Sykkylven Rotary Klubb 2017-01-25-referat klubbmøte.
President Steven Blindheim
ønska alle velkommen til klubbmøte. Særleg velkomst fekk Kjell Welle, som ville
ta oss med ut på det store havet med elektromagnetiske bølgjer som vi er omgitt
av. Her kan vi trygt snakke om djupt vatn. Minst 70.000 famner! (Skrivaren sine
ord.) Om dagen i dag nemnde Steven m.a. at i 1924 vart dei
første olympiske leikane i nyare tid skipa til i Chamonix, Frankrike. I 1949
vart David Ben-Gurion valt til Israel sin første statsminister. (??- sjå klipp)
1893: Uver i Lofoten. 130 fiskarar miste livet. Ove Straumsheim har sendt kort
og meldt om frammøte i Rotary klubb i Mas Palomas, Gran Kanaria. Mannen reiser
fortare enn posten, og var på plass under vårt møte. Presidenten nemnde også at
det no er tid for å kommunisere tilbod til nye deltakarar til Rotary sine
sommarleirar. Her er mange å velje mellom, og vi kan alle bruke våre nettverk
og inspirere ungdom til å søkje. Vårt
gode medlem har vore, Erling Lillevik, har meldt seg ut av klubben av
helsemessige grunnar. Allsong for
kvelden var Din tanke er fri, ei
vise frå middelalderen tillagt Martin Luther. Høver bra i jubileumsåret
1517-2017. Kveldens 3-minutt var ved
Almar Kylling. Han fokuserte på ord som har dominert nyhende-biletet siste veka:
Uforutsigbarhet, forandringer, problemer, alternative fakta. (Brukte særleg i samband med presidentvalet/
innsetjinga av Donald Trump i USA) Når fakta ikkje stemmer med dei måla ein
har, eller det ein har lyst til å seie, søkjer ein etter alternative fakta som
kan fylle opp bodskapen og gjere han truverdig. Visjon, mål og fokus må vere
faktabasert! I ein startfase som høgdehoppar nyttar det ikkje å legge lista på
to meter med ein gong, sa Almar Kylling mellom anna. Dermed blei kaffipausen
annonsert, - etter at Steinar N hadde fått applaus for bursdagen sin på
møtedagen. Oppdekkinga var enkel, etter som Karl Johan, vår kulinariske kokk,
hadde meldt forfall.
Kjell Welle fekk så ordet. Han hadde valt temaet DAB inn, FM-gamleradioen ut; kvifor? Han ville ikkje informere om det same som
media i desse dagar fløymer over av, men ta det heile frå ein litt annan
synsvinkel – medrekna litt radioteknikk og teori – på barnehagenivå. Dermed
letta han litt på sløret som kveiler seg omkring omgrep som antenne,
bølgelengde, amplitude/ amplitudemodulasjon, frekvens/ frekvensmodulasjon,
Hertz og MegaHertz. Langbølge, mellombølge, AM, FM og DAB… kvar finn vi dei i
det elektromagnetiske spekteret? Ove og Knut Jarle melde seg som friviljuge til
å halde ei snor, slik at Kjell kunne gjere dette høveleg klart for oss, på den
halvtimen han hadde til rådvelde. Han fortalde også om grunnane til at
omlegginga var nødvendig. Forsamlinga reagerte med interesse og engasjement –
så langt den einskilde sin kapasitet strakk til. Så lyt vi sjå dei neste
vekene: Vil forandringa bli til det betre? Vil dette vere den endelege
løysinga? Time will show! Med Presidenten sine ord: Takk for innsatsen, Kjell
Welle!
Olav P.
skrivar
Kjell Welle,
i midten, får hjelp av Ove til venstre og Knut Jarle til høgre for å plassere
bølgjelengder.
15. november 2024
Onsdag 13. november fekk vi besøk av Sykkylven Røde Kors ved Jon Erdal som fortalde om alt det flotte arbeidet dei gjer for bygda både innan omsorg og i hjelpekorpset. Vi fekk eit godt innsyn i det viktige arbeidet dei gjer.
22. oktober 2024
Rotary held fram kampen mot polio –
Rotary-klubber verden over held fram kampen mot polio, og no har innbyggjarane i Stranda og Sykkylven ei unik moglegheit til å bidra. Ved å gi til lokalt Vipps-nummer 134399 kan du bidra.
20. oktober 2024
Hvert bidrag teller i kampen mot polio! Visste du at når du gir penger til Polio plus, tredobles effekten av din gave? For hver krone du gir, matcher Bill og Melinda Gates med to kroner. Sammen kan vi stoppe polio én gang for alle! Vipps til 134399
19. oktober 2024
Fare for internasjonal spredning gjør fortsatt polio til en internasjonal folkehelsekrise, sier Verdens helseorganisasjon (WHO), som har som mål å utrydde polio innen 2027. Så lenge det fortsatt er i polio i verden, er det fare for spredning.
17. oktober 2024
«Polio er en fryktelig sykdom», sier Anita. Det er smerter, lammelser, operasjoner, seinskader. Kort sagt mye «tapt liv». «Vi må gjøre alt vi kan for å utrydde Polio!», fortsetter hun.
18. mai 2019
President Greta leia Presidenten sin time på beste vis, og fordelte orda mellom Geir Løseth, 3-minutt, og innkommande president Petter Velle, som orienterte om kommande Rotary-år 2019-2020
22. januar 2019
Friluftsmannen Terje Aurdal besøkte Sykkylven Rotaryklubb og tok medlemmene med på ein forvitneleg tur på ski, på sykkel og i kano frå Grense - Jakobselv i Finnmark, gjennom Finland og Sverige til Sulitjelma og heilt til Lindesnes.
10. februar 2018
Les referat frå Presidenten sin time med Vinlotteri.
11. januar 2018
Les referat av ordfører Odd Jostein si orientering om stoda i Sykkylven Kommune.
6. januar 2018
Les Olav sitt flotte referat frå Presidenten sin time 3. januar.