Les referat frå Rotarymøte 25. januar:

Om DAB- radio

Sykkylven Rotary Klubb 2017-01-25-referat klubbmøte.

President Steven Blindheim ønska alle velkommen til klubbmøte. Særleg velkomst fekk Kjell Welle, som ville ta oss med ut på det store havet med elektromagnetiske bølgjer som vi er omgitt av. Her kan vi trygt snakke om djupt vatn. Minst 70.000 famner! (Skrivaren sine ord.) Om dagen i dag nemnde Steven m.a. at i 1924 vart dei første olympiske leikane i nyare tid skipa til i Chamonix, Frankrike. I 1949 vart David Ben-Gurion valt til Israel sin første statsminister. (??- sjå klipp) 1893: Uver i Lofoten. 130 fiskarar miste livet. Ove Straumsheim har sendt kort og meldt om frammøte i Rotary klubb i Mas Palomas, Gran Kanaria. Mannen reiser fortare enn posten, og var på plass under vårt møte. Presidenten nemnde også at det no er tid for å kommunisere tilbod til nye deltakarar til Rotary sine sommarleirar. Her er mange å velje mellom, og vi kan alle bruke våre nettverk og inspirere ungdom til å søkje.  Vårt gode medlem har vore, Erling Lillevik, har meldt seg ut av klubben av helsemessige grunnar. Allsong for kvelden var Din tanke er fri, ei vise frå middelalderen tillagt Martin Luther. Høver bra i jubileumsåret 1517-2017. Kveldens 3-minutt var ved Almar Kylling. Han fokuserte på ord som har dominert nyhende-biletet siste veka: Uforutsigbarhet, forandringer, problemer, alternative fakta.  (Brukte særleg i samband med presidentvalet/ innsetjinga av Donald Trump i USA) Når fakta ikkje stemmer med dei måla ein har, eller det ein har lyst til å seie, søkjer ein etter alternative fakta som kan fylle opp bodskapen og gjere han truverdig. Visjon, mål og fokus må vere faktabasert! I ein startfase som høgdehoppar nyttar det ikkje å legge lista på to meter med ein gong, sa Almar Kylling mellom anna. Dermed blei kaffipausen annonsert, - etter at Steinar N hadde fått applaus for bursdagen sin på møtedagen. Oppdekkinga var enkel, etter som Karl Johan, vår kulinariske kokk, hadde meldt forfall.

Kjell Welle fekk så ordet. Han hadde valt temaet DAB inn, FM-gamleradioen ut; kvifor?  Han ville ikkje informere om det same som media i desse dagar fløymer over av, men ta det heile frå ein litt annan synsvinkel – medrekna litt radioteknikk og teori – på barnehagenivå. Dermed letta han litt på sløret som kveiler seg omkring omgrep som antenne, bølgelengde, amplitude/ amplitudemodulasjon, frekvens/ frekvensmodulasjon, Hertz og MegaHertz. Langbølge, mellombølge, AM, FM og DAB… kvar finn vi dei i det elektromagnetiske spekteret? Ove og Knut Jarle melde seg som friviljuge til å halde ei snor, slik at Kjell kunne gjere dette høveleg klart for oss, på den halvtimen han hadde til rådvelde. Han fortalde også om grunnane til at omlegginga var nødvendig. Forsamlinga reagerte med interesse og engasjement – så langt den einskilde sin kapasitet strakk til. Så lyt vi sjå dei neste vekene: Vil forandringa bli til det betre? Vil dette vere den endelege løysinga? Time will show! Med Presidenten sine ord: Takk for innsatsen, Kjell Welle!


Olav P. skrivar

 

Kjell Welle, i midten, får hjelp av Ove til venstre og Knut Jarle til høgre for å plassere bølgjelengder.       



 
Hjelp Rotary med å utrydde polio nå!

19. oktober 2024

Hjelp Rotary med å utrydde polio nå!

Fare for internasjonal spredning gjør fortsatt polio til en internasjonal folkehelsekrise, sier Verdens helseorganisasjon (WHO), som har som mål å utrydde polio innen 2027. Så lenge det fortsatt er i polio i verden, er det fare for spredning.

Anita gir polio et ansikt

17. oktober 2024

Anita gir polio et ansikt

«Polio er en fryktelig sykdom», sier Anita. Det er smerter, lammelser, operasjoner, seinskader. Kort sagt mye «tapt liv». «Vi må gjøre alt vi kan for å utrydde Polio!», fortsetter hun.

Presidenten sin time

18. mai 2019

Presidenten sin time

President Greta leia Presidenten sin time på beste vis, og fordelte orda mellom Geir Løseth, 3-minutt, og innkommande president Petter Velle, som orienterte om kommande Rotary-år 2019-2020

Med Terje Aurdal gjennom tre land, frå Grense - Jakobselv til Lindesnes.

22. januar 2019

Med Terje Aurdal gjennom tre land, frå Grense - Jakobselv til Lindesnes.

Friluftsmannen Terje Aurdal besøkte Sykkylven Rotaryklubb og tok medlemmene med på ein forvitneleg tur på ski, på sykkel og i kano frå Grense - Jakobselv i Finnmark, gjennom Finland og Sverige til Sulitjelma og heilt til Lindesnes.

Rotarymøte 10 . januar 2018:

11. januar 2018

Rotarymøte 10 . januar 2018:

Les referat av ordfører Odd Jostein si orientering om stoda i Sykkylven Kommune.

Presidenten sin time med Vinlotteri

6. januar 2018

Presidenten sin time med Vinlotteri

Les Olav sitt flotte referat frå Presidenten sin time 3. januar.

Julemøte i Sykkylven Rotaryklubb.

6. januar 2018

Julemøte i Sykkylven Rotaryklubb.

Referat frå koselig julemøte 20. desember 2017

Rotarymøte 13.desember 2017

6. januar 2018

Rotarymøte 13.desember 2017

Les Olav sitt flotte referat med m.a. Lars Einar Riksheim sitt foredrag om Amtec.

Rotarymøte 6..desember 2017

6. januar 2018

Rotarymøte 6..desember 2017

Les Ragnar Kaland sitt foredrag om arbeidsplassen sin Laader Berg.

28. desember 2017

Presidenten sin time med Årsmøte

Les referat frå Årsmøtet