Etter Rotarykaffi, og sedvanlig gode kaker, var det ordfører
Odd Jostein sin tur. Han tok strukturert og greit for seg kva som hadde skjedd
i løpet av det året han hadde vore ordfører her i Sykkylven:
Noko av det første han oppdaga, var å bli mykje etterspurt
og invitert til masse møter. Etter kvart oppdaga han også at det ikkje berre
var å få til så mange møter som mulig. Han var avhengig av folk rundt seg, og
med mange møter fekk desse uforholdsmessig mykje å gjere i etterkant.
Elles begynte ordførertida med ein frustrasjon. Fylkesadm. i
Molde ville ikkje gi Sykkylven Kommune meir lån med den grunngjeving at
kommunen ikkje ville takle ei renteauke. Når vi betaler 4,5 % rente i dag,
skulle det vere mykje å gå på. Enden på visa var at Sykkylven fekk nødvendig
lån, mellom anna til den nye Brannstasjonen.
Odd Jostein opplyste at han opplevde å møte seg sjøl i døra
då han forrige periode var leiar i Kontrollutvalget, og no som ordfører fekk i
fanget ei av sakene Utvalget hadde jobba med. Dette gjaldt legedekninga i
bygda. Dette har likevel løyst seg greit i og med at det no er tilsett to nye
leger. Enda kan det tilsettast ytterligere to, men dette er på vent. For
øyeblikket er legevaktordninga oppe til drøfting.
Noko som Odd Jostein har kjempa for er at Ungdomsrådet skal begynne
å virke igjen. Dette har ikkje vore aktivt på 5 år, men no er det kome inn nye
folk i rådet, og dei har fått eit visst pengebeløp til disposisjon.
I Beredskapsrådet har ein gått ut for å finne ressurspersoner
som kan bistå ved kriser av ymse slag.
Eit viktig tema er barnehagedekning. Det er blitt etterlyst
fleire barnehageplassar i sentrum. Dette er no på plass ved at kapasiteten er
auka både på Vik og Ullavika. Samstundes er det ledige plasser ute i krinsene.
Det er blitt fleire ledige kommunale boliger og skuler som
ein prøver å selge. Prestebustaden på Ikornnes er solgt til soknepresten der,
medan den på Klokkerhaugen er blitt lagt under det kommunale eigendomsselskapet.
Hundeidvik skule er atter lyst ut for salg til sterkt redusert pris, medan ein
håper at krinsen i Ramstaddal vil ta over skulen der.
Då det blei bedre økonomi i kommunen, blei det ansatt ein ny
kommunalsjef. Vedkomande er sjukepleier og veldig dyktig på data. Ein håper
derfor å kome i gang med eit Pilotprosjekt der ein vil forsøke å få til IT –
løysinger innan pleiesektoren. Vedkomande kan også vere ein viktig medspelar
for IT- sjefen i kommunen.
Eksterne folk har sett på opplegget for TV på BUAS. Dette
har ikkje fungert tilfredsstillende. Ein vil no få eit nytt opplegg for dette
som forhåpentligvis vil fungere bedre.
Når vi er inne på TV så blir kommunestyremøta overført på
kommunal TV. Møta blir «streama», slik at det blir vanskelig å gå tilbake på
ting ein har sagt på møtet.
Noko som Odd Jostein har hatt veldig lyst til å få i orden
er gangvei heilt ut til Ørsneset. Han har fått snakka med fylket om dette, og
det rådet han har fått derifrå er å få området regulert så fort som råd. Dette
vil igjen kunne sette fart på gangveibygginga.
Brannstasjonen har vore etterlengta i mange tiår, og no er
bygginga kome godt i gang med god framdrift. Ein håper at taket blir tett til
jul.
Kommunen vil snart ta over vassledninga på Ikornnes som fabrikken der har forskottert.
Denne vil tjene som reservevassledning dersom det skulle bli brot på
vassledninga frå Årsetvatnet. Det formelle er snart på plass i denne saka.
ENØK, altså energisparing innan kommunale bygg, er viktig
for ordføreren. Ein har sett på Storhallen der det no er ein stor fyrkjel.
Denne vil bli erstatta med varmepumpe. Likedan er det på BUAS. Der vil
innføring av varmepumpe ha eit stort energisparepotensial.
Så tok ordføreren for seg litt samferdsel: Ein har vore i
kontakt med Fjord 1 om bedre ferjeruter med hyppigare avganger i
jul/nyttårshelga. Foreløpig er det ikkje kome til noko ordning. Elles vil veien
rundt kyrkja blir enveiskøyrd på permanent basis.
Ein sak som har vore mykje omtalt i media er ny kommunal
kloakk- og vassledning frå hyttefelta på
Nysætra og Fjellsetra ned til fjorden. Dette er dyre og omfattende løysinger,
og alternativ vil bli vurdert over nyttår. Ein strek i rekninga var at Stranda
trakk seg frå samarbeidet og ville ha eigen løysing. Dette vil omfatte 130
hytter. Ei gledelig melding for oss som har hytter i dette området er at
bossavgifta går ned med 20 til 30 %.
Eit problem som har oppstått, og vil bli enda meir aktuelt,
er at stadig hyttebygging fører med seg veibygging. Desse kjem lett i konflikt
med eksisterande skiløype ved at denne blir kryssa. Skiløparane må då ta av seg
skia for å krysse over. Dette er sjølsagt ikkje optimalt. Så vidt referent
forstår, er det inngått utbyggingsavtaler for å få kontroll over denne
veibygginga.
Auka satsing på turisme har vore tatt fram som mål i mange
år. Arne Hansen i SNU er med på å stifte eit destinasjonsselskap som vil jobbe
for turisme. Elles blir det rapportert om ein god sommer for svømmebassenget på
Ikornnes, med eit besøk på 700 personer. Bronsealderhuset på Auremarka er byggemeldt,
og bygging kan starte til våren. Det er og beslutta å lage ein gangvei til «toppen»
av Berlihaugen. Her vil ein få fin, fin utsikt, og f.eks. bebuarane på BUAS kan
ha stor glede av denne turen.
Når det gjeld Øvre Tynes, er kommunen i god dialog med
bebuarane her om å avstå grunn til breiare veg til Ekornes sin Fabrikk.. Det
ser ut til at dette kan gå greit i orden.
Plannemnda for sentrumskulen er i gang med sitt arbeid, og
ein har leigd inn ein ekstern konsulent til å lede dette arbeidet.
Når det gjeld Politireformen ser det ut som at Sykkylven får
behalde sitt Lensmannskontor.
Ved håp om rentekompensasjon, håper ein å oppnå 7 til 8
måneder kortere nedbetalingstid. Kanskje fri ferdsel allereie i januar 2018 i staden
for august – september same året. Det er sjølsagt viktig for samferdselen i
bygda vår at passasjen over brua blir gratis.
Ei sak som har stått i stampe siste åra er
Godsterminaltomta. Ut på nyåret blir det
utlyst salg av denne, så vidt referent forstår.
Tilslutt ei ikkje altfor hyggelig melding. På grunn av at
Sykkylven ikkje frivillig slår seg saman med anna kommune, kan ein risikere å få heile 8,5
million kr mindre til disposisjon i budsjettåret 2017, kontra 2016. Dette
medfører at ein må vere forsiktig når investeringsbudsjetta blir satt opp for
komande år.
Eit grundig og opplysende foredrag av ordfører Odd Jostein.
Referent har inntrykk av at han har jobba godt og fått til mykje dette året han
har vore ordfører.
Ikkje heilt uventa var det mange spørsmål etterpå som Odd
Jostein svarte på så godt han kunne.
President Steven runda det heile av med å takke Odd Jostein,
minte om neste møte med Frank Sve og
ønske alle saman vel heim.
Referent
Jarle Svindseth
Mange hadde nok møtt fram for å høyre den politiske
friskusen Frank Sve. Dessverre hadde han bomma på dagen. Men vi er ikkje
rådalause når vi har ordfører Odd Jostein mellom oss. Han stilte sporty opp på
kort varsel. Han innleia med å fortelle at dagen hadde vore full av møter:
Først møte om Berlihaugen og park rundt denne. Deretter hadde han vore med på å
planlegge komande bispevisitas. Så var det møte i Ungdomsrådet. Deretter
Rotarymøte med innlegg her. Til slutt årsmøte i Senterpartiet.
Naturlig nok snakka han mykje om kommunesamanslåing og
problemstilling rundt dette. Stranda og Sykkylven kommuner kom sammen, og på
rekordtid fekk dei til ein intensjonsavtale. Naturleg nok har våre to kommuner mykje
til felles, og med felles interesser. Stranda er god på mat og næringsliv og
Sykkylven god på industri og møbel. Dei ville kunne utfylle kvarandre ved ei
samanslåing. Sykkylven har den fordel at kommunen ligg nærare store
befolkningssentra. Derfor er det lettare for Sykkylven enn Stranda å få tilgang til arbeidskraft og kompetanse frå andre sida av Storfjorden. Av denne grunn
blei dei raskt samde om at kommunesenteret med administrasjon kunne ligge i
Sykkylven, medan kanskje Teknisk Etat sitt senter kunne ligge på Stranda.
At kommunesamanslåinga er frivillig, er etter Odd Jostein si
meining, høgst diskutabelt. Dei som ikkje slår seg saman frivillig blir straffa
økonomisk. For Sykkylven sin del vil dette utgjere – 5,1 mill. for 2017 og
ytterlegare – 4,2 mill. for 2018. Då blir det sjølsagt utfordrande å
opprettholde tenestetilbudet til innbyggarane, særleg dersom ein i tillegg tek bort
eigedomsskatten. Ei trasig problemstilling er at ein må bygge ned forskjellige
funksjoner for å få budsjettet i balanse. Dersom ein så blir tvangssamanslått,
er det lite truleg at det nedbygde tenestetilbudet blir bygd opp att.
På spørsmål om tunnelen mellom Hole – Engeset svarte Odd
Jostein at ein vil forsøke å få til ei OPS – finansiering. Altså
eit samarbeid mellom det offentleg og private. Dette vil bli ei
pilotprosjekt. Noko finansiering via Fylket, er vel neppe realistisk, fordi
tunnelen er langt nede på prioriteringslista her.
Det blei vidare stilt ei lang rekke aktuelle og relevante
spørsmål som Odd Jostein svarte både godt og utfyllande på. Imponerende av Odd
Jostein å ta eit slik innlegg på «strak arm».
President Steven takka han så mykje. Vidare minte han om
neste møte 30. november. Då får vi besøk av Lina Aursnes som vil fortelle om
kulturforskjeller mellom Litauen og Norge. Så avslutta Steven med å ønske alle
vel heim.
Referent
Jarle Svindseth
9. september 2017
Les referat frå Ingrid sitt flotte foredrag: "Frå Norge til Nederland: Sykkylven på godt og vondt".
5. september 2017
Les kva speidarane hadde å fortelle frå Landsspeiderleiren i Bodø 2017.
5. september 2017
Les referat frå Sykkylven Rotaryklubb sitt besøk ved den nye Brannstasjonen.
29. juni 2017
Les og sjå bilder frå presidentskifte i Sykkylven Rotaryklubb. Bastian tek over som president etter Steven.
26. juni 2017
Les siste Infobrev nr. 20 frå Prosjekt Filipinnene.
17. juni 2017
Les kva Daniel hadde å fortelle frå sitt opphald her i Sykkylven. Sjå også bilder frå "avskjedsfesten".
13. juni 2017
Les referat frå møte i SRK der Kjell fortel om identitetstjuveri og mester -identitetstjuv Viggo Johan Ørbak.
22. april 2017
Les Sindre sitt foredrag frå eit spennende liv både til lands og til vanns.
8. april 2017
Les kva visepresident Bastian hadde å fortelle frå Presidentkurset (PETS) på Dombås 1. og 2. april. Les også kva sokneprest Helge fortalte om sin situasjon etter oppseiinga av sin jobb som prest.
1. april 2017
Les referat frå det interessante og framtidsretta foredraget som Fredrik heldt 29. mars i Sykkylven Rotaryklubb.