Rotarymøte 20.03.2019: Nils Arve Kjemphol Schwartz: "Nofence"

Les referat frå rotarymøte 20.03. om Nils Arve si orientering om "Nofence".


Referat frå Rotarymøte 20.03.2019:

President Greta ønska alle vel møtt, og spesielt kvelden sin gjest, Arild Sporsheim. Greta kunne opplyse at Arild og Knut Molnes blir tatt opp som medlemmer ved Årsfesten,  5. april.

Som vanlig litt om dagen sin dato: Joakim har namnedag. Det betyr:  «Jahve har oppretta». Kim er ei avledning av Joakim.

I 1814 rømte Napoleon tilbake til Frankrike frå øya Elba. Han tok over makta, men dette varte ikkje så lenge. Etter 100 dager blei han beseira av ein felles europeisk hær ved Waterloo. Blei så forvist til den fjerne øya St. Helena.


Vår store dramatiker, Henrik Ibsen, blei født denne dato i 1828. I 1916 publiserte Albert Einstein sin relativitetsteori. I 1942 blei 1200 lærere arrestert og depotert til Kirkenes. Dette fordi dei nekta å bli med på nazifisering av norsk skule. Tunisia blei sjølstendig i 1956. Bursdager denne dato: Minken Fossheim, født i 1956. Døde 7. juni i 2018. Alpinutøver, Hans Petter Buraas (Burre) født 1975. Høgdepunktet i karriera er OL- gull i slalåm i 1998.  

Ord for kvelden av sjølvaste, Isaac Newton: «Mennesker bygger for mange murer og for få bruer». Her har Jan sitt på det tørre.

Trubadur Olav hadde vore på konsert med Elisabeth Andreassen (Bettan). Her hadde han lurt seg til å filme sangen, «Danse mot vår». Men før denne blei avspelt, tillet han seg å minne om at denne datoen, 20. mars 2019 er det vårjevndøgn. Kl. 22:58 står sola loddrett på ekvator. Natt og dag er like lange over heile jorda.

Sekretær Knut Henning opplyste at det er Ove og Sindre som står for tur til BUAS-besøk. Forrige møte var det 18 frammøtte. Men sidan det var mange permisjoner og fritekne for møteplikt, gav det likevel 51 % frammøte.

Kvelden sitt 3- minutt var ved Arvid Nordstrand: Han fortalte om arbeidsplassen sin, Nyborg. 


Bilde: Nyborg til ve. og eit av produkta til hø.:

Her har Arvid jobba i 50 år. Det har vore ei veldig utvikling frå Alfred Nyborg og far til Arvid starta verksemda i ei løe på Nyborg, til dagen sitt store industribygg. I byrjinga blei det bygd maskiner for industrien. Seinare vifteproduksjon for båter, noko som krevde større lokaler. Virkelig fart på satsinga blei det då Magne Klokk tok over som bedriftsleier og Harald Løseth som styreformann. Dei to meinte at dersom Nyborg skulle ha ei framtid, måtte ein satse på storskala vifter. Produksjonen har vore vifter til offshoreindustrien. Då det blei dårlegere tider, måtte ei finne ny satsingsområder. No blir det m.a. produsert tunellvifter og varmerister til skip som skal ferdast i polare strøk. Oljeindustrien har begynt å ta seg opp og det blir no produsert aggregat til denne. Nyborg er ei bedrift som eksporterer produkt til m.a. Frankrike, Korea, Spania og Nederland.

Omsetninga ved Nyborg her i Sykkylven var på 72 mill. kr i 2018. Det er 30 ansatte. Det er også to søsterbedrifter i Polen, Nyborg Mawent og NM Designoffice.

Eit informativt og interessant 3 minutt ved Arvid.

 

Nils Arve om «Nofence».

Etter Rotarykaffe og gode laksesmørbrød var det vår rotaryven, Nils Arve sin tur å snakke om noko som heiter «Nofence». Kva er no dette? Det er, dersom ein oversetter frå engelsk, «Ingen gjerde». Altså ikkje noko fysisk gjerde, men derimot eit virtuelt.


For ca. 10 år sidan begynte Oskar Hovde Berntsen (bilde) å utvikle dette. Det er etter kvart blitt veldig funksjonelt og anvendelig. Det er mest geiter ein har brukt dette på. Ein klave med mottaker og sender, som er delvis batteri- og delvis solcellepanel drevet, blir festa rundt halsen på geita. Denne klaven får posisjonssignal frå GPS-satelitt. Denne posisjonen blir sendt vidare til mobilnettverket og Nofence-serveren, som så sender signalet til geitebonden sin mobiltelefon. Då vil bonden til ei kvar tid vite kvar dyret befinner seg.

Bonden kan definere dyret sitt beiteområde. Dersom dyret går ut av dette, vil det først motta ein lyd som så blir sterkere og sterkere etter kvart som dyret nærmer seg grensa. Tilslutt vil dyret få strømstøt. Når dette har skjedd eit par ganger, vil dyret trekke seg tilbake når lydsignalet blir sterkere. På denne måten kan ein halde dyret innanfor eit definert område. Det nesten magiske er at bonden kan utvide eller innskrenke beiteområdet via skjermen på mobiltelefonen.

Sjå følgende svært informative video på YouTube: 

Nils Arve bruker geitene til å halde skog og kratt i sjakk. For ca 5 år siden blei han med i dette som eit pilotprosjekt. Han får tilsendt forbedra utstyr etter kvart som det skjer utvikling. Han antyder ein pris pr. klave på ca. 2000,- til 3000,- kroner. I tillegg til dette ei årlig leige pr dyr.   Sjøl om dette blir nokre kroner, så sparer ein seg prisen på det fysiske gjerdet. I tillegg alt arbeid med å sette dette opp og vedlikehalde det.

Referent kan tenke seg at dersom ein kan utvikle klaven til å bli mykje mindre (noko som ikkje er usannsynlig), kan dette i framtida nyttast til rovdyrforvaltning. Altså feste ein liten klave på rovdyret og sette opp eit virtuelt gjerde slik at dyret ikkje forviller seg inn på områder med husdyr.

I følge Nils Arve er vi berre i begynnelsen av utviklinga av «Nofence».


Bilde: Nils Arve viser fram klaven til ve. og nærbilde av den til hø.:

Veldig interessant foredrag. Denne gangen ikkje belønna med den sedvanlige gesten sidan Nils Arve er ein av våre rotaryvener.

Etter mange spørsmål, takka president Greta av med å minne om neste møte med RYLA-deltaker, Erlend Lillevik,  og ønska så alle vel heim.

 

Referent

Jarle Svindseth



 
Velferdsteknologi ved komunalsjef Eli Otterlei

18. februar 2017

Velferdsteknologi ved komunalsjef Eli Otterlei

Les referat frå kommunalsjef Eli Otterlei sitt flotte og grundig foredrag om velferdsteknologi

Arne Hanssen orienterer om den planlagte Designvegen.

3. februar 2017

Arne Hanssen orienterer om den planlagte Designvegen.

Les referat frå Rotarymøte 1. februar der m.a. Arne Hanssen fortalte om korleis han tenker seg den planlagte Designvegen.

Les referat frå Rotarymøte 25. januar:

3. februar 2017

Les referat frå Rotarymøte 25. januar:

Rotarymøte 25. januar der bl. a. Kjell Welle fortalte oss litt om teknikken bak dei forskjellige radiosignala.

Bedriftsbesøk ved Peterson Emballasje

26. januar 2017

Bedriftsbesøk ved Peterson Emballasje

Les Olav sitt referat frå Sykkylven Rotaryklubb sitt besøk ved Peterson Fabrikker her i Sykkylven

Politimester Ingar Bøen:

14. januar 2017

Politimester Ingar Bøen:

Les politimester Ingar Bøen sitt foredrag i Sykkylven Rotaryklubb der han orienterte om den nye Politireforma.

Julemøte i Sykkylven Rotaryklubb 21.des. 2016.

22. desember 2016

Julemøte i Sykkylven Rotaryklubb 21.des. 2016.

Les om det tradisjonelle Julemøtet i Sykkylven Rotaryklubb.

Lars P. Riksheim Treindustrier

1. november 2016

Lars P. Riksheim Treindustrier

Les og sjå bilde frå Sykkylven Rotaryklubb sitt bedriftsbesøk 26. oktober 2016

Verda sin poliodag 24. oktober

23. oktober 2016

Verda sin poliodag 24. oktober

Sjå og les korleis SRK valgte å markere denne dagen.

Guvernørbesøk og to nye medlemmer i SRK

22. oktober 2016

Guvernørbesøk og to nye medlemmer i SRK

Stranda Rotaryklubb inviterte til intercitymøte på Stranda Hotel, onsdag 19. oktober, i høve guvernørbesøk frå D 2305.

Utvekslingsstudent frå Brasil til Sykkylven

22. august 2016

Utvekslingsstudent frå Brasil til Sykkylven

Les om Daniel Pedroso som har kome den lange vegen frå Brasil til Sykkylven

Sosiale medier

Møteinformasjon

Møtested: Bankbygget
Adresse: Pilgata 10, 6230 Sykkylven
Postnummer: 6230
Sted: Sykkylven
Land: NO
Møtedag: Onsdag
Møtetid: 19:00
Møtespråk: no

Place content here

Klubbens møter denne måneden

MØTEFRI pga TUR 26.MAI

2024-05-22 19:00 - 20:00

Rotarytur Nordøyane

2024-05-26 08:00 - 21:00

LINDA AURDAL WALES EGO-FOREDRAG

2024-05-29 19:00 - 20:00

Møtearkiv fra
før August 2022



rotary lenker

Nyheter fra
rotary INTERNATIONAL:

Loading RSS...

Nytt fra Rotary i Norge

District - Rotary RSS