Referat frå Rotarymøte
10. mai 2017:
President Steven ønska alle vel møtt til dette Rotary-møte
10 mai. Han presenterte dagens gjest Frank Sve som ville holde innlegg om
Regionutvikling.
Som vanlig nemnte han noko av det som har skjedd denne
datoen opp gjennom historia: I 1897 blei Einar Gerhardsen født. I 1937 blei «far»
til Oluf, Arthur Artzen født. I 1941 flaug Rudolf Hess i hemmelighet til
Storbritannia, og blei straks arrestert. Ol mester på 1500 m skøyter, Ådne
Søndrål, blei født i 1971. Dei første allierte styrker kom til Norge i 1945. Og
til sist, men ikkje minst, blei Nelson Mandela president i Sør Afrika i 1994.
I trubadur Olav sitt fråver hadde presidenten valgt ein
relativt vanskelig sang å synge uten akkompangnement, nemlig «Jeg vil male dagen
- - » Med særlig Ingjerd si hjelp, kom
vi oss greit igjennom alle fargene vi skulle male dagen med.
Bilde over: Ingjerd under full utfoldelse under Rotarysangen.
I sekretær sitt fråver fortalte Steven at ved dugnaden i
Kyrkjeparken var det 16 frammøtte. Det gav frammøteprosent på 42. 3 mai var det 24 frammøtte og 60 %.
Det var ikkje mindre enn seks rotarianer som har bursdag
kommende dager i mai. Det gjekk litt kjapt for referent, så han kan ikkje
gjengi bursdagene. Når han får bedre tid, vil han gå inn i medlemsregisteret og
ajourføre dei på Websida.
3- minutt var denne gangen ved Rolf: Han fortalte at han har
hatt fiske som hobby heile livet. I sin barndom og ungdom dreiv han med bl.a.
med trankokeri samen med far sin. Elles laksefiske med laksenot. Saman med Per
Furnes har han hatt båt og drive med rekefiske. Dreiv det så langt her at han
fikk «løt», altså lott eller andel av utbytte av fangsten.
For å videreføre den flotte fiskehobbyen, reiste kona Helga
og han til Lofoten og Henningsvær for å overvære Lofotfiske. Han fortel at han
blei veldig fasinert av dei store mengdene med skrei som blei tatt på land og
ført til mottaka i Henningsvær. I følge Rolf, blir det tatt i land tilsvarende
2.5 mrd torskemåltid årlig i Lofotfiske. Etter gyting vender skreien tilbake
til Barentshavet, der fleire nasjoner driv nokså utstrakt fiske. Likevel kjem
det veldige mengder torsk tilbake til Lofoten for å gyte neste år.
Etter Rotary – kaffe, var vi spente på kva Frank Sve hadde å
sei om regionsutvikling. Han starta med å fortelle at han er medlem i
Fylkestinget og er gruppeleder, og leder for plannemnda i samferdselsutvalget.
Han fortsatte videre med å argumenterte han kvifor Stranda og Sykkylven burde slå seg
samen. Dette ville gi sterkere muskler både helse, sosialt, teknisk og
økonomisk. Stranda og Sykkylven er kanskje dei kommunene i Møre og Romsdal som
er mest like både geografisk og når det gjeld næringsliv. Derimot var Frank
meir skeptisk til sammenslåing med Ålesund og mindre kommuner som Norddal og
Stordal. Dette på grunn av altfor stor forskjell både mentalt og i næringsliv.
Skeptisk var Frank også til at Møre og Romsdal skulle slå
seg samen med andre regioner. Vi er Norges nest største eksportfylke, og å
samarbeide enten nord eller sørover var han veldig skeptisk til. Dessuten ville
avstandene bli veldig store, og der M &R lett ville bli dominert enten av
Bergen eller Trondheim.
Frank er svært entusiastisk når det gjeld samferdsel. Etter
knallhard jobbing, er det no klart for Nordøysambandet der Nordøyane blir
landfast via undersjøiske tunneler og bruer. Dette er budsjettert til 3,4 mrd
kroner. Kan ein forsvare å bruke så masse penger til å gjere desse øyene
landfaste? Trass alt er det berre 3000 mennesker som bor her. Nøkkelordet har
er fristilte ferjemidler. Når ein tek med kva det koster å kjøpe inn eller å
leige ferjer, pluss kva det koster å drifte og halde ved like ferjene, og at tilslutt Fylkeskommunen likevel må betale inn
årlig underskudd, vil dette lønne seg økonomisk. Dersom ein tek med disse fristilte
midlene, i tillegg til å bruke ferjebillettprisen til å betale bompenger, vil prosjektet gå med
overskot.
Når det gjeld Nordøysambandet, er fristilte ferjemidler ein
stor del av finansieringa. Når det gjeld Storfjordsambandet vil det bli mindre
fristilte ferjemidler og meir bompenger. For øyeblikket er trafikken over
Storfjorden ikkje stor nok til at ei hengebru let seg finansiere med billetter
og ferjeavløsningsmidler. Men Frank meiner at når både Ørsneset – Magerholm og
Hareid – Sulesund får henholdsvis 2 og 3 toppmoderne elektriske ferjer, vil
dette auke trafikkgrunnlaget såpass at Storfjordsambandet let seg realisere.
Frank fekk spørsmål om korleis det går med tunnelen mellom
Stranda og Sykkylven (Hole –Engeset). Her meiner han at trafikkgrunnlaget er
meir enn stort nok til at denne lett let seg finansiere. Det som det no står på,
er at kommunene er seine med å regulere områda rundt tunnelåpningene. Så snart dette er på plass, burde ein kunne gå
i gang med tunnelarbeidet.
Ein annen flaskehals for samferdselen er Horningdalsvegen.
Frank fortel at Volda og Horningdal vil slå seg saman. Då vil Horningdal bli
ein del av Sunnmøre, med det resultat at den sårt tiltrengte vegen vil bli mykje høgere prioritert.
Eit anna moment Frank ber oss ha i tankene, er
synergieffekten dei forskjellige samferdselsprosjekt har. Her vil det kome inn
lokale maskinentreprenører, den lokale handelen vil ta seg opp osv.
Frank fortalte at han gjerne kunne fortsatt eit par timer
til om sitt store engasjement for samferdselen
i Møre og Romsdal, men tida strekte ikkje til. Eit foredrag som
engasjerte rotarianerene i Sykkylven veldig. Referent vil få lov å legge til at
det er ei fryd å høyre på personer som både er så kunnskapsrike, så engasjerte
og så visjonære som Frank. Vi ønsker han lykke til med framtidige prosjekt i
Møre og Romsdal.
President Steven overrakte ei lita oppmerksomhet for det
engasjerende foredrag. Tilslutt kom Steven med
den triste beskjeden at han hadde beslutta å avlyse Rotary-turen 21. mai
på grunn av manglende påmelding. Neste møte blir derfor 31. mai. Så takka han
for frammøte og ønska alle vel heim.
Referent
Jarle Svindseth
9. september 2017
Les referat frå Ingrid sitt flotte foredrag: "Frå Norge til Nederland: Sykkylven på godt og vondt".
5. september 2017
Les kva speidarane hadde å fortelle frå Landsspeiderleiren i Bodø 2017.
5. september 2017
Les referat frå Sykkylven Rotaryklubb sitt besøk ved den nye Brannstasjonen.
29. juni 2017
Les og sjå bilder frå presidentskifte i Sykkylven Rotaryklubb. Bastian tek over som president etter Steven.
26. juni 2017
Les siste Infobrev nr. 20 frå Prosjekt Filipinnene.
17. juni 2017
Les kva Daniel hadde å fortelle frå sitt opphald her i Sykkylven. Sjå også bilder frå "avskjedsfesten".
13. juni 2017
Les referat frå møte i SRK der Kjell fortel om identitetstjuveri og mester -identitetstjuv Viggo Johan Ørbak.
22. april 2017
Les Sindre sitt foredrag frå eit spennende liv både til lands og til vanns.
8. april 2017
Les kva visepresident Bastian hadde å fortelle frå Presidentkurset (PETS) på Dombås 1. og 2. april. Les også kva sokneprest Helge fortalte om sin situasjon etter oppseiinga av sin jobb som prest.
1. april 2017
Les referat frå det interessante og framtidsretta foredraget som Fredrik heldt 29. mars i Sykkylven Rotaryklubb.