlemmene i SRK held høg
kvalitet, og besøket til Lars P Riksheim Treindustri AS var ikkje noko unntak i
så måte. Dagleg leiar/ adm. dir. Asbjørn Riksheim og sonen Lars Petter Riksheim
tok imot, og dei hadde budd seg godt for det celebre besøket: det vanka både
nylaga kaffi og kake. Takk for det. Stikkord frå orienteringa i pauserommet til
å begynne med:
·
·
Hovudfokus på dreiing, fram til
midten av 1990-talet.
·
Gradvis utviding av produktspekteret
frå midten av -90 talet.
·
Kjøp av fabrikk i Litauen i -94 og
seinare sagbruk og limtrefabrikk i -99.
·
Kjøp av produktrettar og
marknadsrettar til Valldaldøra i 2011. Overført til Sunnmørsinteriør AS same
året.
·
Kjøp av rettar til Gjerdaltrapp
2011, no omdøypt til Møretrapp.
No følgde omvising i produksjonslokalet der ulike
del-produkt til møbelindustrien kunne lagast. Etter kvart har prosessane blitt
utvida, slik at delane no blir sette saman til komplette produkt også. Sjå til
dømes dei tre stolane på biletet over: Modell 711, Hjelle. Komponentane til
denne stolen blir laga og sett saman i ein delvis automatisert prosess i
maskina Rover C6. Her viser Asbjørn oss litt om dette:
Likevel: Asbjørn understreka at verksemda skal vere
ei «automatisert handverks-bedrift» Med dette meiner han å poengtere at det
ferdige produktet blir skapt i samklangen mellom gode råvarer, design, handverk
og dei tilsette sin høge kompetanse innan sine felt. Så langt har dette
konseptet vist seg å halde mål!
Kundane sine finn bedrifta no over eit breitt spekter
innan både møblar og innreiing. Robotisering? Nei, ikkje så langt. Til det er
dei produserte seriane for små.
Vi fekk også
sjå og høyre om http://moretrapp.no/
Vi klipper frå heimesida: «Møretrapp er lokalisert I møbelhjertet Sykkylven i
Møre og Romsdal, og eid av L.P Riksheim AS. Produktene markedsføres og selges
av Sunnmøre Interiør AS, som er salgskanal i Sør-Norge.»
Lars Petter Riksheim (til h.) får gode spørsmål
frå to som kjenner møbelindustrien godt: Jan Fredriksen (til v.) og Kjell
Heggdal. Dei to fekk nok også gode svar frå Lars Petter, som m.a. er dagleg
leiar i Sunnmøre Interiør AS.
·
14 tilsette ved bedrifta på Riksheim
·
19 tilsette på sagbruk i Litauen
·
Omsetting ca NOK 21 mill. i 2016
·
Sterk vekst i 2016, med liknande
utvikling i 2017
Råvarer, råvaretilgang, kompetanse og investeringar
fekk vi også høyre om. Blant anna har denne bedrifta tilsette med kompetanse heilt i toppen blant
norske bedrifter. Høyr berre:
60 % av dei tilsette har fagbrev. 1 av dei tilsette
har meisterbrev. 2 av dei tilsette er ingeniørar. Eit sterkt lag, må kunne
seiast!
Etter nok ei runde med kaffi og kaker, og med
informasjon så det heldt frå dei to særs kyndige bedriftsleiarane, vart møtet
runda av ved at president Steven takka for at vi fekk komme på innstig, og
overrekte ein liten forundringspakke til far og son Asbjørn og Lars Petter.
Skrivar: Olav P
3. mai 2016
Kyrkjeparken i Sykkylven, ei perle i sentrum!
Service Above Self – Å gagne andre – kjem av og til ekstra godt til syne hos medlemmene i Sykkylven Rotary Klubb. Til dømes på den årvisse dugnaden i Kyrkjeparken.
24. februar 2016
I dag hadde vi besøk av Jarle Strømmegjerde som heldt et interessant foredrag om SNU og aktivitetane der. Sjekk gjerne denne heimesida: http://www.skaparglede.no
20. oktober 2015
Onsdag 14,. oktober hadde vi besøk av guvernør Odd Jarle Hagen og ass. guvernør John Stenes
9. juli 2015
Det opne møtet i Sykkylven Rotary Klubb sist onsdag samla fram mot førti medlemmer og gjester. Alle ville dei høyre det som konstituert administrerande direktør i Helse Møre og Romsdal, Dag Hårstad, hadde å seie om sjukehusstruktur og spesialhelsetenesten
21. mars 2015
Distrikt 2305 inviterte tillitsvalde i klubben til seminar 21.mars 2015, på Quality Hotel Waterfront i Ålesund. Biletet viser samlinga i plenum før lunsj.