Referat
frå Rotarymøte 15.02.2017:
President Steven ønska vel møtt til møte i Sykkylven
Rotaryklubb 15. februar. Denne gangen hadde vi besøk av kommunalsjef
i Sykkylven Eli Otterlei. Tema for Eli sitt foredrag er noko som fort kan bli aktuelt for oss alle, nemlig
velferdsteknologi. Stor applaus for Eli.
Så tok Steven for eit lite utdrag av det som har
hendt denne datoen opp gjennom historia: I 1814 blei Norges Bank stifta. I
1920 blei barnebokforfatter Ann Cath Vestly født. I 1922 hadde domstolen i Haag
sitt førte møte. I 1939 blei langrennsløper og friidrettsmannen Ole Ellefsæter
født. I 1952 opna dei 6. olympiske vinterleiker i Oslo og til sist drog dei
sovjetiske styrkane seg ut av Afganistan i 1989.
I trubadur Olav sitt fråver hadde presidenten valgt ut
rotarysong «Dei Nære Ting» av Arne Påske Aasen.
3- minuttforedrag:
3 minutt var denne gong ved Geir Brekke: Han fortalte at han
hadde besøkt 3 kommuner på Søre Luten av Sunnmøre: Vanylven, Herøy og Sandsøy.
Disse kommunene har hatt ulik utvikling siden Geir var ungdom. Han tok først
for seg Vanylven. Der var den statlige bedrifta Olivin ei hjørnesteinsbedrift i
mange år. Innbyggarane hadde ein sikker jobb og inntekt her. Så blei bedrifta
privatisert og etter kvart lagt ned. Dermed forsvant arbeidsplassene. Kommunen
fekk 30 mill. statlige kroner i omstilling, men etter Geir si meining har det
ikkje kome noko særlig konkret ut av disse midla.
Herøy derimot har hatt stikk motsatt utvikling. Her har det
vore stor kreativitet i å omstille seg frå fiskeri til skipsbygging. Kommunen
har hatt ein gullalder i samband med oljealderen, der det er blitt bygd ei
mengde offshorefarty. No er oljeindustrien nede i ein bølgedal, men fortsatt
blir det vist stor kreativitet i å omstille skipsverfta til alternativ skipsproduksjon.
Sandsøy har etter Geir si meining vist same
utviklingstendens som Vanylven. Kommunen har vore ei fiskerikommune som ikkje
har makta å omstille seg slik som f.eks. Herøy.
Sidan 1966 har Geir budd i Sykkylven. Her har det vore
rikelig med arbeid og ein møbelindustri som har gått så det suser. No ser
likevel Geir mørke skyer i horisonten. Det blir tøffere og tøffere å hevde seg
innan møbelindustrien, og mange arbeidsplasser er blitt lagt ned. Han
etterlyser kreativitet til å utvikle nye arbeidsplasser og kreativitet til
videre utvikling i bygda vår. Som kjent lærer «Nød naken kvinne å spinne», og
15 % arbeidsledighet kunne tenkes å vere ain katalysator til fornya
kreativit, etter Geir si meining.
For å få til etterlengta utviklinga treng vi, også etter Geir si meinig ein galning» og ein som er det motsatte. Desse vil halde kvarandre i balanse. Geir tok fram fleire
eksempel på dette i vår nære forhistorie. Det siste eksempelet er vår
rotaryven, Jan Fredriksen som starta eit så tilsynelatende håplaust
prosjekt som bru over Sykkylvsfjorden.
Referent har ved
tidligere høve, uttrykt beundring for dei som kan halde slike foredrag som Geir
utan hjelp av manuskript. Slik beundring også denne gang. Eit tankevekkende og
aktuelt innlegg av Geir.
Presidentforum i
Volda 9. februar:
President Steven tok så ordet og fortalte at han torsdag i
forrige veke hadde vore til Volda på Presidentforum. Sykkylven Rotaryklubb fikk
ros for sin Årsplan og gode organisering. Spesielt mykje ros fek Klubben for å
ha mottatt utvekslingsstudent. I det høve har Olaf, i klubben vår, utarbeid ein
manual som både vi og andre klubber kan bruke. Vi fekk også ros for vårt bidrag
til Rotaryfondet. Her er vi på topp i vårt distrikt.
Etter Rotarykaffi og gode sjokoladekaker var det kommunalsjef
Eli Otterlei sin tur. Som tidlegere nemnt er det eit svært aktuelt tema, nemlig
velferdsteknologi.
Velferdsteknologi ved
kommunalsjef Eli Otterlei:
Referent vil gjengi eit kort resyme av Eli sin flotte og
grundige foredrag om dette. Sjå elles Eli sin Presentasjon.
Kvifor satse på velferdsteknologi?
-
Demografi: I dag er situasjonen både i Norge og
Sykkylven at vi blir fleire og fleire eldre, medan det blir stadig færre
arbeidstakarar til å fø oss. Skal ein kunne gi ei tilfredsstillende eldreomsorg
er det derfor naudsynt at denne nye teknologien blir teke i bruk.
-
Livskvalitet: Dei aller fleste vil bu i heimen
så lenge som råd. Den nye
teknologien vil kunne bidra i stor grad til dette. I ei spørreundersøking har
97 % svart at dei vil bu heime så lenge som råd før dei evt. hamna på institusjon.
-
Kompensere manglende arbeidskraft i framtida: Dersom
vi skal kunne opprettholde tilfredsstillende helse- og eldreomsorg, vil ca. 2/3
av ny arbeidskraft være nødt til å jobbe i Helse- og omsorgssektoren. Dette er
sjølsagt heilt umulig. Ny teknologi er derfor heilt naudsynt.
Eli gav ei oversikt kva som fins i dag av teknologi: Ho
delte dette opp i fire grupper: 1. Mestrings- og teknologi for sosial
aktivitet. 2. Trygghet- og sikkerhetsskapende teknologi. 3. Utgreiings- og
behandlingsteknologi og 4. Kompensasjons- og velværeteknologi.
På det meir detaljere plan nemnte ho mellom anna:
senge/stolsensor, fuktsensor, bevegelsessensor, epilepsi- og
oversvømmelsessensor, dørsensor, røykvarsler, smykkesensor, støvsuger,
medisindispenser, komfyrvakt, robotseler i samband med dyreassistert aktivitet.
Dessuten videoutstyr og Ipad til videokonferanser og sosiale aktiviteter.
Spillteknologi, memoplaner og digitalkalender.
Kven er så brukerne av den nye teknologien? Som tidligere
nemnt er dette eldre, heimebuende. Dessuten funksjonhemma (sjølsagt også yngre
i denne gruppa). Pasienter med psykiske lidinger. Til slutt vil sjølsagt
pårørende til denne gruppe ha god nytte av teknologien.
Kva er så utfordringene? I alle fall er den etiske sida ved
teknologen ei utfordring. Vil den nye teknologien komme på bekostning av det
enkelte menneske sin autonomi, integritet, verdighet og rett til privatliv. Eli
understreka at den nye teknologien skal vere eit supplement til menneskelig
omsorg, og ikkje ei erstatning. Det som kanskje kan ligge nærast opptil
overvåking er GPS. Menneske med nedsatt evne til å orientere seg, kan ha god
nytte og sikkerhet ved å nytte dette, men sjølsagt snakker ein her om
overvåking i ordets rette forstand. Referent tek seg den frihet å meine at
nytteverdien er mykje større enn dei
etiske utfordringene.
Eli avslutta med følgende kloke ord: «Omsorgskrisa skapes ikke av eldrebølgen. Den skapes av forestillingen
om at omsorg ikke kan gjøres annerledes enn i dag.»
Eit flott og grundig foredrag som engasjerte oss alle. På
overtid var det spørsmålsrunde. Til slutt fikk ho overrakt ei lita gåve frå presidenten som
takk for flott innsats.
Steven minte om neste møte som blir bedriftsbesøk hos Ove Straumsheim
AS. Han takka så for kveldens møte og ønska alle
vel heim.
Referent Jarle Svindseth
9. september 2017
Les referat frå Ingrid sitt flotte foredrag: "Frå Norge til Nederland: Sykkylven på godt og vondt".
5. september 2017
Les kva speidarane hadde å fortelle frå Landsspeiderleiren i Bodø 2017.
5. september 2017
Les referat frå Sykkylven Rotaryklubb sitt besøk ved den nye Brannstasjonen.
29. juni 2017
Les og sjå bilder frå presidentskifte i Sykkylven Rotaryklubb. Bastian tek over som president etter Steven.
26. juni 2017
Les siste Infobrev nr. 20 frå Prosjekt Filipinnene.
17. juni 2017
Les kva Daniel hadde å fortelle frå sitt opphald her i Sykkylven. Sjå også bilder frå "avskjedsfesten".
13. juni 2017
Les referat frå møte i SRK der Kjell fortel om identitetstjuveri og mester -identitetstjuv Viggo Johan Ørbak.
22. april 2017
Les Sindre sitt foredrag frå eit spennende liv både til lands og til vanns.
8. april 2017
Les kva visepresident Bastian hadde å fortelle frå Presidentkurset (PETS) på Dombås 1. og 2. april. Les også kva sokneprest Helge fortalte om sin situasjon etter oppseiinga av sin jobb som prest.
1. april 2017
Les referat frå det interessante og framtidsretta foredraget som Fredrik heldt 29. mars i Sykkylven Rotaryklubb.