Ordfører Odd Jostein Drotninghaug ser attende på sitt første år som ordfører.

Les kva ordfører Odd Jostein fortalte om sitt første år som ordfører i Sykkylven: 

Etter Rotarykaffi, og sedvanlig gode kaker, var det ordfører Odd Jostein sin tur. Han tok strukturert og greit for seg kva som hadde skjedd i løpet av det året han hadde vore ordfører her i Sykkylven:

Noko av det første han oppdaga, var å bli mykje etterspurt og invitert til masse møter. Etter kvart oppdaga han også at det ikkje berre var å få til så mange møter som mulig. Han var avhengig av folk rundt seg, og med mange møter fekk desse uforholdsmessig mykje å gjere i etterkant.

Elles begynte ordførertida med ein frustrasjon. Fylkesadm. i Molde ville ikkje gi Sykkylven Kommune meir lån med den grunngjeving at kommunen ikkje ville takle ei renteauke. Når vi betaler 4,5 % rente i dag, skulle det vere mykje å gå på. Enden på visa var at Sykkylven fekk nødvendig lån, mellom anna til den nye Brannstasjonen.

Odd Jostein opplyste at han opplevde å møte seg sjøl i døra då han forrige periode var leiar i Kontrollutvalget, og no som ordfører fekk i fanget ei av sakene Utvalget hadde jobba med. Dette gjaldt legedekninga i bygda. Dette har likevel løyst seg greit i og med at det no er tilsett to nye leger. Enda kan det tilsettast ytterligere to, men dette er på vent. For øyeblikket er legevaktordninga oppe til drøfting.

Noko som Odd Jostein har kjempa for er at Ungdomsrådet skal begynne å virke igjen. Dette har ikkje vore aktivt på 5 år, men no er det kome inn nye folk i rådet, og dei har fått eit visst pengebeløp til disposisjon.

I Beredskapsrådet har ein gått ut for å finne ressurspersoner som kan bistå ved kriser av ymse slag.

Eit viktig tema er barnehagedekning. Det er blitt etterlyst fleire barnehageplassar i sentrum. Dette er no på plass ved at kapasiteten er auka både på Vik og Ullavika. Samstundes er det ledige plasser ute i krinsene.

Det er blitt fleire ledige kommunale boliger og skuler som ein prøver å selge. Prestebustaden på Ikornnes er solgt til soknepresten der, medan den på Klokkerhaugen er blitt lagt under det kommunale eigendomsselskapet. Hundeidvik skule er atter lyst ut for salg til sterkt redusert pris, medan ein håper at krinsen i Ramstaddal vil ta over skulen der.

Då det blei bedre økonomi i kommunen, blei det ansatt ein ny kommunalsjef. Vedkomande er sjukepleier og veldig dyktig på data. Ein håper derfor å kome i gang med eit Pilotprosjekt der ein vil forsøke å få til IT – løysinger innan pleiesektoren. Vedkomande kan også vere ein viktig medspelar for IT- sjefen i kommunen.

Eksterne folk har sett på opplegget for TV på BUAS. Dette har ikkje fungert tilfredsstillende. Ein vil no få eit nytt opplegg for dette som forhåpentligvis vil fungere bedre.

Når vi er inne på TV så blir kommunestyremøta overført på kommunal TV. Møta blir «streama», slik at det blir vanskelig å gå tilbake på ting ein har sagt på møtet.

Noko som Odd Jostein har hatt veldig lyst til å få i orden er gangvei heilt ut til Ørsneset. Han har fått snakka med fylket om dette, og det rådet han har fått derifrå er å få området regulert så fort som råd. Dette vil igjen kunne sette fart på gangveibygginga.

Brannstasjonen har vore etterlengta i mange tiår, og no er bygginga kome godt i gang med god framdrift. Ein håper at taket blir tett til jul.

Kommunen vil snart ta over vassledninga på  Ikornnes som fabrikken der har forskottert. Denne vil tjene som reservevassledning dersom det skulle bli brot på vassledninga frå Årsetvatnet. Det formelle er snart på plass i denne saka.

ENØK, altså energisparing innan kommunale bygg, er viktig for ordføreren. Ein har sett på Storhallen der det no er ein stor fyrkjel. Denne vil bli erstatta med varmepumpe. Likedan er det på BUAS. Der vil innføring av varmepumpe ha eit stort energisparepotensial.

Så tok ordføreren for seg litt samferdsel: Ein har vore i kontakt med Fjord 1 om bedre ferjeruter med hyppigare avganger i jul/nyttårshelga. Foreløpig er det ikkje kome til noko ordning. Elles vil veien rundt kyrkja blir enveiskøyrd på permanent basis.

Ein sak som har vore mykje omtalt i media er ny kommunal kloakk- og  vassledning frå hyttefelta på Nysætra og Fjellsetra ned til fjorden. Dette er dyre og omfattende løysinger, og alternativ vil bli vurdert over nyttår. Ein strek i rekninga var at Stranda trakk seg frå samarbeidet og ville ha eigen løysing. Dette vil omfatte 130 hytter. Ei gledelig melding for oss som har hytter i dette området er at bossavgifta går ned med 20 til 30 %.

Eit problem som har oppstått, og vil bli enda meir aktuelt, er at stadig hyttebygging fører med seg veibygging. Desse kjem lett i konflikt med eksisterande skiløype ved at denne blir kryssa. Skiløparane må då ta av seg skia for å krysse over. Dette er sjølsagt ikkje optimalt. Så vidt referent forstår, er det inngått utbyggingsavtaler for å få kontroll over denne veibygginga.

Auka satsing på turisme har vore tatt fram som mål i mange år. Arne Hansen i SNU er med på å stifte eit destinasjonsselskap som vil jobbe for turisme. Elles blir det rapportert om ein god sommer for svømmebassenget på Ikornnes, med eit besøk på 700 personer. Bronsealderhuset på Auremarka er byggemeldt, og bygging kan starte til våren. Det er og beslutta å lage ein gangvei til «toppen» av Berlihaugen. Her vil ein få fin, fin utsikt, og f.eks. bebuarane på BUAS kan ha stor glede av denne turen.

Når det gjeld Øvre Tynes, er kommunen i god dialog med bebuarane her om å avstå grunn til breiare veg til Ekornes sin Fabrikk.. Det ser ut til at dette kan gå greit i orden.

Plannemnda for sentrumskulen er i gang med sitt arbeid, og ein har leigd inn ein ekstern konsulent til å lede dette arbeidet.

Når det gjeld Politireformen ser det ut som at Sykkylven får behalde sitt Lensmannskontor.

Ved håp om rentekompensasjon, håper ein å oppnå 7 til 8 måneder kortere nedbetalingstid. Kanskje fri ferdsel allereie i januar 2018 i staden for august – september same året. Det er sjølsagt viktig for samferdselen i bygda vår at passasjen over brua blir gratis.

Ei sak som har stått i stampe siste åra er Godsterminaltomta.  Ut på nyåret blir det utlyst salg av denne, så vidt referent forstår.

Tilslutt ei ikkje altfor hyggelig melding. På grunn av at Sykkylven ikkje frivillig slår seg saman med  anna kommune, kan ein risikere å få heile 8,5 million kr mindre til disposisjon i budsjettåret 2017, kontra 2016. Dette medfører at ein må vere forsiktig når investeringsbudsjetta blir satt opp for komande år.   

Eit grundig og opplysende foredrag av ordfører Odd Jostein. Referent har inntrykk av at han har jobba godt og fått til mykje dette året han har vore ordfører.

Ikkje heilt uventa var det mange spørsmål etterpå som Odd Jostein svarte på så godt han kunne.

President Steven runda det heile av med å takke Odd Jostein, minte om  neste møte med Frank Sve og ønske alle saman vel heim.

 

Referent

Jarle Svindseth

Ordfører Odd Jostein Drotninghaug 23. november 2016:

Mange hadde nok møtt fram for å høyre  den politiske friskusen Frank Sve. Dessverre hadde han bomma på dagen. Men vi er ikkje rådalause når vi har ordfører Odd Jostein mellom oss. Han stilte sporty opp på kort varsel. Han innleia med å fortelle at dagen hadde vore full av møter: Først møte om Berlihaugen og park rundt denne. Deretter hadde han vore med på å planlegge komande bispevisitas. Så var det møte i Ungdomsrådet. Deretter Rotarymøte med innlegg her. Til slutt årsmøte i Senterpartiet.

Naturlig nok snakka han mykje om kommunesamanslåing og problemstilling rundt dette. Stranda og Sykkylven kommuner kom sammen, og på rekordtid fekk dei til ein intensjonsavtale. Naturleg nok har våre to kommuner mykje til felles, og med felles interesser. Stranda er god på mat og næringsliv og Sykkylven god på industri og møbel. Dei ville kunne utfylle kvarandre ved ei samanslåing. Sykkylven har den fordel at kommunen ligg nærare store befolkningssentra. Derfor er det lettare for Sykkylven enn Stranda å få tilgang til arbeidskraft og kompetanse frå andre sida av Storfjorden. Av denne grunn blei dei raskt samde om at kommunesenteret med administrasjon kunne ligge i Sykkylven, medan kanskje Teknisk Etat sitt senter kunne ligge på Stranda.

At kommunesamanslåinga er frivillig, er etter Odd Jostein si meining,  høgst diskutabelt. Dei som ikkje slår seg saman frivillig blir straffa økonomisk. For Sykkylven sin del vil dette utgjere  – 5,1 mill. for 2017 og ytterlegare   – 4,2 mill. for 2018. Då blir det sjølsagt utfordrande å opprettholde tenestetilbudet til innbyggarane, særleg dersom ein i tillegg tek bort eigedomsskatten. Ei trasig problemstilling er at ein må bygge ned forskjellige funksjoner for å få budsjettet i balanse. Dersom ein så blir tvangssamanslått, er det lite truleg at det nedbygde tenestetilbudet blir bygd opp att.

På spørsmål om tunnelen mellom Hole – Engeset svarte Odd Jostein at ein vil forsøke å få til ei OPS – finansiering.   Altså eit samarbeid mellom det offentleg og private. Dette vil bli ei pilotprosjekt. Noko finansiering via Fylket, er vel neppe realistisk, fordi tunnelen er langt nede på prioriteringslista her.

Det blei vidare stilt ei lang rekke aktuelle og relevante spørsmål som Odd Jostein svarte både godt og utfyllande på. Imponerende av Odd Jostein å ta eit slik innlegg på «strak arm».

President Steven takka han så mykje. Vidare minte han om neste møte 30. november. Då får vi besøk av Lina Aursnes som vil fortelle om kulturforskjeller mellom Litauen og Norge. Så avslutta Steven med å ønske alle vel heim.

 

Referent

Jarle Svindseth

 



 
Sykkylven Røde Kors

15. november 2024

Sykkylven Røde Kors

Onsdag 13. november fekk vi besøk av Sykkylven Røde Kors ved Jon Erdal som fortalde om alt det flotte arbeidet dei gjer for bygda både innan omsorg og i hjelpekorpset. Vi fekk eit godt innsyn i det viktige arbeidet dei gjer.

Hjelp Rotary med å utrydde polio nå!

22. oktober 2024

Hjelp Rotary med å utrydde polio nå!

Rotary held fram kampen mot polio –
Rotary-klubber verden over held fram kampen mot polio, og no har innbyggjarane i Stranda og Sykkylven ei unik moglegheit til å bidra. Ved å gi til lokalt Vipps-nummer 134399 kan du bidra.

Høyr Bill Gates oppfordre oss til å bidra til Polioaksjonen

20. oktober 2024

Høyr Bill Gates oppfordre oss til å bidra til Polioaksjonen

Hvert bidrag teller i kampen mot polio! Visste du at når du gir penger til Polio plus, tredobles effekten av din gave? For hver krone du gir, matcher Bill og Melinda Gates med to kroner. Sammen kan vi stoppe polio én gang for alle! Vipps til 134399

Hjelp Rotary med å utrydde polio nå!

19. oktober 2024

Hjelp Rotary med å utrydde polio nå!

Fare for internasjonal spredning gjør fortsatt polio til en internasjonal folkehelsekrise, sier Verdens helseorganisasjon (WHO), som har som mål å utrydde polio innen 2027. Så lenge det fortsatt er i polio i verden, er det fare for spredning.

Anita gir polio et ansikt

17. oktober 2024

Anita gir polio et ansikt

«Polio er en fryktelig sykdom», sier Anita. Det er smerter, lammelser, operasjoner, seinskader. Kort sagt mye «tapt liv». «Vi må gjøre alt vi kan for å utrydde Polio!», fortsetter hun.

Presidenten sin time

18. mai 2019

Presidenten sin time

President Greta leia Presidenten sin time på beste vis, og fordelte orda mellom Geir Løseth, 3-minutt, og innkommande president Petter Velle, som orienterte om kommande Rotary-år 2019-2020

Med Terje Aurdal gjennom tre land, frå Grense - Jakobselv til Lindesnes.

22. januar 2019

Med Terje Aurdal gjennom tre land, frå Grense - Jakobselv til Lindesnes.

Friluftsmannen Terje Aurdal besøkte Sykkylven Rotaryklubb og tok medlemmene med på ein forvitneleg tur på ski, på sykkel og i kano frå Grense - Jakobselv i Finnmark, gjennom Finland og Sverige til Sulitjelma og heilt til Lindesnes.

Presidenten sin time: Bastian fortel om besøk av 60 framtidige bønder.

10. februar 2018

Presidenten sin time: Bastian fortel om besøk av 60 framtidige bønder.

Les referat frå Presidenten sin time med Vinlotteri.

Rotarymøte 10 . januar 2018:

11. januar 2018

Rotarymøte 10 . januar 2018:

Les referat av ordfører Odd Jostein si orientering om stoda i Sykkylven Kommune.

Presidenten sin time med Vinlotteri

6. januar 2018

Presidenten sin time med Vinlotteri

Les Olav sitt flotte referat frå Presidenten sin time 3. januar.

Sosiale medier

Møteinformasjon

Møtested: Bibliotekjelleren
Adresse: Pilgata 10, 6230 Sykkylven
Postnummer: 6230
Sted: Sykkylven
Land: NO
Møtedag: Onsdag
Møtetid: 19:00
Møtespråk: no

Place content here

Møtearkiv fra
før August 2022



rotary lenker

Nyheter fra
rotary INTERNATIONAL:

Loading RSS...

Nytt fra Rotary i Norge

District - Rotary RSS