Marit Akslen besøker Sykkylven Rotaryklubb.

Les referat frå Tekstilkunstner Marit Akslen sitt besøk i Sykkylven Rotaryklubb der ho presenterer sin kunst


Referat frå Rotarymøte 22.03.2017:

 President Steven ønska vel møtt til dette møtet 22. mars. Pga. Blue Horn - konsert i Kyrkja var dette møtet ein time tidligere enn vanleg, kl 18:00. Dette var møtetidspunktet den tid referent blei medlem i Sykkylven Rotaryklubb. I kveld var tekstilkunstner Marit Akslen gjest. Ho ville halde foredrag om seg sjølv som kunstner og vise bilder frå tekstilkunsten sin.  Marit var ikkje åleine  kunstner ved møtet vårt: Ragnhild Heggdal og Torunn Kjemphol var også gjester. Stor og velfortjent applaus.

Presidenten tok for seg noko av det som har hendt opp i gjennom historia denne datoen 22. mars:

Paula og Pauline har namnedag. I 1888 blei Football League starta i England. I dag er det FN sin Internasjonale Dag For Vatn. Brødrene Lumiere viste historien sin første film i 1888. Og til vår tid: Kosmonaut Poljakov frå Russland retunerer tilbake til Jorda etter 438 dager i verdensrommet.

I samband med vårt fine kunstnerbesøk, hadde trubadur Olav funne fram ei vise i Rotaryheftet som låg nært opptil kvelden sitt tema, «Jeg vil male dagen _ _ _ _.» Så sang vi igjennom alle regnbogen sine farger, og kva vi ville male med desse. Tekst er av Ebba Munch.

Sekretær Knut Henning kunne fortelle at det er Geir Brekke og Odd Jostein sin tur til BUAS- besøk. Ved Galleribesøket til Torunn Kjemphol var det 22 besøkende. Dette ga, når ein tek omsyn til permisjoner og fråver frå møteplikt, eit frammøte på 63 %.

Knut Henning fortsatte med 3 minutt: Denne gangen tok han på seg eigedomsmeglerhatten. Han representerer Aursnes & Partners Sykkylven. Han fortel at firmaet har tatt over ein stor del av eigedomsalgmarkedet i Sykkylven, ca. 80 % i 2016. Dette uten å annonsere i blad og aviser i det heile tatt. Korleis kan dette gå til? Knut Henning fortel at dei har gått inn i eit firma som heiter Partners Target. Dette er ei digital annonseplattform. Her blir alle digitale spor ein etterlet seg på nettet spora opp slik at ein kan skreddersy korrekt reklame til den som f.eks. søker seg hus eller leiligheter. Det handler om å treffe rette målgruppa. Dette er framtidas annonsering, meiner Knut Henning. Han kom inn på nemnte tema meir detaljert, men referent våger ikkje å forsøke å gjengi dette.

Etter Rotarykaffi og gode sveler, var det kvelden sin foredragshaldar, Marit Akslen sin tur. Ho fortalte ho var født i 1971. Oppvokst på Emblem. Har bodd i Trondheim i 7 – 8 år. Er utdanna ved Kunsthøgskulen i Bergen, og driv no som tekstilkunstner. Først og fremst er det tekstilkunst for utstillinger ho jobber med, men ho har av og til fått utsmykningsoppdrag.  I 2016 blei ho valgt til Molde Jazzfestival - Kunstner.

Til daglig har ho sin arbeidsplass ved Elvetun, den gamle Hole & Lillebø Fabrikken. Her jobber ho saman med Fotokunstner Geir Morten Brungot og Kjell Gunnar Overøye. Av og til også Heidi Josefsen.

Marit viste oss over 30 bilder av sin tekstilkunst. Første bilde ho viste, som ho fortalte hadde gjort eit stort inntrykk, var Christian Krog sitt maleri: «Albertine i politilegens venteværelse». Dette er eit sosialrealistisk bilde der Krog skildrer den dårlige behandlinga dei prostituerte blei utsatt for. Mykje av Marit sin kunst ber preg av at ho er provosert av uretttferdighet i verda. Bl.a. bruker ho kvitsnipper til å protestere mot kvitsnippforbrytere. Ofte er kunstverka ein kommentar til urettferdige forhold. Mest provosert er ho over dei forholda klesproduksjonsarbeiderne jobber under i Kina. Det bilde, som imponerte referent mest, er av ei syerske som jobber ved symaskina med munnbind. Dette bilde er laga av merkelapper som heng på dei forskjellige klesplagg, f.eks.merke med «Made in Kina.».

I tillegg til skjortekrager, kvitsnipper og merkelapper, er ho allsidig i sin bruk av tekstiler. Eksempel er bukseseler, armer på skjortene, kleshengere, svarte og kvite skosåler m.m.

Marit har kalt kunstverka sine for bl.a.: «Well conected», «Conference room», «No way out», «Kvitsnipp», «Kings of Norway», «Raknende nett», «No fear», «Sale», «Raise to the bottom» og mange fleire som referent ikkje husker namna på. I alle fall vitner kunstverka hennar om stort både sosialt og menneskelig engasjement. Særleg er ho opptatt av det urolige verdensbilde med klimakrise og økologi, økonomisk krise og flyktningekrise/migrasjon.





Eit flott og engasjerande foredrag av Marit. Det var masse spørsmål etterpå, bl.a. anna spurte referent korleis ho livnærte seg av kunsten. Til det svarte ho at ho nok er avhengig av mannens inntekt, men ho har fått såkalla Garantiinntekt frå Staten.  Dette svarer til ei halv lærerlønn. I tillegg har ho inntekter frå utsmykningsoppdrag.

Tilslutt fekk ho ei lita oppmerksomhet frå president Steven som takk for besøket og det flotte foredraget. Han ønske ho lykke til videre. Så var det berre å minne om neste møte om ei veke, takke for i kveld og ønske alle vel heim.

 

Referent

Jarle Svindseth

   

 



 
Ingrid van der Velde:

9. september 2017

Ingrid van der Velde:

Les referat frå Ingrid sitt flotte foredrag: "Frå Norge til Nederland: Sykkylven på godt og vondt".

Landsspeiderleiren i Bodø 2017:

5. september 2017

Landsspeiderleiren i Bodø 2017:

Les kva speidarane hadde å fortelle frå Landsspeiderleiren i Bodø 2017.

Besøk ved den nye Brannstasjonn

5. september 2017

Besøk ved den nye Brannstasjonn

Les referat frå Sykkylven Rotaryklubb sitt besøk ved den nye Brannstasjonen.

Presidentskifte.

29. juni 2017

Presidentskifte.

Les og sjå bilder frå presidentskifte i Sykkylven Rotaryklubb. Bastian tek over som president etter Steven.

May Britt og Prosjekt Filippinene:

26. juni 2017

May Britt og Prosjekt Filippinene:

Les siste Infobrev nr. 20 frå Prosjekt Filipinnene.

Utvekslingsstudent Daniel heldt foredrag på norsk om sitt opphald her i Sykkylven.

17. juni 2017

Utvekslingsstudent Daniel heldt foredrag på norsk om sitt opphald her i Sykkylven.

Les kva Daniel hadde å fortelle frå sitt opphald her i Sykkylven. Sjå også bilder frå "avskjedsfesten".

Kjell Løseth fortel om identitetstjuveri.

13. juni 2017

Kjell Løseth fortel om identitetstjuveri.

Les referat frå møte i SRK der Kjell fortel om identitetstjuveri og mester -identitetstjuv Viggo Johan Ørbak.

Vårt nye medlem Sindre Stuen heldt sitt Egoforedrag 19. april.

22. april 2017

Vårt nye medlem Sindre Stuen heldt sitt Egoforedrag 19. april.

Les Sindre sitt foredrag frå eit spennende liv både til lands og til vanns.

Visepresidenten sin time 5. april.

8. april 2017

Visepresidenten sin time 5. april.

Les kva visepresident Bastian hadde å fortelle frå Presidentkurset (PETS) på Dombås 1. og 2. april. Les også kva sokneprest Helge fortalte om sin situasjon etter oppseiinga av sin jobb som prest.

Fredrik Støyva Emblem frå Ålesund Kunnskapspark (åkp)besøker Sykkylven Rotaryklubb

1. april 2017

Fredrik Støyva Emblem frå Ålesund Kunnskapspark (åkp)besøker Sykkylven Rotaryklubb

Les referat frå det interessante og framtidsretta foredraget som Fredrik heldt 29. mars i Sykkylven Rotaryklubb.

Sosiale medier

Møteinformasjon

Møtested: Bibliotekjelleren
Adresse: Pilgata 10, 6230 Sykkylven
Postnummer: 6230
Sted: Sykkylven
Land: NO
Møtedag: Onsdag
Møtetid: 19:00
Møtespråk: no

Place content here

Møtearkiv fra
før August 2022



rotary lenker

Nyheter fra
rotary INTERNATIONAL:

Loading RSS...

Nytt fra Rotary i Norge

District - Rotary RSS