Olav Holst - Dyrnes besøker Sykkylven Rotaryklubb.

Les om konsernsjef i Ekornes ASA sitt foredrag då han besøkte Sykkylven Rotaryklubb 7, desember.

For SYKKYLVSBLADET, 14.des. 2016, Olav Pileberg.

 

Ekornes ASA i fokus på ope møte i Rotary

Konsernsjef Olav Holst-Dyrnes besøkte 60 år unge Sykkylven Rotaryklubb sist onsdag. Han kommuniserte eit framtidsretta foredrag med engasjement og substans.

Første gang Olav Holst-Dyrnes besøkte Sykkylven Rotaryklubb, skreiv vi september 2014. Då var han nytilsett som konsernsjef (CEO =  Chief Executive Officer) i Ekornnes ASA. Etter to år som sjef hadde han denne gangen ein vesentleg større meny å servere frå, til dei rundt 35 som kom til det opne møtet. Lat det vere sagt: Holst-Dyrnes er ikkje den som lyt famle etter orda når han vil nå inn til folk. Direkte frå metropolen Paris til vårt vesle møtelokale i Sparebanken Møre: Olav serverte på strak arm og ståande fot det sykkylvingar og folk flest i kongeriket ønskjer å høyre; bodskapen om ei bedrift som er likvid og går godt, og som ønskjer å vere i forkant av alle utfordringane som ein krevjande marknad i den vide verda byd på. Sofaproduksjonen på Hareid og ved Vestlandske her på Aure vert samordna og samlokalisert til J. E. Ekornes avdeling Aure. I samband med dette vert Vestlandske-fabrikken i desse dagar tilpassa og modernisert etter dei nye behova. 

Ekornes – ei nøkkelbedrift

Objektivt og ein realitet: Ekornes er ei nøkkelbedrift for Sykkylven, og Sykkylven er heilt avgjerande for Ekornes som bedrift. Fall i marginar (lønsemd) frå 2010 skapte mørke skyer på ein elles godvers-blå marknads-himmel, og førte til at diverse lampar tok til å blinke – først oransje, og så raudt. Oppkjøp av IMG (Internasjonal Møbel Gruppe) i 2014, fekk som verknad at dei mørke skyene lysna noko, men berre tilsynelatande. Valutamekanismar drog i positiv lei, medan lønsemda var heilt nede i 9,5 prosent i 2015, «mot normalt» fram mot 20 prosent. No vart det definitivt jakt-tid; tid for å jakte på årsakene til dei dårlege tala.

Prosjekt Ekornes 2020: Jaktvåpen og lækjemiddel

Kvifor er situasjonen som han er, og kva kan vi gjere for å snu trenden? Er det marknaden si skuld, med lågare sal? Nei. Både frå Europa og USA tikka det inn stabilitet eller auke i salet. Kan det vere konkurrentane våre i inn og utland som tek innersvingen på oss? Nei. Ekornes ASA og IMG låg i toppen på skalaen som viser lønsemda i globale møbelbedrifter i 2010 – før oppkjøpet i 2014. Fem år seinare, i 2015, låg framleis IMG og eit kinesisk selskap på topp, medan Ekornes var halvvegs i kneståande. Konsernet hadde tapt omsetning i ein marknad som hadde auka, og det hadde tapt marginar i høve til konkurrentane sine. Kva med kostnadene i konsernet? Her såg det ut til å vere noko å hente, fram mot ei lønsemd på 15 prosent eller meir som er målet. Ved utgangen av året 2016 får ein fasitsvaret, om bedrifta har greidd å kutte kostnadene, etter målsettinga med 150 millionar kutta kroner. Totalt sett er målsettinga at Ekornes ASA skal vekse. Prosjekt Ekornes 2020 er verktøyet som legg strategien for å nå målsettingane. Kontroll og kopling mellom produksjon og produktutvikling er ein nøkkelfaktor. I dei meir enn 3500 butikkane som sel Ekornes produkt, skal bodskapen forenklast, og det skal vere enkelt og lettvint å vere kunde; i Asia, Europa, USA. Det er forhandla fram omplassering eller sluttavtalar med ein del tilsette, både i administrasjonen og produksjonen. I alle deler av konsernet er det sett i verk såkalla LEAN-tiltak, der gode forslag til forbetring vert applaudert. Nye og meir effektive løysingar innan logistikk medfører overgang frå land til sjø-transport. Dei store båtane ved fabrikken på Ikornnes vert å sjå oftare. Fokus på IT og digitalisering har frå før vore stort, og i vår vart det tilsett eigen direktør for denne avdelinga. Bruk av robotar i produksjonen ligg heilt i verdstoppen. Saum-robotane som vart «sette i arbeid» sist vinter er utvikla i samarbeid med Amatec i Sykkylven, og er tilnærma unike på kloden. Marginane er vonleg på veg oppover; 15,3 prosent var talet for 3. kvartal i år. Nyleg kunne vi lese i avisene om at Radisson Blu Plaza Oslo vil få nesten 700 Stressless i samband med oppussing av hotellet. Kontrakten er inngått mellom Ekornes Contract og Wenaas Hotels ASA.  Vi trur bestemt at kunden og brukarane blir fornøgd!

Etter foredraget

Etter foredraget på 40 minutt vart det opna for spørsmål og kommentarar frå salen. President Steven Blindheim styrte køen med stø peikefinger, men 15 minutt på overtid verka det som at publikum var nøgde, ein god del klokare enn ved møtestart. Steven nytta også høvet til å informere om Sykkylven Rotaryklubb, som med sine 47 medlemmer er ein av dei større i vårt Rotary Distrikt 2305.

  …………………….

 

 

CEO Olav Holst-Dyrnes styrer Ekornes ASA-skuta med stø hand i ein krevjande, verdsvid marknad. Han fekk gode ord og stor takk frå president Steven Blindheim i Sykkylven Rotaryklubb.  



 
Dugnad i Kyrkjeparken

3. mai 2016

Dugnad i Kyrkjeparken

Kyrkjeparken i Sykkylven, ei perle i sentrum!
Service Above Self – Å gagne andre – kjem av og til ekstra godt til syne hos medlemmene i Sykkylven Rotary Klubb. Til dømes på den årvisse dugnaden i Kyrkjeparken.

Sykkylven Næringsutvikling

24. februar 2016

Sykkylven Næringsutvikling

I dag hadde vi besøk av Jarle Strømmegjerde som heldt et interessant foredrag om SNU og aktivitetane der. Sjekk gjerne denne heimesida: http://www.skaparglede.no

InterCitymøte  på Berlihuset

20. oktober 2015

InterCitymøte på Berlihuset

Onsdag 14,. oktober hadde vi besøk av guvernør Odd Jarle Hagen og ass. guvernør John Stenes

Helse Møre og Romsdal Hf som hovudtema i SRK

9. juli 2015

Helse Møre og Romsdal Hf som hovudtema i SRK

Det opne møtet i Sykkylven Rotary Klubb sist onsdag samla fram mot førti medlemmer og gjester. Alle ville dei høyre det som konstituert administrerande direktør i Helse Møre og Romsdal, Dag Hårstad, hadde å seie om sjukehusstruktur og spesialhelsetenesten

KK-Seminar/ Klubb Kompetanse Seminar, Ålesund

21. mars 2015

KK-Seminar/ Klubb Kompetanse Seminar, Ålesund

Distrikt 2305 inviterte tillitsvalde i klubben til seminar 21.mars 2015, på Quality Hotel Waterfront i Ålesund. Biletet viser samlinga i plenum før lunsj.

Sosiale medier

Møteinformasjon

Møtested: Bibliotekjelleren
Adresse: Pilgata 10, 6230 Sykkylven
Postnummer: 6230
Sted: Sykkylven
Land: NO
Møtedag: Onsdag
Møtetid: 19:00
Møtespråk: no

Place content here

Møtearkiv fra
før August 2022



rotary lenker

Nyheter fra
rotary INTERNATIONAL:

Loading RSS...

Nytt fra Rotary i Norge

District - Rotary RSS