Presidenten sin time:

Les referat frå Presidenten sin time 1. mars 2017.

Referat frå Rotarymøte 01.03.2017

President Steven ønska vel møtt til Presidenten sin time Denne gong ein time seinare enn vanleg pga. internt arrangement i banken. Han minte også om at det som vanleg var Vinlotteri.

Presidenten tok for seg noko av det som hadde skjedd denne datoen: I år 1700 var dette den første dagen med Gregoriansk kalender. I 1912 gjer Albert Berry det første fallskjermhoppet frå fly.  I 1953 blir Stalin sjuk, og 3 dager seinare dør han. USA sin president danner Fredskorpset i 1961. I 1993 går 10- øringen ut. 2007 blir det påbudt med refleksvest i bil. Og til slutt, i 2012, blir det registrert at ein 4,5 kg meteoritt har falt ned i Valle i Setesdal.

Siden det var 1. mars og dermed i teorien vårmåned, hadde trubadur Olav funne fram ein rettelig vårsang, nemlig Elias Blix sin: «No livner det i lunder».

Sekretær Knut Henning kunne fortelle at det er Martha Roald og Inge Settemsdal sin tur til BUAS- besøk. Når det gjeld bursdager, fyller Nils Arve 61 år 4. mars. Under bedriftsbesøk forrige onsdag, var det 21 frammøtte. Dette gir ein frammøteprosent på 54.

Sidan  3- minuttkåsøren måtte melde avbud, tok Steven dette innslaget på sparket. Han fortalte om møte med årets russekull i Kyrkjekjelleren. Saman med bl.a. helsesøster, informerte han russen om regler i den kommende russetida. Dersom disse blir brutt, kan det få konsekvenser for framtida. Russen blir oppfordra til å ta vare på kvarandre. Det årlige Rus(s)fri Arrangementet er planlagt til 28. april. Sykkylven Rotary stiller med vaktmannskap her. Framfor russeturen til Lillehammer, blir det planlagt rebusløp.

Så var det Rotarykaffi med sedvanlig gode sjokoladekaker og vinlotteri.

President Steven hadde på førehand sendt ein e-post til medlemene der han tok opp følgende problemstilling: Kvifor er det dårligere frammøte på Presidenten sin time? Kan ein gjere noko annaleis for å få til bedre oppmøte? Kva med Vinlotteriet? Kan dette flyttes til eit møte med bedre oppmøte?

Referent fikk under innlegga og diskusjonen inntrykk av at dei fleste synes Presidenten sin time både er koselig og nyttig. Særlig kan denne timen brukes til Rotarystoff. Dei fleste meinte at vi ikkje må gløyme at vi er ein Rotaryklubb, og at kunnskap om Rotary absolutt er på sin plass. Mange synes at Presidenten sin time er koselig og gjerne med litt lødigere stemningen enn elles. Eit råd var at Presidenten, som ofte «køyrer showet» gjerne kan få inn andre til å halde program. Dette kan vere folk frå eigen klubb eller eksterne folk. Når det gjaldt vinlotteriet, var dei fleste for at dette høyrer heime i Presidenten sin time. Særlig nye medlemmer i Klubben føler at dei har fått lite orientering om Rotary, både på lokalt nivå og internasjonalt nivå.

Presidenten oppsummerte det heile og synes at det hadde kome inn mange konstruktive innspel og forslag. Tydeligvis stemning for å fortsette meir eller mindre som før.

Etter trekning av Vinlotteriet og utdeling av vinflaskene, avslutta president Steven møte med å minne om at 8. mars er det Steinar Klokk som vil halde yrkesforedrag/egoforedrag.  Heilt til sist ønska han alle vel heim.

Referent

Jarle Svindseth


 
Ingrid van der Velde:

9. september 2017

Ingrid van der Velde:

Les referat frå Ingrid sitt flotte foredrag: "Frå Norge til Nederland: Sykkylven på godt og vondt".

Landsspeiderleiren i Bodø 2017:

5. september 2017

Landsspeiderleiren i Bodø 2017:

Les kva speidarane hadde å fortelle frå Landsspeiderleiren i Bodø 2017.

Besøk ved den nye Brannstasjonn

5. september 2017

Besøk ved den nye Brannstasjonn

Les referat frå Sykkylven Rotaryklubb sitt besøk ved den nye Brannstasjonen.

Presidentskifte.

29. juni 2017

Presidentskifte.

Les og sjå bilder frå presidentskifte i Sykkylven Rotaryklubb. Bastian tek over som president etter Steven.

May Britt og Prosjekt Filippinene:

26. juni 2017

May Britt og Prosjekt Filippinene:

Les siste Infobrev nr. 20 frå Prosjekt Filipinnene.

Utvekslingsstudent Daniel heldt foredrag på norsk om sitt opphald her i Sykkylven.

17. juni 2017

Utvekslingsstudent Daniel heldt foredrag på norsk om sitt opphald her i Sykkylven.

Les kva Daniel hadde å fortelle frå sitt opphald her i Sykkylven. Sjå også bilder frå "avskjedsfesten".

Kjell Løseth fortel om identitetstjuveri.

13. juni 2017

Kjell Løseth fortel om identitetstjuveri.

Les referat frå møte i SRK der Kjell fortel om identitetstjuveri og mester -identitetstjuv Viggo Johan Ørbak.

Vårt nye medlem Sindre Stuen heldt sitt Egoforedrag 19. april.

22. april 2017

Vårt nye medlem Sindre Stuen heldt sitt Egoforedrag 19. april.

Les Sindre sitt foredrag frå eit spennende liv både til lands og til vanns.

Visepresidenten sin time 5. april.

8. april 2017

Visepresidenten sin time 5. april.

Les kva visepresident Bastian hadde å fortelle frå Presidentkurset (PETS) på Dombås 1. og 2. april. Les også kva sokneprest Helge fortalte om sin situasjon etter oppseiinga av sin jobb som prest.

Fredrik Støyva Emblem frå Ålesund Kunnskapspark (åkp)besøker Sykkylven Rotaryklubb

1. april 2017

Fredrik Støyva Emblem frå Ålesund Kunnskapspark (åkp)besøker Sykkylven Rotaryklubb

Les referat frå det interessante og framtidsretta foredraget som Fredrik heldt 29. mars i Sykkylven Rotaryklubb.

Sosiale medier

Møteinformasjon

Møtested: Bibliotekjelleren
Adresse: Pilgata 10, 6230 Sykkylven
Postnummer: 6230
Sted: Sykkylven
Land: NO
Møtedag: Onsdag
Møtetid: 19:00
Møtespråk: no

Place content here

Møtearkiv fra
før August 2022



rotary lenker

Nyheter fra
rotary INTERNATIONAL:

Loading RSS...

Nytt fra Rotary i Norge

District - Rotary RSS