Rotary-møte 3. mai 2017:
(«Presidenten sin time»):
President Steven ønska vel møtt til dette Rotary-møte som
også var presidenten sin time.
Som vanlig tok han for seg noko av det som har hendt denne
datoen opp i gjennom historia:
I 1857 blei Norsk Vitenskapsakademi stifta. I 1928 stifta
Roald Amundsen Norsk Aeroklubb. Melodi Grand Prix blei arrangert i Bergen i 1986. 3
mai er Polen sin nasjonaldag og FN sin "Internasjonale dag for Pressefridom".
Trubadur Olav hadde som vanlig funne ein matchene Rotary-sang:
«Kom mai du skjønne milde». Melodi av sjølveste Mozart og tekst av D. Jæger.
Olav hadde denne gang skifta ut gitaren med pianoet.
Same Olav hadde også møtt May Brit Tynes på gata i sentrum
her i Sykkylven. May Brit ville gjerne takke Sykkylven Rotaryklubb for økonomiske støtte til «Prosjekt Filippinene». Dette fikk ho høve til ved at ho
las si helsing inn i Olav sin Iphone. Ved hjelp av ein digital høgtaler, fikk
vi høyre helsinga på møtet vårt. Ho passa på å understreke at ho gjerne ville
kome å besøke oss når det passa oss.
President Steven heldt sjøl 3- minutt. Han fortalte og viste
bilde frå ein tur han og kona gjorde til fjellheimen i Norangsdalen. Dette
skjedde søndag 30. april. Turen tok utgangspunkt frå Villa Norangsdal der Iris
Fivelstad er leier. Derifrå gjekk dei på ski til fjellet Bleiå 1420 m.o.h.
Veret var praktfullt med sol frå skyfri himmel. Frå toppen var det praktfull
utsikt utover fjor og fjellheim. Bl.a. såg dei ned til Urke og Hjørundfjord, og
til fjella Jakta, Slogen, Kvitegga og Høndalsrokken. Då dei kom tilbake til Vertshuset, møtte dei
Iris Fivelstad, og Anne Grete fekk lov til å bilder av dei ærverdige og flotte romma.
Konklusjonen til Steven var at det hadde vore ein fantastisk fin tur.
Så var det Rotarykaffi og Vinlotteri.
Presidenten gjorde det så lett for referent. Resten av møtet
var det kaffe, kaker og sosialt prat. Referent hadde ein hyggelig passiar med
Sindre og Petter.
Til slutt takka Steven for oppmøtet og minte om at det er
forandring i programmet neste veke. Ronny Utgård var opptatt med
fotballturnering. I staden har vi fått sjølveste Frank Sve som vil snakke om Regional
Utvikling. Så ønska presidenten alle vel heim.
Referent
Jarle Svindseth
3. mai 2016
Kyrkjeparken i Sykkylven, ei perle i sentrum!
Service Above Self – Å gagne andre – kjem av og til ekstra godt til syne hos medlemmene i Sykkylven Rotary Klubb. Til dømes på den årvisse dugnaden i Kyrkjeparken.
24. februar 2016
I dag hadde vi besøk av Jarle Strømmegjerde som heldt et interessant foredrag om SNU og aktivitetane der. Sjekk gjerne denne heimesida: http://www.skaparglede.no
20. oktober 2015
Onsdag 14,. oktober hadde vi besøk av guvernør Odd Jarle Hagen og ass. guvernør John Stenes
9. juli 2015
Det opne møtet i Sykkylven Rotary Klubb sist onsdag samla fram mot førti medlemmer og gjester. Alle ville dei høyre det som konstituert administrerande direktør i Helse Møre og Romsdal, Dag Hårstad, hadde å seie om sjukehusstruktur og spesialhelsetenesten
21. mars 2015
Distrikt 2305 inviterte tillitsvalde i klubben til seminar 21.mars 2015, på Quality Hotel Waterfront i Ålesund. Biletet viser samlinga i plenum før lunsj.