Referat frå Rotarymøte 01.03.2017
President
Steven ønska vel møtt til Presidenten sin time Denne gong ein time seinare enn
vanleg pga. internt arrangement i banken. Han minte også om at det som vanleg
var Vinlotteri.
Presidenten tok for seg noko av det som hadde skjedd denne datoen: I år 1700
var dette den første dagen med Gregoriansk kalender. I 1912 gjer Albert Berry det
første fallskjermhoppet frå fly. I 1953
blir Stalin sjuk, og 3 dager seinare dør han. USA sin president danner
Fredskorpset i 1961. I 1993 går 10- øringen ut. 2007 blir det påbudt med
refleksvest i bil. Og til slutt, i 2012, blir det registrert at ein 4,5 kg meteoritt
har falt ned i Valle i Setesdal.
Siden
det var 1. mars og dermed i teorien vårmåned, hadde trubadur Olav funne fram
ein rettelig vårsang, nemlig Elias Blix sin: «No livner det i lunder».
Sekretær
Knut Henning kunne fortelle at det er Martha Roald og Inge Settemsdal sin tur
til BUAS- besøk. Når det gjeld bursdager, fyller Nils Arve 61 år 4. mars. Under
bedriftsbesøk forrige onsdag, var det 21 frammøtte. Dette gir ein
frammøteprosent på 54.
Sidan 3- minuttkåsøren måtte melde avbud, tok Steven dette
innslaget på sparket. Han fortalte om møte med årets russekull i Kyrkjekjelleren.
Saman med bl.a. helsesøster, informerte han russen om regler i den kommende russetida.
Dersom disse blir brutt, kan det få konsekvenser for framtida. Russen blir
oppfordra til å ta vare på kvarandre. Det årlige Rus(s)fri Arrangementet er
planlagt til 28. april. Sykkylven Rotary stiller med vaktmannskap her. Framfor
russeturen til Lillehammer, blir det planlagt rebusløp.
Så
var det Rotarykaffi med sedvanlig gode sjokoladekaker og vinlotteri.
President
Steven hadde på førehand sendt ein e-post til medlemene der han tok opp
følgende problemstilling: Kvifor er det dårligere frammøte på Presidenten sin
time? Kan ein gjere noko annaleis for å få til bedre oppmøte? Kva med
Vinlotteriet? Kan dette flyttes til eit møte med bedre oppmøte?
Referent
fikk under innlegga og diskusjonen inntrykk av at dei fleste synes Presidenten
sin time både er koselig og nyttig. Særlig kan denne timen brukes til
Rotarystoff. Dei fleste meinte at vi ikkje må gløyme at vi er ein Rotaryklubb,
og at kunnskap om Rotary absolutt er på sin plass. Mange synes at Presidenten
sin time er koselig og gjerne med litt lødigere stemningen enn elles. Eit råd
var at Presidenten, som ofte «køyrer showet» gjerne kan få inn andre til å
halde program. Dette kan vere folk frå eigen klubb eller eksterne folk. Når det
gjaldt vinlotteriet, var dei fleste for at dette høyrer heime i Presidenten sin
time. Særlig nye medlemmer i Klubben føler at dei har fått lite orientering om
Rotary, både på lokalt nivå og internasjonalt nivå.
Presidenten
oppsummerte det heile og synes at det hadde kome inn mange konstruktive innspel
og forslag. Tydeligvis stemning for å fortsette meir eller mindre som før.
Etter
trekning av Vinlotteriet og utdeling av vinflaskene, avslutta president Steven møte
med å minne om at 8. mars er det Steinar Klokk som vil halde yrkesforedrag/egoforedrag.
Heilt til sist ønska han alle vel heim.
Referent
Jarle
Svindseth
25. mars 2017
Les referat frå Tekstilkunstner Marit Akslen sitt besøk i Sykkylven Rotaryklubb der ho presenterer sin kunst
17. mars 2017
Les referat og sjå bilder frå vårt besøk hos Torunn Kjemphol og Galleri K2 i Tusvika.
10. mars 2017
Les referat frå Rotarymøte på Kvinnedagen 8. mars og spesielt vår nye medlem Steinar Klokk sitt flotte ego/yrkesforedrag.
23. februar 2017
Les om Sykkylven Rotaryklubb sitt flotte og interessante besøk hos Ove Glas og Fasader på "Tangholmen" i Straumgjerde.
18. februar 2017
Les referat frå kommunalsjef Eli Otterlei sitt flotte og grundig foredrag om velferdsteknologi
3. februar 2017
Les referat frå Rotarymøte 1. februar der m.a. Arne Hanssen fortalte om korleis han tenker seg den planlagte Designvegen.
3. februar 2017
Rotarymøte 25. januar der bl. a. Kjell Welle fortalte oss litt om teknikken bak dei forskjellige radiosignala.
26. januar 2017
Les Olav sitt referat frå Sykkylven Rotaryklubb sitt besøk ved Peterson Fabrikker her i Sykkylven
14. januar 2017
Les politimester Ingar Bøen sitt foredrag i Sykkylven Rotaryklubb der han orienterte om den nye Politireforma.