Referat frå Rotarymøte hos Torunn
Kjemphol ved Galleri 2 K 15.03.2017:
Denne gangen
hadde rotarianarane i SRK tatt turen til Galleri 2K i Tusvika. Dette ligg svært
idyllisk til ved sjøen. Torunn Kjemphol eig bygningene og det
nemnte lokalet. Ho og sonen Lars Tore
bruker dette til kunstutstillinger. Dei 2 K,ene står for Kjemphol, mor og son.
Torunn
innleia med å fortelle at ho kjem frå eit industristed som heiter Tyssedal. Her
bur det 1000 innbyggere. Ho er utdanna sjukepleier. Då Torunn kom til Sunnmøre,
fann ho sin framtidige ektemann, Lars. Dei har 2 barn saman, ei jente og ein
gut. Sonen Lars Tore er utøvende
kunstner og bur i Oslo. Saman med ektemannen, Lars fekk ho ein stor eigedom ved
Tusvik kai i «medgift». Her har det vore fergekai, butikk, post og gardsdrift
sidan 1880- åra. Det var svigerfar til Torunn, som også heitte Lars, som var
primus motor for drifta. Sonen, Lars var derimot ikkje så interessert i drifta,
og i staden utdanna han seg til jurist.
Då ektemann,
Lars gjekk bort for nokre år sidan, tok Torunn over eigedom og bygninger. Det
huset som utstillingslokala er i, blei oppgradert til dattera sitt bryllaup.
Bl.a. hjalp rotarianer Ove til med nye vindu, og fleire andre rotarymedlemer
tok del i dugnaden med bygget og lokala. Resultatet er blitt eit flott
utstillingslokale for kunst. Men bruken begrenser seg ikkje berre til dette.
Her er også filmklubb med 30 medlemmer, og ein malerklubb som har samling her 2
g. i månaden.
Etter denne
innleiande presentasjonen, viste Torunn oss ein film som tantebarnet Andreas
Sundby hadde laga med mor til Torunn i hovedrollen. Kortfilmen heiter «På besøk
hos Alma Løyning». Den viste mor Alma i ulike aktiviteter: «Fikse
velferdsteknikk ved å kontakte sakkyndige over telefon. Legebesøk og besøk på
kafe». Referent må få lov å bemerke at Torunn ikkje er ulik mor si. Ein sjarmerende
film om ein sjarmerende 90 – år gamal dame.
Torunn hadde
baka ei aldeles fenomenal god kake som vi fekk forsyne oss av. Saman med
kaffien smakte dette aldeles fortreffelig.
Torunn hadde
også innleiingsvis lova oss ei utfordring. Ho åpenbarte at dette skulle bestå i
at rotarianarane i SRK skulle yte sitt bidrag til eit maleri. Kvar og ein
skulle yte kvar sin klatt med farger, og til saman skulle dette bli malerikunst
frå Rotary. Alle som ville fekk prøve seg, men referent må innrømme at han
sneik seg unna med fotografering som påskot.
Kunstverket
blei slett ikkje verst til slutt. Om det blir antatt på haustutstillinga, kan
vel ikkje referent garantere, men flott synes vi det var.
Til slutt
tok president Steven ordet og takka hjertelig for at vi fikk komme på besøk.
Referent synes vi hadde det veldig koselig og stemninga var lødig. Stor
takk til Torunn som hadde lagt til rette for det flotte besøket.
Referent
Jarle Svindseth
3. mai 2016
Kyrkjeparken i Sykkylven, ei perle i sentrum!
Service Above Self – Å gagne andre – kjem av og til ekstra godt til syne hos medlemmene i Sykkylven Rotary Klubb. Til dømes på den årvisse dugnaden i Kyrkjeparken.
24. februar 2016
I dag hadde vi besøk av Jarle Strømmegjerde som heldt et interessant foredrag om SNU og aktivitetane der. Sjekk gjerne denne heimesida: http://www.skaparglede.no
20. oktober 2015
Onsdag 14,. oktober hadde vi besøk av guvernør Odd Jarle Hagen og ass. guvernør John Stenes
9. juli 2015
Det opne møtet i Sykkylven Rotary Klubb sist onsdag samla fram mot førti medlemmer og gjester. Alle ville dei høyre det som konstituert administrerande direktør i Helse Møre og Romsdal, Dag Hårstad, hadde å seie om sjukehusstruktur og spesialhelsetenesten
21. mars 2015
Distrikt 2305 inviterte tillitsvalde i klubben til seminar 21.mars 2015, på Quality Hotel Waterfront i Ålesund. Biletet viser samlinga i plenum før lunsj.