Referat frå Bedriftsbesøk hos Ove
Straumsheim Glas og Fasader AS. 22.02.2017
Denne gangen var det bedriftsbesøk hos vår gode rotaryven
Ove Straumsheim. Han er grunnleggeren av Ove Straumsheim Glas og Fasader.
Men før Ove starta med sin presentasjon, ønska president
Steven alle vel møtt. Deretter hadde Ove valgt ut ein rotarysang som han synes
passa godt i høve bedriftsbesøket: Vidar Sandbeck sin på «På folkemunne». Den
er skreven i 1. person eintal om ein kar som kunne blitt alt mulig, men der det
til slutt enda opp med lite og ingen ting. Som vanleg flott gitarspel av
trubadur Olav.
Så ønske Ove vel møtt til «Tangholmen», og tok for seg organiseringa
av kvelden: Først ein presentasjon av bedrifta og milepæler i denne si
historie. Deretter matøkt, for så til slutt å få omvisning i produksjonslokala.
Innleingsvis fortalte Ove litt om forhistoria til firmaet.
Som odelsgut til Ellinggarden, var det naturlig å tenke landbruksskule, men far
til Ove meinte at han burde ha fleire bein å stå på i tillegg til gardsdrifta.
Resultatet blei tømrerlinja ved Ørsta Yrkesskule. Han skaffa seg videre praksis
hos Stave Bygg og hos murmester Leif Strømsheim i Oslo. Dette gav den bakgrunn
Ove meinte var nok til å starte glasarbeid på heiltid i kjellerlokale i 1968.
Ove gifta seg med Solbjørg i 1962. Dei fikk 5 flotte barn.
Ove fortel at kona var skeptisk til at han forlet ein sikker jobb i Stave Bygg
og starta med eige verksemd der ein ikkje var garantert inntekt til ei kvar
tid.
Ove tok så for seg firmaet si historie kronologisk. Referent
går ikkje i detalj her, men viser til Ove si oversikt. Eg tek likevel med dei
viktigaste milepælene:
-
Oppstart i 1968.
-
Aluminium sitt inntog på byggeplassene i 1972.
-
1974: LN hall blir tatt i bruk.
-
1977: Torbjørn Nerhus blir tilsett. Dyktig kar
som fikk stor betydning for firmaet.
-
1980: Egenproduksjon av aluminium og dører.
Store prosjekt med m.a. Parken Hotel og Ekornes Fabr. sitt nybygg.
-
1986: Metallakkering på Vikøyra blir etablert.
-
1988: Første påhengsvegg i glass blir «Molja».
-
1989: Sykkylven Kyrkje og Ellingsøy kyrkje.
-
1990- åra: Svak marked. Etter kvart innpass i
offshoreindustrien.
-
2005 – 2008: 35- års samarbeid med fa. Astrup
& sønn blir avslutta og firmaet tek over aluminiumssystemet til SHUCO.
-
2005: Nytt påbygg på 1000 m2.
I dag er sonen Geir leier for den tekniske avdelinga, medan
sonen Ole er daglig leier. Hallgeir Lade har kjøpt seg inn med 10 % av aksjene.
Så vidt referent forstår, er no Ove Straumsheim Glas og Fasader klassifisert
som eit familieaskjeselskap. Omsetninga er, i følge Ole, på ca. 40 – 45 mill.
kr årlig. Det er fortida 23 ansatte. Firmaet har ei forholdsvis stor
markedsandel her i Norge, antydningsvis ca. 20 til 40 %.
Nemnte Hallgeir Lade, som og er vår rotaryven, heldt ei kort
og grei orientering om TRIO beslag. Firmaet produserer og monterer glassrekkverk.
Mellom anna har dei montert dette i Atlanterhavsparken og Moa Amfi. Rekkverka er
bærende konstruksjoner, der ein må ha sertifisering for å kunne montere dette.
Etter matykta, der Solbjørg hadde baka alldeles fortreffelig
eplekaker, viste Ove og Geir oss rundt i produksjonslokala. Referent hadde
venta å finne montering av glas med aluminiumsprofilene i ramme rundt, men Ove
og Geir fortalte at dette skjer på arbeidsplassen. Firmaet Ove Straumsheim Glas
og Fasader er eit entreprenør firma, der dei både står for produksjonen og
monteringa/bygging på arbeidsplassen. Geir fortel likevel at til private hus skjer
produksjonen av vindu og rekkverk i lokala.
Tilslutt blei det vist ein video frå Schuco og bilder frå
forskjellige glassfasader som firma Ove og Hallgeir har montert.
President Steven takka for eit uvanleg flott bedriftsbesøk
der Ove og Co hadde lagt ned mykje arbeid for at klubbmedlemene skulle få så godt utbytte som råd. Referent
vil i all beskjedenhet påstå at han har atskillig meir peiling på glas og
glasfasader etter bedriftsbesøket.
Referent Jarle Svindseth
Bilde tatt under bedriftsbesøket hos Ove Straumsheim Glas og Fasader.
25. mars 2017
Les referat frå Tekstilkunstner Marit Akslen sitt besøk i Sykkylven Rotaryklubb der ho presenterer sin kunst
17. mars 2017
Les referat og sjå bilder frå vårt besøk hos Torunn Kjemphol og Galleri K2 i Tusvika.
10. mars 2017
Les referat frå Rotarymøte på Kvinnedagen 8. mars og spesielt vår nye medlem Steinar Klokk sitt flotte ego/yrkesforedrag.
23. februar 2017
Les om Sykkylven Rotaryklubb sitt flotte og interessante besøk hos Ove Glas og Fasader på "Tangholmen" i Straumgjerde.
18. februar 2017
Les referat frå kommunalsjef Eli Otterlei sitt flotte og grundig foredrag om velferdsteknologi
3. februar 2017
Les referat frå Rotarymøte 1. februar der m.a. Arne Hanssen fortalte om korleis han tenker seg den planlagte Designvegen.
3. februar 2017
Rotarymøte 25. januar der bl. a. Kjell Welle fortalte oss litt om teknikken bak dei forskjellige radiosignala.
26. januar 2017
Les Olav sitt referat frå Sykkylven Rotaryklubb sitt besøk ved Peterson Fabrikker her i Sykkylven
14. januar 2017
Les politimester Ingar Bøen sitt foredrag i Sykkylven Rotaryklubb der han orienterte om den nye Politireforma.