Frank Sve heldt foredrag om Regionutvikling 10. mai.

Les referat frå Frank Sve sitt foredrag i Sykkylven Rotaryklubb 10. mai.

Referat frå Rotarymøte 10. mai 2017:

President Steven ønska alle vel møtt til dette Rotary-møte 10 mai. Han presenterte dagens gjest Frank Sve som ville holde innlegg om Regionutvikling.

Som vanlig nemnte han noko av det som har skjedd denne datoen opp gjennom historia: I 1897 blei Einar Gerhardsen født. I 1937 blei «far» til Oluf, Arthur Artzen født. I 1941 flaug Rudolf Hess i hemmelighet til Storbritannia, og blei straks arrestert. Ol mester på 1500 m skøyter, Ådne Søndrål, blei født i 1971. Dei første allierte styrker kom til Norge i 1945. Og til sist, men ikkje minst, blei Nelson Mandela president i Sør Afrika i 1994.


I trubadur Olav sitt fråver hadde presidenten valgt ein relativt vanskelig sang å synge uten akkompangnement, nemlig «Jeg vil male dagen - - »  Med særlig Ingjerd si hjelp, kom vi oss greit igjennom alle fargene vi skulle male dagen med.


Bilde over: Ingjerd under full utfoldelse under Rotarysangen.

I sekretær sitt fråver fortalte Steven at ved dugnaden i Kyrkjeparken var det 16 frammøtte. Det gav frammøteprosent på 42.  3 mai var det 24 frammøtte og 60 %.

Det var ikkje mindre enn seks rotarianer som har bursdag kommende dager i mai. Det gjekk litt kjapt for referent, så han kan ikkje gjengi bursdagene. Når han får bedre tid, vil han gå inn i medlemsregisteret og ajourføre dei på Websida.

3- minutt var denne gangen ved Rolf: Han fortalte at han har hatt fiske som hobby heile livet. I sin barndom og ungdom dreiv han med bl.a. med trankokeri samen med far sin. Elles laksefiske med laksenot. Saman med Per Furnes har han hatt båt og drive med rekefiske. Dreiv det så langt her at han fikk «løt», altså lott eller andel av utbytte av fangsten.

For å videreføre den flotte fiskehobbyen, reiste kona Helga og han til Lofoten og Henningsvær for å overvære Lofotfiske. Han fortel at han blei veldig fasinert av dei store mengdene med skrei som blei tatt på land og ført til mottaka i Henningsvær. I følge Rolf, blir det tatt i land tilsvarende 2.5 mrd torskemåltid årlig i Lofotfiske. Etter gyting vender skreien tilbake til Barentshavet, der fleire nasjoner driv nokså utstrakt fiske. Likevel kjem det veldige mengder torsk tilbake til Lofoten for å gyte neste år.

Etter Rotary – kaffe, var vi spente på kva Frank Sve hadde å sei om regionsutvikling. Han starta med å fortelle at han er medlem i Fylkestinget og er gruppeleder, og leder for plannemnda i samferdselsutvalget.


Han fortsatte videre med å argumenterte han  kvifor Stranda og Sykkylven burde slå seg samen. Dette ville gi sterkere muskler både helse, sosialt, teknisk og økonomisk. Stranda og Sykkylven er kanskje dei kommunene i Møre og Romsdal som er mest like både geografisk og når det gjeld næringsliv. Derimot var Frank meir skeptisk til sammenslåing med Ålesund og mindre kommuner som Norddal og Stordal. Dette på grunn av altfor stor forskjell både mentalt og i næringsliv.

Skeptisk var Frank også til at Møre og Romsdal skulle slå seg samen med andre regioner. Vi er Norges nest største eksportfylke, og å samarbeide enten nord eller sørover var han veldig skeptisk til. Dessuten ville avstandene bli veldig store, og der M &R lett ville bli dominert enten av Bergen eller Trondheim.

Frank er svært entusiastisk når det gjeld samferdsel. Etter knallhard jobbing, er det no klart for Nordøysambandet der Nordøyane blir landfast via undersjøiske tunneler og bruer. Dette er budsjettert til 3,4 mrd kroner. Kan ein forsvare å bruke så masse penger til å gjere desse øyene landfaste? Trass alt er det berre 3000 mennesker som bor her. Nøkkelordet har er fristilte ferjemidler. Når ein tek med kva det koster å kjøpe inn eller å leige ferjer, pluss kva det koster å drifte og halde ved like ferjene, og at tilslutt  Fylkeskommunen likevel  må betale inn årlig underskudd, vil dette lønne seg økonomisk. Dersom ein tek med disse fristilte midlene, i tillegg til å bruke ferjebillettprisen til  å betale bompenger, vil prosjektet gå med overskot.

Når det gjeld Nordøysambandet, er fristilte ferjemidler ein stor del av finansieringa. Når det gjeld Storfjordsambandet vil det bli mindre fristilte ferjemidler og meir bompenger. For øyeblikket er trafikken over Storfjorden ikkje stor nok til at ei hengebru let seg finansiere med billetter og ferjeavløsningsmidler. Men Frank meiner at når både Ørsneset – Magerholm og Hareid – Sulesund får henholdsvis 2 og 3 toppmoderne elektriske ferjer, vil dette auke trafikkgrunnlaget såpass at Storfjordsambandet let seg realisere.

Frank fekk spørsmål om korleis det går med tunnelen mellom Stranda og Sykkylven (Hole –Engeset). Her meiner han at trafikkgrunnlaget er meir enn stort nok til at denne lett let seg finansiere. Det som det no står på, er at kommunene er seine med å regulere områda rundt tunnelåpningene.  Så snart dette er på plass, burde ein kunne gå i gang med tunnelarbeidet.

Ein annen flaskehals for samferdselen er Horningdalsvegen. Frank fortel at Volda og Horningdal vil slå seg saman. Då vil Horningdal bli ein del av Sunnmøre, med det resultat at den sårt tiltrengte vegen  vil bli mykje høgere prioritert.

Eit anna moment Frank ber oss ha i tankene, er synergieffekten dei forskjellige samferdselsprosjekt har. Her vil det kome inn lokale maskinentreprenører, den lokale handelen vil ta seg opp osv.  

Frank fortalte at han gjerne kunne fortsatt eit par timer til om sitt store engasjement for samferdselen  i Møre og Romsdal, men tida strekte ikkje til. Eit foredrag som engasjerte rotarianerene i Sykkylven veldig. Referent vil få lov å legge til at det er ei fryd å høyre på personer som både er så kunnskapsrike, så engasjerte og så visjonære som Frank. Vi ønsker han lykke til med framtidige prosjekt i Møre og Romsdal.

President Steven overrakte ei lita oppmerksomhet for det engasjerende foredrag. Tilslutt kom Steven med  den triste beskjeden at han hadde beslutta å avlyse Rotary-turen 21. mai på grunn av manglende påmelding. Neste møte blir derfor 31. mai. Så takka han for frammøte og ønska alle vel heim.

Referent

Jarle Svindseth

  


 
Julemøte i Sykkylven Rotaryklubb 21.des. 2016.

22. desember 2016

Julemøte i Sykkylven Rotaryklubb 21.des. 2016.

Les om det tradisjonelle Julemøtet i Sykkylven Rotaryklubb.

Lars P. Riksheim Treindustrier

1. november 2016

Lars P. Riksheim Treindustrier

Les og sjå bilde frå Sykkylven Rotaryklubb sitt bedriftsbesøk 26. oktober 2016

Verda sin poliodag 24. oktober

23. oktober 2016

Verda sin poliodag 24. oktober

Sjå og les korleis SRK valgte å markere denne dagen.

Guvernørbesøk og to nye medlemmer i SRK

22. oktober 2016

Guvernørbesøk og to nye medlemmer i SRK

Stranda Rotaryklubb inviterte til intercitymøte på Stranda Hotel, onsdag 19. oktober, i høve guvernørbesøk frå D 2305.

Utvekslingsstudent frå Brasil til Sykkylven

22. august 2016

Utvekslingsstudent frå Brasil til Sykkylven

Les om Daniel Pedroso som har kome den lange vegen frå Brasil til Sykkylven

Verdenspresidenten i Rotary 2016/2017: John F. Germ

2. august 2016

Verdenspresidenten i Rotary 2016/2017: John F. Germ

Les meir om den nye Verdenspresidenten på Nyhendesida vår.

President i SRK 2016-2017. Klubben har passert 60 år.

7. juli 2016

President i SRK 2016-2017. Klubben har passert 60 år.

Ny president i Sykkylven Rotary Klubb 2016-2017 er Steven Blindheim. Presidentskiftet var 29. juni, og 6. juli leia Steven sitt første ordinære rotarymøte. Mellom anna orienterte han om klubben, som nettopp har passert sine 60 år. Charterdato er 5. juli.

Rico Bil AS: Blomstrande bedrift med bil i fokus!

4. juli 2016

Rico Bil AS: Blomstrande bedrift med bil i fokus!

Bedriftbesøk til Rico Bil AS i Ålesund sto på programmet 13. april 2016. Vi vart tekne særs godt i mot av dagleg leiar Jorunn Lundanes og noverande konsulent Fred J. Rishaug. Han grunnla bedrifta i 1988 og sto for leiinga til 2014 då Jorunn tok over.

Bedriftsbesøk til Nyborg AS

27. juni 2016

Bedriftsbesøk til Nyborg AS

Sykkylven Rotary Klubb: Bedriftsbesøk 15. juni 2016 hos Nyborg AS, Sykkylven. http://nyborgfan.com/ Bedrifta produserer vifter og utstyr til ventilasjon i skip, oljeplattformer og alle leveransane blir "skreddarsydde" etter kunden sine behov.

Gardsbesøk

28. mai 2016

Gardsbesøk

Gardsbesøk 25. mai hosBastian

Sosiale medier

Møteinformasjon

Møtested: Bibliotekjelleren
Adresse: Pilgata 10, 6230 Sykkylven
Postnummer: 6230
Sted: Sykkylven
Land: NO
Møtedag: Onsdag
Møtetid: 19:00
Møtespråk: no

Place content here

Møtearkiv fra
før August 2022



rotary lenker

Nyheter fra
rotary INTERNATIONAL:

Loading RSS...

Nytt fra Rotary i Norge

District - Rotary RSS