Bedriftsbesøk hos Ove Straumsheim Glas og Fasader

Les om Sykkylven Rotaryklubb sitt flotte og interessante besøk hos Ove Glas og Fasader på "Tangholmen" i Straumgjerde.

Referat frå Bedriftsbesøk hos Ove Straumsheim Glas og Fasader AS. 22.02.2017

Denne gangen var det bedriftsbesøk hos vår gode rotaryven Ove Straumsheim. Han er grunnleggeren av Ove Straumsheim Glas og Fasader.

Men før Ove starta med sin presentasjon, ønska president Steven alle vel møtt. Deretter hadde Ove valgt ut ein rotarysang som han synes passa godt i høve bedriftsbesøket: Vidar Sandbeck sin på «På folkemunne». Den er skreven i 1. person eintal om ein kar som kunne blitt alt mulig, men der det til slutt enda opp med lite og ingen ting. Som vanleg flott gitarspel av trubadur Olav.

Så ønske Ove vel møtt til «Tangholmen», og tok for seg organiseringa av kvelden: Først ein presentasjon av bedrifta og milepæler i denne si historie. Deretter matøkt, for så til slutt å få omvisning i produksjonslokala.

Innleingsvis fortalte Ove litt om forhistoria til firmaet. Som odelsgut til Ellinggarden, var det naturlig å tenke landbruksskule, men far til Ove meinte at han burde ha fleire bein å stå på i tillegg til gardsdrifta. Resultatet blei tømrerlinja ved Ørsta Yrkesskule. Han skaffa seg videre praksis hos Stave Bygg og hos murmester Leif Strømsheim i Oslo. Dette gav den bakgrunn Ove meinte var nok til å starte glasarbeid på heiltid i kjellerlokale i 1968.

Ove gifta seg med Solbjørg i 1962. Dei fikk 5 flotte barn. Ove fortel at kona var skeptisk til at han forlet ein sikker jobb i Stave Bygg og starta med eige verksemd der ein ikkje var garantert inntekt til ei kvar tid.

Ove tok så for seg firmaet si historie kronologisk. Referent går ikkje i detalj her, men viser til Ove si oversikt. Eg tek likevel med dei viktigaste milepælene:

-          Oppstart i 1968.

-          Aluminium sitt inntog på byggeplassene i 1972.

-          1974: LN hall blir tatt i bruk.

-          1977: Torbjørn Nerhus blir tilsett. Dyktig kar som fikk stor betydning for firmaet.

-          1980: Egenproduksjon av aluminium og dører. Store prosjekt med m.a. Parken Hotel og Ekornes Fabr. sitt nybygg.  

-          1986: Metallakkering på Vikøyra blir etablert.

-          1988: Første påhengsvegg i glass blir «Molja».

-          1989: Sykkylven Kyrkje og Ellingsøy kyrkje.

-          1990- åra: Svak marked. Etter kvart innpass i offshoreindustrien.

-          2005 – 2008: 35- års samarbeid med fa. Astrup & sønn blir avslutta og firmaet tek over aluminiumssystemet til SHUCO.

-          2005: Nytt påbygg på 1000 m2.

I dag er sonen Geir leier for den tekniske avdelinga, medan sonen Ole er daglig leier. Hallgeir Lade har kjøpt seg inn med 10 % av aksjene. Så vidt referent forstår, er no Ove Straumsheim Glas og Fasader klassifisert som eit familieaskjeselskap. Omsetninga er, i følge Ole, på ca. 40 – 45 mill. kr årlig. Det er fortida 23 ansatte. Firmaet har ei forholdsvis stor markedsandel her i Norge, antydningsvis ca. 20 til 40 %.

Nemnte Hallgeir Lade, som og er vår rotaryven, heldt ei kort og grei orientering om TRIO beslag. Firmaet produserer og monterer glassrekkverk. Mellom anna har dei montert dette i Atlanterhavsparken og Moa Amfi. Rekkverka er bærende konstruksjoner, der ein må ha sertifisering for å kunne montere dette.

Etter matykta, der Solbjørg hadde baka alldeles fortreffelig eplekaker, viste Ove og Geir oss rundt i produksjonslokala. Referent hadde venta å finne montering av glas med aluminiumsprofilene i ramme rundt, men Ove og Geir fortalte at dette skjer på arbeidsplassen. Firmaet Ove Straumsheim Glas og Fasader er eit entreprenør firma, der dei både står for produksjonen og monteringa/bygging på arbeidsplassen. Geir fortel likevel at til private hus skjer produksjonen av vindu og rekkverk i lokala.

Tilslutt blei det vist ein video frå Schuco og bilder frå forskjellige glassfasader som firma Ove og Hallgeir har montert.

President Steven takka for eit uvanleg flott bedriftsbesøk der Ove og Co hadde lagt ned mykje arbeid for at klubbmedlemene  skulle få så godt utbytte som råd. Referent vil i all beskjedenhet påstå at han har atskillig meir peiling på glas og glasfasader etter bedriftsbesøket.

 

Referent Jarle Svindseth





Bilde tatt under bedriftsbesøket hos Ove Straumsheim Glas og Fasader.

     

 

 


 
Dugnad i Kyrkjeparken

3. mai 2016

Dugnad i Kyrkjeparken

Kyrkjeparken i Sykkylven, ei perle i sentrum!
Service Above Self – Å gagne andre – kjem av og til ekstra godt til syne hos medlemmene i Sykkylven Rotary Klubb. Til dømes på den årvisse dugnaden i Kyrkjeparken.

Sykkylven Næringsutvikling

24. februar 2016

Sykkylven Næringsutvikling

I dag hadde vi besøk av Jarle Strømmegjerde som heldt et interessant foredrag om SNU og aktivitetane der. Sjekk gjerne denne heimesida: http://www.skaparglede.no

InterCitymøte  på Berlihuset

20. oktober 2015

InterCitymøte på Berlihuset

Onsdag 14,. oktober hadde vi besøk av guvernør Odd Jarle Hagen og ass. guvernør John Stenes

Helse Møre og Romsdal Hf som hovudtema i SRK

9. juli 2015

Helse Møre og Romsdal Hf som hovudtema i SRK

Det opne møtet i Sykkylven Rotary Klubb sist onsdag samla fram mot førti medlemmer og gjester. Alle ville dei høyre det som konstituert administrerande direktør i Helse Møre og Romsdal, Dag Hårstad, hadde å seie om sjukehusstruktur og spesialhelsetenesten

KK-Seminar/ Klubb Kompetanse Seminar, Ålesund

21. mars 2015

KK-Seminar/ Klubb Kompetanse Seminar, Ålesund

Distrikt 2305 inviterte tillitsvalde i klubben til seminar 21.mars 2015, på Quality Hotel Waterfront i Ålesund. Biletet viser samlinga i plenum før lunsj.

Sosiale medier

Møteinformasjon

Møtested: Bibliotekjelleren
Adresse: Pilgata 10, 6230 Sykkylven
Postnummer: 6230
Sted: Sykkylven
Land: NO
Møtedag: Onsdag
Møtetid: 19:00
Møtespråk: no

Place content here

Møtearkiv fra
før August 2022



rotary lenker

Nyheter fra
rotary INTERNATIONAL:

Loading RSS...

Nytt fra Rotary i Norge

District - Rotary RSS