Velferdsteknologi ved komunalsjef Eli Otterlei

Les referat frå kommunalsjef Eli Otterlei sitt flotte og grundig foredrag om velferdsteknologi

Referat frå Rotarymøte 15.02.2017:

President Steven ønska vel møtt til møte i Sykkylven Rotaryklubb 15. februar. Denne gangen hadde vi besøk av  kommunalsjef i Sykkylven Eli Otterlei. Tema for Eli sitt foredrag er  noko som fort kan bli aktuelt for oss alle, nemlig velferdsteknologi. Stor applaus for Eli.

Så tok Steven for eit lite utdrag av  det som har hendt  denne datoen opp gjennom historia: I 1814 blei Norges Bank stifta. I 1920 blei barnebokforfatter Ann Cath Vestly født. I 1922 hadde domstolen i Haag sitt førte møte. I 1939 blei langrennsløper og friidrettsmannen Ole Ellefsæter født. I 1952 opna dei 6. olympiske vinterleiker i Oslo og til sist drog dei sovjetiske styrkane seg ut av Afganistan i 1989.

I trubadur Olav sitt fråver hadde presidenten valgt ut rotarysong «Dei Nære Ting» av Arne Påske Aasen.

3- minuttforedrag:   

3 minutt var denne gong ved Geir Brekke: Han fortalte at han hadde besøkt 3 kommuner på Søre Luten av Sunnmøre: Vanylven, Herøy og Sandsøy. Disse kommunene har hatt ulik utvikling siden Geir var ungdom. Han tok først for seg Vanylven. Der var den statlige bedrifta Olivin ei hjørnesteinsbedrift i mange år. Innbyggarane hadde ein sikker jobb og inntekt her. Så blei bedrifta privatisert og etter kvart lagt ned. Dermed forsvant arbeidsplassene. Kommunen fekk 30 mill. statlige kroner i omstilling, men etter Geir si meining har det ikkje kome noko særlig konkret ut av disse midla.

Herøy derimot har hatt stikk motsatt utvikling. Her har det vore stor kreativitet i å omstille seg frå fiskeri til skipsbygging. Kommunen har hatt ein gullalder i samband med oljealderen, der det er blitt bygd ei mengde offshorefarty. No er oljeindustrien nede i ein bølgedal, men fortsatt blir det vist stor kreativitet i å omstille skipsverfta til alternativ skipsproduksjon.

Sandsøy har etter Geir si meining vist same utviklingstendens som Vanylven.   Kommunen har vore ei fiskerikommune som ikkje har makta å omstille seg slik som f.eks. Herøy.

Sidan 1966 har Geir budd i Sykkylven. Her har det vore rikelig med arbeid og ein møbelindustri som har gått så det suser. No ser likevel Geir mørke skyer i horisonten. Det blir tøffere og tøffere å hevde seg innan møbelindustrien, og mange arbeidsplasser er blitt lagt ned. Han etterlyser kreativitet til å utvikle nye arbeidsplasser og kreativitet til videre utvikling i bygda vår. Som kjent lærer «Nød naken kvinne å spinne», og 15 % arbeidsledighet kunne tenkes å vere ain katalysator til fornya kreativit, etter Geir si meining.

For å få til etterlengta utviklinga treng vi, også etter Geir si meinig ein galning» og ein som er det motsatte. Desse vil halde kvarandre i balanse. Geir tok fram fleire eksempel på dette i vår nære forhistorie. Det siste eksempelet er vår rotaryven, Jan Fredriksen som starta eit så tilsynelatende håplaust prosjekt som  bru over Sykkylvsfjorden.

Referent har  ved tidligere høve, uttrykt beundring for dei som kan halde slike foredrag som Geir utan hjelp av manuskript. Slik beundring også denne gang. Eit tankevekkende og aktuelt innlegg av Geir.

Presidentforum i Volda 9. februar:

President Steven tok så ordet og fortalte at han torsdag i forrige veke hadde vore til Volda på Presidentforum. Sykkylven Rotaryklubb fikk ros for sin Årsplan og gode organisering. Spesielt mykje ros fek Klubben for å ha mottatt utvekslingsstudent. I det høve har Olaf, i klubben vår, utarbeid ein manual som både vi og andre klubber kan bruke. Vi fekk også ros for vårt bidrag til Rotaryfondet. Her er vi på topp i vårt distrikt.

Etter Rotarykaffi og gode sjokoladekaker var det kommunalsjef Eli Otterlei sin tur. Som tidlegere nemnt er det eit svært aktuelt tema, nemlig velferdsteknologi.

Velferdsteknologi ved kommunalsjef Eli Otterlei:


Referent vil gjengi eit kort resyme av Eli sin flotte og grundige foredrag om dette. Sjå elles Eli sin Presentasjon.

Kvifor satse på velferdsteknologi?

-          Demografi: I dag er situasjonen både i Norge og Sykkylven at vi blir fleire og fleire eldre, medan det blir stadig færre arbeidstakarar til å fø oss. Skal ein kunne gi ei tilfredsstillende eldreomsorg er det derfor naudsynt at denne nye teknologien blir teke i bruk.

-          Livskvalitet: Dei aller fleste vil bu i heimen så lenge som råd. Den nye teknologien vil kunne bidra i stor grad til dette. I ei spørreundersøking har 97 % svart at dei vil bu heime så lenge som råd før dei evt. hamna på institusjon.

-          Kompensere manglende arbeidskraft i framtida: Dersom vi skal kunne opprettholde tilfredsstillende helse- og eldreomsorg, vil ca. 2/3 av ny arbeidskraft være nødt til å jobbe i Helse- og omsorgssektoren. Dette er sjølsagt heilt umulig. Ny teknologi er derfor heilt naudsynt.  

 Kva kan så den nye teknologien bidra med med? Eli nemnte  - auka trygghet og sikkerhet i heimen. -auka sosial deltaking. - auka mobilitet både fysisk og kulturelt. - i det heile styrke den enkelte sin evne til å klare seg i kvardagen.

Eli gav ei oversikt kva som fins i dag av teknologi: Ho delte dette opp i fire grupper: 1. Mestrings- og teknologi for sosial aktivitet. 2. Trygghet- og sikkerhetsskapende teknologi. 3. Utgreiings- og behandlingsteknologi og 4. Kompensasjons- og velværeteknologi.

På det meir detaljere plan nemnte ho mellom anna: senge/stolsensor, fuktsensor, bevegelsessensor, epilepsi- og oversvømmelsessensor, dørsensor, røykvarsler, smykkesensor, støvsuger, medisindispenser, komfyrvakt, robotseler i samband med dyreassistert aktivitet. Dessuten videoutstyr og Ipad til videokonferanser og sosiale aktiviteter. Spillteknologi, memoplaner og digitalkalender.

Kven er så brukerne av den nye teknologien? Som tidligere nemnt er dette eldre, heimebuende. Dessuten funksjonhemma (sjølsagt også yngre i denne gruppa). Pasienter med psykiske lidinger. Til slutt vil sjølsagt pårørende til denne gruppe ha god nytte av teknologien.

Kva er så utfordringene? I alle fall er den etiske sida ved teknologen ei utfordring. Vil den nye teknologien komme på bekostning av det enkelte menneske sin autonomi, integritet, verdighet og rett til privatliv. Eli understreka at den nye teknologien skal vere eit supplement til menneskelig omsorg, og ikkje ei erstatning. Det som kanskje kan ligge nærast opptil overvåking er GPS. Menneske med nedsatt evne til å orientere seg, kan ha god nytte og sikkerhet ved å nytte dette, men sjølsagt snakker ein her om overvåking i ordets rette forstand. Referent tek seg den frihet å meine at nytteverdien  er mykje større enn dei etiske utfordringene.

Eli avslutta med følgende kloke ord: «Omsorgskrisa skapes ikke av eldrebølgen. Den skapes av forestillingen om at omsorg ikke kan gjøres annerledes enn i dag.»

Eit flott og grundig foredrag som engasjerte oss alle. På overtid var det spørsmålsrunde.  Til slutt fikk ho overrakt ei lita gåve frå presidenten som takk for flott innsats.

Steven minte om neste møte som blir bedriftsbesøk hos Ove Straumsheim AS.   Han takka så for kveldens møte og ønska alle vel heim.

 

Referent Jarle Svindseth

 

 


 
Julemøte i Sykkylven Rotaryklubb 21.des. 2016.

22. desember 2016

Julemøte i Sykkylven Rotaryklubb 21.des. 2016.

Les om det tradisjonelle Julemøtet i Sykkylven Rotaryklubb.

Lars P. Riksheim Treindustrier

1. november 2016

Lars P. Riksheim Treindustrier

Les og sjå bilde frå Sykkylven Rotaryklubb sitt bedriftsbesøk 26. oktober 2016

Verda sin poliodag 24. oktober

23. oktober 2016

Verda sin poliodag 24. oktober

Sjå og les korleis SRK valgte å markere denne dagen.

Guvernørbesøk og to nye medlemmer i SRK

22. oktober 2016

Guvernørbesøk og to nye medlemmer i SRK

Stranda Rotaryklubb inviterte til intercitymøte på Stranda Hotel, onsdag 19. oktober, i høve guvernørbesøk frå D 2305.

Utvekslingsstudent frå Brasil til Sykkylven

22. august 2016

Utvekslingsstudent frå Brasil til Sykkylven

Les om Daniel Pedroso som har kome den lange vegen frå Brasil til Sykkylven

Verdenspresidenten i Rotary 2016/2017: John F. Germ

2. august 2016

Verdenspresidenten i Rotary 2016/2017: John F. Germ

Les meir om den nye Verdenspresidenten på Nyhendesida vår.

President i SRK 2016-2017. Klubben har passert 60 år.

7. juli 2016

President i SRK 2016-2017. Klubben har passert 60 år.

Ny president i Sykkylven Rotary Klubb 2016-2017 er Steven Blindheim. Presidentskiftet var 29. juni, og 6. juli leia Steven sitt første ordinære rotarymøte. Mellom anna orienterte han om klubben, som nettopp har passert sine 60 år. Charterdato er 5. juli.

Rico Bil AS: Blomstrande bedrift med bil i fokus!

4. juli 2016

Rico Bil AS: Blomstrande bedrift med bil i fokus!

Bedriftbesøk til Rico Bil AS i Ålesund sto på programmet 13. april 2016. Vi vart tekne særs godt i mot av dagleg leiar Jorunn Lundanes og noverande konsulent Fred J. Rishaug. Han grunnla bedrifta i 1988 og sto for leiinga til 2014 då Jorunn tok over.

Bedriftsbesøk til Nyborg AS

27. juni 2016

Bedriftsbesøk til Nyborg AS

Sykkylven Rotary Klubb: Bedriftsbesøk 15. juni 2016 hos Nyborg AS, Sykkylven. http://nyborgfan.com/ Bedrifta produserer vifter og utstyr til ventilasjon i skip, oljeplattformer og alle leveransane blir "skreddarsydde" etter kunden sine behov.

Gardsbesøk

28. mai 2016

Gardsbesøk

Gardsbesøk 25. mai hosBastian

Sosiale medier

Møteinformasjon

Møtested: Bibliotekjelleren
Adresse: Pilgata 10, 6230 Sykkylven
Postnummer: 6230
Sted: Sykkylven
Land: NO
Møtedag: Onsdag
Møtetid: 19:00
Møtespråk: no

Place content here

Møtearkiv fra
før August 2022



rotary lenker

Nyheter fra
rotary INTERNATIONAL:

Loading RSS...

Nytt fra Rotary i Norge

District - Rotary RSS