Referat frå Rotarymøte
22.03.2017:
Presidenten tok for seg noko av det som har hendt opp i
gjennom historia denne datoen 22. mars:
Paula og Pauline har namnedag. I 1888 blei Football League
starta i England. I dag er det FN sin Internasjonale Dag For Vatn. Brødrene
Lumiere viste historien sin første film i 1888. Og til vår tid: Kosmonaut
Poljakov frå Russland retunerer tilbake til Jorda etter 438 dager i
verdensrommet.
I samband med vårt fine kunstnerbesøk, hadde trubadur Olav
funne fram ei vise i Rotaryheftet som låg nært opptil kvelden sitt tema, «Jeg
vil male dagen _ _ _ _.» Så sang vi igjennom alle regnbogen sine farger, og kva
vi ville male med desse. Tekst er av Ebba Munch.
Sekretær Knut Henning kunne fortelle at det er Geir Brekke
og Odd Jostein sin tur til BUAS- besøk. Ved Galleribesøket til Torunn Kjemphol
var det 22 besøkende. Dette ga, når ein tek omsyn til permisjoner og fråver frå
møteplikt, eit frammøte på 63 %.
Knut Henning fortsatte med 3 minutt: Denne gangen tok han på
seg eigedomsmeglerhatten. Han representerer Aursnes & Partners Sykkylven.
Han fortel at firmaet har tatt over ein stor del av eigedomsalgmarkedet i
Sykkylven, ca. 80 % i 2016. Dette uten å annonsere i blad og aviser i det heile
tatt. Korleis kan dette gå til? Knut Henning fortel at dei har gått inn i eit
firma som heiter Partners Target. Dette er ei digital annonseplattform. Her
blir alle digitale spor ein etterlet seg på nettet spora opp slik at ein kan
skreddersy korrekt reklame til den som f.eks. søker seg hus eller leiligheter.
Det handler om å treffe rette målgruppa. Dette er framtidas annonsering, meiner
Knut Henning. Han kom inn på nemnte tema meir detaljert, men referent våger
ikkje å forsøke å gjengi dette.
Etter Rotarykaffi og gode sveler, var det kvelden sin
foredragshaldar, Marit Akslen sin tur. Ho fortalte ho var født i 1971. Oppvokst
på Emblem. Har bodd i Trondheim i 7 – 8 år. Er utdanna ved Kunsthøgskulen i
Bergen, og driv no som tekstilkunstner. Først og fremst er det tekstilkunst for
utstillinger ho jobber med, men ho har av og til fått utsmykningsoppdrag. I 2016 blei ho valgt til Molde Jazzfestival -
Kunstner.
Til daglig har ho sin arbeidsplass ved Elvetun, den gamle
Hole & Lillebø Fabrikken. Her jobber ho saman med Fotokunstner Geir Morten
Brungot og Kjell Gunnar Overøye. Av og til også Heidi Josefsen.
Marit viste oss over 30 bilder av sin tekstilkunst. Første
bilde ho viste, som ho fortalte hadde gjort eit stort inntrykk, var Christian
Krog sitt maleri: «Albertine i politilegens venteværelse». Dette er eit
sosialrealistisk bilde der Krog skildrer den dårlige behandlinga dei
prostituerte blei utsatt for. Mykje av Marit sin kunst ber preg av at ho er
provosert av uretttferdighet i verda. Bl.a. bruker ho kvitsnipper til å
protestere mot kvitsnippforbrytere. Ofte er kunstverka ein kommentar til
urettferdige forhold. Mest provosert er ho over dei forholda klesproduksjonsarbeiderne
jobber under i Kina. Det bilde, som imponerte referent mest, er av ei syerske
som jobber ved symaskina med munnbind. Dette bilde er laga av merkelapper som
heng på dei forskjellige klesplagg, f.eks.merke med «Made in Kina.».
I tillegg til skjortekrager, kvitsnipper og merkelapper, er
ho allsidig i sin bruk av tekstiler. Eksempel er bukseseler, armer på
skjortene, kleshengere, svarte og kvite skosåler m.m.
Marit har kalt kunstverka sine for bl.a.: «Well conected»,
«Conference room», «No way out», «Kvitsnipp», «Kings of Norway», «Raknende
nett», «No fear», «Sale», «Raise to the bottom» og mange fleire som referent
ikkje husker namna på. I alle fall vitner kunstverka hennar om stort både
sosialt og menneskelig engasjement. Særleg er ho opptatt av det urolige
verdensbilde med klimakrise og økologi, økonomisk krise og
flyktningekrise/migrasjon.
Eit flott og engasjerande foredrag av Marit. Det var masse
spørsmål etterpå, bl.a. anna spurte referent korleis ho livnærte seg av
kunsten. Til det svarte ho at ho nok er avhengig av mannens inntekt, men ho har
fått såkalla Garantiinntekt frå Staten.
Dette svarer til ei halv lærerlønn. I tillegg har ho inntekter frå
utsmykningsoppdrag.
Tilslutt fekk ho ei lita oppmerksomhet frå president Steven
som takk for besøket og det flotte foredraget. Han ønske ho lykke til videre.
Så var det berre å minne om neste møte om ei veke, takke for i kveld og ønske
alle vel heim.
Referent
Jarle Svindseth
15. november 2024
Onsdag 13. november fekk vi besøk av Sykkylven Røde Kors ved Jon Erdal som fortalde om alt det flotte arbeidet dei gjer for bygda både innan omsorg og i hjelpekorpset. Vi fekk eit godt innsyn i det viktige arbeidet dei gjer.
22. oktober 2024
Rotary held fram kampen mot polio –
Rotary-klubber verden over held fram kampen mot polio, og no har innbyggjarane i Stranda og Sykkylven ei unik moglegheit til å bidra. Ved å gi til lokalt Vipps-nummer 134399 kan du bidra.
20. oktober 2024
Hvert bidrag teller i kampen mot polio! Visste du at når du gir penger til Polio plus, tredobles effekten av din gave? For hver krone du gir, matcher Bill og Melinda Gates med to kroner. Sammen kan vi stoppe polio én gang for alle! Vipps til 134399
19. oktober 2024
Fare for internasjonal spredning gjør fortsatt polio til en internasjonal folkehelsekrise, sier Verdens helseorganisasjon (WHO), som har som mål å utrydde polio innen 2027. Så lenge det fortsatt er i polio i verden, er det fare for spredning.
17. oktober 2024
«Polio er en fryktelig sykdom», sier Anita. Det er smerter, lammelser, operasjoner, seinskader. Kort sagt mye «tapt liv». «Vi må gjøre alt vi kan for å utrydde Polio!», fortsetter hun.
18. mai 2019
President Greta leia Presidenten sin time på beste vis, og fordelte orda mellom Geir Løseth, 3-minutt, og innkommande president Petter Velle, som orienterte om kommande Rotary-år 2019-2020
22. januar 2019
Friluftsmannen Terje Aurdal besøkte Sykkylven Rotaryklubb og tok medlemmene med på ein forvitneleg tur på ski, på sykkel og i kano frå Grense - Jakobselv i Finnmark, gjennom Finland og Sverige til Sulitjelma og heilt til Lindesnes.
10. februar 2018
Les referat frå Presidenten sin time med Vinlotteri.
11. januar 2018
Les referat av ordfører Odd Jostein si orientering om stoda i Sykkylven Kommune.
6. januar 2018
Les Olav sitt flotte referat frå Presidenten sin time 3. januar.